Tal frå den kommunale KOSTRA-rapporteringa viser at det i 2023 blei tillate omdisponert 6 700 dekar jord til andre føremål enn landbruk, fordelt på 2 700 dekar Dyrka jord er areal av fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. og 4 000 dekar Dyrkbar jord er areal som ved oppdyrking kan setjast i slik stand at det vil oppfylle krava til lett-brukt eller mindre lettbrukt fulldyrka jord, og som oppfyller krava til klima og jordkvalitet for plantedyrking. Av det tillate omdisponerte arealet blei 89 prosent regulert etter plan- og bygningslova, medan 11 prosent av arealet blei omdisponert etter jordlova. Areal omdisponert til skogplanting etter jordlova inngår ikkje i tala ovanfor, og i 2023 blei det omdisponert 236 dekar dyrka og dyrkbar jord til skogplanting etter jordlova. Tilsvarande tal for 2022 var 136 dekar.

Figur 1. Tillate omdisponert dyrka og dyrkbar jord til andre føremål enn landbruk. 2000-2023. Dekar

Noreg har lite jordressursar samanlikna med mange andre land. Berre tre prosent av landarealet er dyrka jord, og berre ein tredjedel av dette arealet er eigna for å dyrke matkorn. Den aller beste jorda i Noreg ligg i stor grad nær byar og tettstader der det også er stort utbyggingspress. Sidan andre verdskrigen er det i Noreg omdisponert cirka 1,2 millionar dekar dyrka og dyrkbar jord. Ein stor del av den jorda har vore eigna til matkornproduksjon.

Det nasjonale jordvernmålet for åra 2004-2015 var at årleg omdisponering av dyrka jord skulle vere under 6 000 dekar. I 2013 blei dette målet nådd med omdisponering av 5 600 dekar dyrka jord, men auka igjen til 6 300 dekar både i 2015 og 2016. Jordvernmålet frå 2016 var å avgrense omdisponeringa til maksimalt 4 000 dekar per år innan 2020. Kvart år sidan 2016, med unnatak av 2020, har det blitt omdisponert mindre enn 4 000 dekar dyrka jord. I 2020 blei det omdisponert 4 600 dekar dyrka jord, medan det i 2021 og 2022 blei omdisponert høvesvis 3 000 og 3 500 dekar dyrka jord.

Stortinget vedtok i juni 2021 eit nytt nasjonalt jordvernmål, som seier at årleg omdisponering av dyrka jord ikkje skal overstiga 3 000 dekar, og at målet skal vera nådd innan 2025. Det inneber at kommunane må føra ein streng jordvernspolitikk i arealforvaltninga si. Det er viktig at kommunane følgjer opp den nasjonale jordvernsstrategien, og at omsynet til utbygging av industri, infrastruktur og bustader blir godt balansert mot det langsiktige omsynet til matproduksjonen. Kommunane må bruka kunnskapen sin om lokale og regionale forhold til å prioritera og ta vare på jordvernet i arealplanlegginga, i tråd med politikken til regjeringa. I samband med jordbruksoppgjeret i 2023 blei den nasjonale jordvernstrategien oppdatert med desse nye tiltaka:

  • Utvikle eit sentralt register for viktige jordbruksareal av nasjonal interesse
  • Etablere eit nytt kartlag for dyrkbar jord
  • Utvikle eit jordbruksarealrekneskap som kan bli ein dela av eit nasjonalt arealrekneskap
  • Greie ut ein heimel i jordlova for vern av viktige jordbruksareal
  • Etablere ein systematisk registrering av faktisk nedbygging av jordbruksareal
  • Redusere landbruket sin eigen nedbygging av jordbruksareal

Samstundes blei det vedteke eit nasjonalt mål der årleg omdisponering av dyrka jord ikkje skal vere meir enn 2000 dekar, og at målet skal være nådd innan 2030.

