Endringar i skjemaet

Spørsmålsteksten er endra for spørsmål 2.3 og 2.4 som gjeld skattesatsar. Det er ingen endringar i innhald for desse spørsmåla.

Det er kome eit nytt spørsmål 2.6 om kontorjustering. Tidlegare spørsmål 2.6 til 2.10 får no nummer 2.7 til 2.11.

Tidlegare spørsmål 3.2 om eigedomsskatten for ein einebustad på 120 kvm, går ut av skjemaet frå og med KOSTRA-innsendinga 2026.

Rettleiinga til spørsmål i seksjon 2 der vi ber dykk gje opplysningar om eigedomsskatteordninga som er vedteken for kommunen for 2026

Spørsmål 2.2 Kva for område er det skrive ut eigedomsskatt for i 2026?

Skjemaet gjeld for alle dei ulike områda kommunen kan skrive ut eigedomsskatt på ifølge § 3 a) - g) i Eigedomsskattelova. Kommunen merkar av for det utskrivingsalternativet som kommunestyret har vedteke.

Spørsmål 2.3 Kva er skattesatsen i kommunen?

Eigedomsskattelova §§ 11 til 13  gjeld reglar om eigedomsskattesatsar. Utgangspunktet er at kommunestyret fastset ein skattesats som gjeld for alle eigedomar som er skattepliktige, og her skal ein oppgje generell skattesats for 2026. Dersom bustader og fritidsbustader har ein skattesats som er forskjellig frå dei andre eigedomane, skal ein oppgje satsen for bustader og fritidsbustader under spørsmål 2.4.

Spørsmål 2.4 Kva er skattesatsen for bustader og fritidsbustader?

Dersom bustader og fritidsbustader har ein skattesats som er forskjellig frå dei andre eigedomane, skal ein oppgje satsen for bustader og fritidsbustader her.

Spørsmål 2.5 Frå kva år hadde kommunen nye takstar som følgje av sist utførte alminnelege taksering?

Her ber vi dykk svare på frå kva år kommunen hadde nye takstar som følgje av sist utførte alminnelege taksering av alle eigedomar med skatteplikt i kommunen.

NYTT Spørsmål 2.6 Har kommunestyret vedteke at gjeldande takstar skal kontorjusterast i 2026?

Her spør vi om kommunen for år 2026 har vedteke å kontorjustere gjeldande takstar frå den siste alminnelege takseringa kommunen har utført. Og om ja, kva for prosent er det vedteke å auke takstane med i år?

Spørsmål 2.7 Vert det gjeve botnfrådrag for bustader og fritidsbustader i kommunen i 2026?

Kommunestyret kan kvart år velgje å gje eit botnfrådrag for bustader/fritidsbustader, jf. Eigedomsskattelova § 11 andre ledd. Botnfrådraget kjem til frådrag i eigedomsskattetaksten etter at taksten er redusert med dei obligatoriske 30 %, jf. Eigedomsskattelova § 8 A-2. Botnfrådrag kan innførast/aukast/senkast/fjernast frå det eine året til det andre.

Spørsmål 2.8 Gjev kommunen fritak frå eigedomsskatt for nye bustader?

Her ber vi dykk svare på om kommunestyret gjev fritak frå eigedomsskatt for nye bustader. Ein kan gje fritak i opptil 20 år frå den tida bygningen vart ferdig, jf. Eigedomsskattelova § 7 c.

Spørsmål 2.9 Gjev kommunen fritak frå eigedomsskatt for bygningar med historisk verde?

Her ber vi dykk svare på om kommunestyret gjev fritak frå eigedomsskatt for historiske bygningar som til dømes er freda, jf. Eigedomsskattelova § 7 b.

Spørsmål 2.10 Gjev kommunen fritak frå eigedomsskatt for fritidsbustader?

Her ber vi dykk svare på om kommunestyret gjev fritak frå eigedomsskatt for fritidsbustader, jf. Eigedomsskattelova § 7 e.

Spørsmål 2.11 Nyttar kommunen Skatteetaten sitt formuesgrunnlag ved utskriving av eigedomsskatt på bustader?

I staden for kommunal taksering av bustader, kan kommunen nytte seg av Skatteetatens formuesgrunnlag (bustadverdet) ved verdsetjing av bustader, jf. Eigedomsskattelova § 8 C-1.

Rettleiing til spørsmål i seksjon 3 der vi ber dykk gje opplysningar som gjeld eigedomsskatten for 2025

Merk at tidlegare spørsmål 3.2 om eigedomsskatten for ein einebustad på 120 kvm, går ut av skjemaet frå og med KOSTRA-innsendinga 2026.

Spørsmål 3.1 Ver venleg å føre opp gjennomsnittleg årleg utskriven eigedomsskatt for bustader i 2025.

Vi ber dykk føre opp eit gjennomsnittstal berekna som summen av årleg utskriven eigedomsskatt for bustader i kommunen delt på alle bustader som det er skrive ut eigedomsskatt for. Nærare spesifikasjon:

  • Vi ber om gjennomsnittleg årleg utskriven eigedomsskatt for alle bustader i kommunen for i fjor. Det vil seie at i KOSTRA skjema 33 for eigedomsskatt som vert sendt inn våren 2026, ber vi om gjennomsnittleg årleg utskriven eigedomsskatt for 2025. Grunnlaget for rapporteringa er bustadene som vart førte opp på den eigedomsskattelista som blei lagt ut til offentleg ettersyn før utskrivingsfristen i 2025.
  • Alle bustader som det vert skrive ut eigedomsskatt for, skal teljast med ved gjennomsnittsberekninga, også bustader med meir enn éin bustadeining. Det vil seie at kvar einskilt bustadeining i burettslag, andre ikkje-seksjonerte bygg, einebustader med sokkelleilegheit osv., tel med i talet på bustadeiningar som samla utskriven eigedomsskatt i 2025 skal delast på.
  • Bustadeiningar der berekna eigedomsskatt er lågare enn grensa på 300 kr for å skrive ut skatten (jamfør Eigedomsskattelova § 14, fjerde ledd), skal teljast med i talet på bustadeiningar som er med i gjennomsnittsberekninga.
  • Dersom tomt, garasjar mv. er med i taksten for ein bustadeigedom, tas det med i berekninga av utskriven skatt for bustaden.
  • Våningshus på landbrukseigedom tas med. Landbrukseigedomar består gjerne av 2-3-bustader, garasje, seter, naust, koier/hytter mv. Taksten er da ofte samla for alt som det skal skattast av, og skatten er samla skatt på alle bygg og tomt. Her skal alle bustadeiningar som inngår i taksten, telja med ved gjennomsnittsberekninga.
  • Fritidsbustader teljast ikkje med. For kommunar som ikkje har merka bustadene som fritidsbustader, så må ein halde bustader i typiske hytteområde utanfor gjennomsnittsberekninga.
  • Bustader med fritak for eigedomsskatt teljast ikkje med, berre bustader som det er skrive ut eigedomsskatt for i 2025. Vi tel likevel med dei bustadene som har fått berekna eigedomsskatt som er lågare enn grensa på 300 kr for å skrive ut skatten.