Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Yngre brukarar av heimetenester får meir tenestetid enn dei eldre
Dei yngste aldersgruppene vert i gjennomsnitt tildelt meir hjelp på alle nivå for bistandsbehov. Skilnaden er størst for mottakarane som har dei største behova.
I 2007-statistikken har IPLOS-registeret ( Individbasert PLeie - og OmsorgsStatistikk ) teke over som datagrunnlag for statistikk over mottakarar av pleie- og omsorgstenestene. Samanlikna med tidlegare år inneber dette eit brot i tidsseriane, og resultata for 2007 og 2008 let seg ikkje utan vidare samanlikne med tidlegare årgangar. IPLOS er framleis i ein innføringsfase, og dette tilseier at ein bør vere varsam ved tolking av resultata som vert presenterte. Omfattande oppdateringar av registreringar i kommunanes eigne fagsystem inneber at endringar i talet på tenestemottakarar frå 2007 til 2008 kan vere overestimert i statistikken som vert presentert. |
Pleie- og omsorgstatistikken viser at talet på mottakarar av brukarstyrt personleg assistanse har auka dei siste åra. Samanlikna med 2005 har veksten i talet på brukarar vore størst for dei yngre aldersgruppene, medan eldre mottakarar har den prosentvis største veksten.
Meir heimetenester til yngre mottakarar
Tala frå IPLOS-registeret viser at dei yngre brukarane av heimetenester får vedtak om meir tenestetid enn dei eldre. Dei yngste aldersgruppene vert i gjennomsnitt tildelt meir hjelp på alle nivå for bistandsbehov. Skilnaden er størst for mottakarar med dei største behova. Aldersgruppa 18-49 år vert tildelt om lag fire gonger så mange timar i veka som dei eldste aldersgruppene. Dette heng saman med at tenestesamansetjinga normalt er ulik for mottakarar i ulike aldersgrupper. Medan dei dårlegaste eldre får tilbod om plass i institusjon, er normalt dette ikkje noko alternativ for dei yngre mottakarane. Behova deira vil ofte måtte møtast med omfattande innsats frå heimetenesta.
I følgje IPLOS-registeret mottok om lag 167 400 personar bistand i form av heimesjukepleie og praktisk bistand ved utgangen av 2008.
Bebuarar på langtidsopphald har omfattande bistandsbehov
Bebuarar på institusjonar har meir omfattande bistandsbehov enn mottakarar av heimetenester. Delen av mottakarar med omfattande bistandsbehov er størst blant bebuarar på langtidsopphald. Ifølgje resultat frå IPLOS-registeret var det ved utgangen av 2008 om lag 42 100 bebuarar på institusjonar for eldre og funksjonshemma. Talet inkluderer også bebuarar i barnebustader og avlastningsinstitusjonar, som tidlegare ikkje var inkluderte i statistikkgrunnlaget. Talet på plassar i institusjon, som berre gjeld dei 1 000 sjuke- og aldersheimane, låg på vel 41 500. Privat sektor står for om lag 10 prosent av alle plassane i institusjonar i pleie og omsorg. Denne delen har vore tilnærma konstant dei siste åra.
Fleire årsverk i pleie og omsorg
Det vart utført arbeid tilsvarande 121 209 årsverk i 2008. Dette er ein auke på om lag 2,6 prosent samanlikna med 2007. Samstundes auka brutto driftsutgifter med 12 prosent, til 71 milliardar kroner.
Fråvere utgjorde om lag 11 prosent av årsverka i 2008. Dette talet har vore stabilt dei siste åra.
Tabeller:
- Tabell 1 Institusjonar for eldre og funksjonshemma. 1996-2008
- Tabell 2 Bebuarar i institusjonar for eldre og funksjonshemma, etter alder. 1992-2008
- Tabell 3 Bebuarar i bustader til pleie- og omsorgsformål, etter alder. 1994-2008
- Tabell 4 Mottakarar av heimetenester, etter alder. 1992-2008
- Tabell 5 Mottakarar av heimetenester, etter type teneste. 1992-2008
- Tabell 6 Mottakarar av pleie- og omsorgstenester. Bistandsbehov og type teneste. 2008*
- Tabell 7 Gjennomsnittleg tal på timar i veka til heimesjukepleie og praktisk bistand ifølgje vedtak, direkte tid til bruker. Alder og bistandsbehov. 2008*
- Tabell 8 Talet på mottakarar av avlastning, støttekontakt, omsorgslønn og brukarstyrt personleg assistanse. Alder. 2002-2008
- Tabell 9 årsverk og fråvere innanfor pleie- og omsorgstenestene. 1994-2008
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester, Årleg.
Kontakt
-
Dag Ragnvald Abrahamsen
E-post: dag.ragnvald.abrahamsen@ssb.no
tlf.: 40 90 25 46
-
Øyvind Isachsen Berntsen
E-post: oyvind.berntsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 28
-
Bjarne Tautra Hoen
E-post: bjarne.hoen@ssb.no
tlf.: 40 90 25 99
-
Linda M. Allertsen
E-post: linda.allertsen@ssb.no
tlf.: 97 09 97 51