For omdisponering av dyrkbar jord viser tala store variasjonar frå år til år. Det registrerte arealet var nede i 2 200 dekar i 2000, men auka deretter til ein topp på 10 200 dekar i 2004. I 2023 blei 4 000 dekar dyrkbar jord omdisponert til andre føremål enn landbruk, 300 dekar mindre enn i 2022.

Ser ein på kva føremål det dyrka og dyrkbare arealet blir omdisponert til, blei om lag ein tredjepart omdisponert til næringsverksemd og offentleg og privat tenesteyting i 2023. Knapt 28 prosent blei omdisponert til samferdsel, medan i underkant av 20 prosent blei omdisponert til bustadbygg.

Figur 2. Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord til ulike føremål. 2023. Prosent

¹ Omfattar sports- idretts- og grøne områder og anna bygg og anlegg.

Rogaland toppa fylkesstatistikken med 500 dekar dyrka jord planlagt omdisponert i 2023, etterfølgt av Oslo og Viken og Trøndelag, båe med 400 dekar. Kommunetala viser at Ullensaker, Gjesdal, Sola og Sunnfjord hadde mest omdisponering av dyrka jord til andre føremål enn jordbruk med om lag 90 dekar kvar.

Figur 3. Tillate omdisponering av dyrka jord til andre føremål enn landbruk. 2023. Dekar

Kartbasert undersøking om nedbygging av jordbruksareal

Ovanfor er det skrive om areal som er vedtatt omdisponert. Det er ikkje det same som at arealet er nedbygd. Det kan gå mange år før arealet faktisk blir nedbygd, og det kan vere at arealet ikkje blir nedbygd i det heile. For å forsøke å finne ut av kor mykje areal som faktisk vert nedbygd, gjorde SSB i 2019 ein analyse av faktisk nedbygd jordbruksareal på landbrukseigedomar, med spesielt fokus på nedbygging som kan knytast til jordbruksproduksjon og som kan definerast som landbruket si eiga nedbygging. Resultat frå analysen for 2004-2015 er presentert i rapporten «Landbrukets egen nedbygging av jordbruksareal» (SSB Rapporter 2019/15). Av totalt 97 600 dekar jordbruksareal som blei nedbygd, var 47 800 dekar på landbrukseigedomar per 2015. Resten var på eigedomar som er fråskilt frå landbrukseigedom, eller eigedomar med mindre enn 5 dekar jordbruksareal og mindre enn 25 dekar produktiv skog.

Det nedbygde jordbruksarealet er fordelt på ulike føremål. Av totalt 47 800 dekar nedbygd jordbruksareal på landbrukseigedomar, gjekk mesteparten, 18 600 dekar, til «Bebygd område for landbruk». Føremålet utgjorde altså 39 prosent av totalen i perioden 2004-2015. Omlag 11 300 dekar av dette var bygd ned av bygningar, inkludert kringliggjande område rundt bygningen som ikkje lenger kan bli drive som jordbruksareal. Nedbygd område utan bygningar utgjorde 7 200 dekar og omfattar gardstun som blir utvida til plen, parkeringsplassar, lagringsplass for maskinar etc.

SSB gjennomførte i 2019 og 2020 eit nytt prosjekt med mål om å finne fram til ein enkel, men treffsikker metode for utrekning av årleg nedbygd jordbruksareal så raskt som mogleg etter at nedbygginga er skjedd. Metoden tar utgangspunkt i bygningsinformasjon frå matrikkelen og bygningsomriss frå Felles Kartdatabase. Resultata frå utrekningane er vist i tabellen under.

Tabell 1. Nedbygging av jordbruksareal. 2016-2019. Dekar
Tabell 1. Nedbygging av jordbruksareal. 2016-2019. Dekar
ÅrNedbygd jordbruksareal
20169 800
20177 800
20187 300
2019¹7 100
Standardteikn i tabellar

Metoden bruker opplysningar frå matrikkelen i kombinasjon med arealressurskartet AR5, for å finne bygningar oppført på jordbruksareal. Med utgangspunkt i grunnflata til bygningen blir tomteareal utrekna. I tillegg blir det lagt til areal til fellesformål, som veg, idrettsanlegg og leikeplassar. Det «utrekna tomtearealet» utgjorde i 2016 om lag 60 prosent av nedbygginga på landsbasis, medan vegar, idrettsanlegg m.m. samla utgjorde 40 prosent.

