6 prosent meir innbetalt i skatt i 1. kvartal
Publisert:
I løpet av dei tre fyrste månadene i 2018 har det vorte innbetalt 249 milliardar kroner i skatt. Dette svarar til ein auke på nærare 6 prosent samanlikna med den same perioden i fjor.
- Tala er henta frå
- Skatterekneskap
- Artikkelen er del av serien
- Skatterekneskap (arkiv)
Sterk auke i samla innbetalingar
Skatterekneskapen dei samla skatteinnbetalingane så langt i år har auka med 13 milliardar samanlikna med den same perioden i 2017. Av dei totalt 249 milliardane som har vorte innbetalte, har dei personlege skattytarane betalt 202 milliardar. Av dette har nesten halvparten gått til medlemspremiar og arbeidsgjevaravgift til Folketrygda. Dei upersonlege skattytarane på si side har betalt inn 32 milliardar.
56 milliardar til kommuneforvaltninga
Innbetalingane til kommuneforvaltninga har auka med 2 milliardar kroner sidan i fjor og utgjer ved utgangen av mars 56 milliardar. Alle fylka utanom Vest-Agder har så langt opplevd ein auke i innbetalingane samanlikna med i fjor.
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - mars akkumulert. Prosentvis endring
2017-2018 | 2016-2017 | |
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen | 3.5 | 3.4 |
Finnmark Finnmárku | 2.6 | 5.5 |
Troms Romsa | 5.0 | 6.1 |
Nordland | 5.7 | 4.5 |
Trøndelag | 2.6 | 3.5 |
Møre og Romsdal | 3.9 | 1.7 |
Sogn og Fjordane | 6.6 | 1.3 |
Hordaland | 4.3 | 2.9 |
Rogaland | 1.1 | -4.2 |
Vest-Agder | -2.5 | -2.0 |
Aust-Agder | 4.1 | -0.2 |
Telemark | 3.7 | 5.8 |
Vestfold | 2.4 | 3.3 |
Buskerud | 4.2 | 3.6 |
Oppland | 3.2 | 4.0 |
Hedmark | 2.8 | 3.6 |
Oslo | 4.9 | 6.4 |
Akershus | 3.3 | 6.0 |
Østfold | 4.1 | 4.1 |
Faktaside
Kontakt
-
Eivind Andreas Sirnæs Egge
-
Aina Johansen
-
Christopher Okazaki Hansen
-
Bjørn Gran-Henriksen
-
SSBs informasjonstjeneste