Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Flest ressursar til dei som treng det mest
Innbyggjarar med størst behov for pleie- og omsorgstenester får òg tildelt flest timar. Mottakarar i gruppa med ”omfattande bistandsbehov” får i gjennomsnitt tildelt tolv gongar så mykje heimesjukepleie og praktisk bistand som dei i gruppa med ”lite bistandsbehov”.
I 2007-statistikken har IPLOS-registeret ( Individbasert PLeie - og OmsorgsStatistikk ) teke over som datagrunnlag for statistikk over mottakarar av pleie- og omsorgstenestene. Samanlikna med tidlegare år inneber dette eit brot i tidsseriane, og resultata for 2007 let seg ikkje samanlikne med tidlegare årgangar. IPLOS er framleis i ein innføringsfase, og dette tilseier at ein bør være varsam ved tolking av resultata som blir presenterte. |
Tala frå IPLOS-registeret viser at dei yngre heimetenestemottakarane får fleire tenester enn dei eldre. Dei yngste aldersgruppene vert i gjennomsnitt tildelt meir hjelp på alle nivå for bistandsbehov. Skilnaden er størst for motakarar med dei største behova, der den yngste aldersgruppa vert tildelt om lag fire gonger så mange timar i veka som dei eldste aldersgruppene. Dette heng saman med at tenestesamansetninga normalt er ulik for mottakarar i ulike aldersgrupper. Medan dei dårligaste eldre får tilbod om plass i institusjon, er normalt dette ikkje noko alternativ for dei yngre mottakarane. Behova deira vil ofte måtte møtast med omfattande innsats frå heimetenesta.
Om lag 160 600 personar mottok bistand i form av heimesjukepleie og praktisk bistand ved utgangen av 2007.
Bebuarar på langtidsopphald har omfattande bistandsbehov
Bebuarar på institusjonar har meir omfattande bistandsbehov enn tilsvarande for mottakarar av heimetenester. Delen av mottakarar med omfattande bistandsbehov er størst blant bebuarar på langtidsopphald. I følgje IPLOS-registeret var det ved utgangen av 2007 om lag 41 800 bebuarar på institusjonar for eldre og funksjonshemma. Talet inkluderer også bebuarar i barnebustadar og avlastningsinstitusjonar som ikkje tidlegare vart inkluderte i statistikkgrunnlaget. Talet på plassar i institusjon, som berre gjeld sjuke- og aldersheimar og bustadformer med heildøgns omsorg og pleie, låg på vel 41 000.
Fleire årsverk i pleie og omsorg
Det vart utført arbeid tilsvarande 118 200 årsverk i 2007. Dette er ein auke på om lag 5 000 årsverk samanlikna med 2006. Fråvere utgjorde om lag same del av årsverka som i dei siste åra, 11 prosent av årsverka.
Fleire resultat og meir informasjon om IPLOS kan du finne på: Individbasert statistikk for pleie- og omsorgstjenesten i kommunene (IPLOS)
Tabeller:
- Tabell 1 Plassar i institusjonar for eldre og funksjonshemma. 1996-2007. Førebelse tal 2007
- Tabell 2 Rom i institusjonar for eldre og funksjonshemma. 1991-2007. Førebelse tal 2007. Prosent (N=talet på rom)
- Tabell 3 Bebuarar i institusjonar for eldre og funksjonshemma, etter alder. 1992-2007
- Tabell 4 Bebuarar i bustader til pleie- og omsorgsformål, etter alder. 1994-2007
- Tabell 5 Mottakarar av heimetenester, etter alder. 1992-2007
- Tabell 6 Mottakarar av heimetenester, etter type teneste. 1992-2007
- Tabell 7 Mottakarar av heimesjukepleie, praktisk bistand og institusjonstenester. Bistandsbehov og type teneste. 2007
- Tabell 8 Gjennomsnittleg tal på timar i veka til heimesjukepleie og praktisk bistand ifølgje vedtak, direkte tid til bruker. Alder og bistandsbehov. 2007
- Tabell 9 årsverk og fråvere innanfor pleie- og omsorgstenestene. 1994-2007
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester, Årleg.
Kontakt
-
Dag Ragnvald Abrahamsen
E-post: dag.ragnvald.abrahamsen@ssb.no
tlf.: 40 90 25 46
-
Øyvind Isachsen Berntsen
E-post: oyvind.berntsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 28
-
Bjarne Tautra Hoen
E-post: bjarne.hoen@ssb.no
tlf.: 40 90 25 99
-
Linda M. Allertsen
E-post: linda.allertsen@ssb.no
tlf.: 97 09 97 51