Bygningstypene i matrikkelen gjer det mogleg å skilje mellom nedbygging til ulike føremål. I figur 3 er det utrekna tomtearealet fordelt på føremåla bustadbygg, fritidshus, næring (offentleg og privat tenesteyting) og landbruk. Areal brukt til landbruk og bustadbygg utgjer dei største kategoriane med høvesvis 27 og 24 prosent av totalt utrekna areal.

I rapporten Landbrukets egen nedbygging av jordbruksareal (SSB Rapporter 2019/15) for åra 2004- 2015 er årleg nedbygd jordbruksareal utrekna til om lag 8 200 dekar, mens den årlege nedbygginga for åra 2016-2019 er utrekna til om lag 8 200 dekar i notatet Nedbygging av jordbruksareal i 2016-2019 basert på bygningsomriss (SSB Notater 2021/01).

For perioden 2004-2015 bygde landbruket sjølv ned i gjennomsnitt om lag 1 750 dekar jordbruksareal årleg, medan det for perioden 2016-2019 er berekna at landbrukets eigen nedbygging utgjorde om lag 2 000 dekar per år.

37 prosent mindre nydyrking i 2023 enn i 2022

Dei årlege tala for Nydyrking er fulldyrking og overflatedyrking av jord. Med fulldyrking meiner ein rydding og bryting til vanleg pløyedjupn, slik at arealet kan nyttast til åkervekstar eller til eng og beite som kan fornyast ved pløgsel. Med overflatedyrking meiner ein rydding og sletting av overflata, slik at maskinell hausting er mogleg. blir henta frå den kommunale KOSTRA-rapporteringa. Nydyrking blir i denne samanheng definert som godkjent areal til fulldyrking og overflatedyrking av jord. Rydding til innmarksbeite inngår ikkje i rapporteringa.

Figur 4. Godkjent areal til nydyrking. 2000-2023. Dekar

Nydyrkinga skjer mellom anna i husdyrområde der krav om spreieareal for hus­dyrgjødsel er ei av drivkreftene for å leggje ny mark under plogen. Krav til beitetid og grovfôropptak på beite kan også bidra til behov for meir beiteareal. Storfe i båsfjøs skal sikrast moglegheit til fri bevegelse og mosjon på beite i minimum 12 eller 16 veker i løpet av sommar­halvåret. Frå 1. januar 2014 har det også vore krav om at storfe i lausdrift skal ha høve til mosjon og fri bevegelse ute på beite i minst 8 veker i sommarhalvåret.

Drenering er viktig

Godt drenert jordbruksareal er ein føresetnad for å auke produktiviteten og matproduksjonen. Det er anslått at meir enn halvparten av jordbruksarealet har behov for dreneringstiltak.  Klimaendringar med meir nedbør fører til meir vasshaldig jord. Grøfting av jordbruksareal er difor viktig for å drenere bort vatn for å få betre avlingar, mindre jordpakking, betre bereevne og for å redusere risikoen for erosjon. Opne grøfter er også viktige element i kulturlandskapet og er leveområde for mange dyr og planter. God drenert jord slepp ut mindre lystgass enn vasshaldig jord. Som regel blir alt nydyrka areal grøfta der det er behov for grøfting.

Nye tilskot til drenering frå 2013

Etter mange år utan tilskot, fastsette Landbruks- og matdepartementet ei ny forskrift om tilskot til drenering av jordbruksareal i 2013. Føremålet med forskrifta var å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksareal ved å gi tilskot til drenering av dårleg drenert jord med potensial for auka jordbruksproduksjon. Det var òg eit viktig mål å redusere risikoen for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag. Forskrifta blei endra frå 2016 og omfattar no også planerte areal som ikkje tidlegare har vore grøfta. For anna areal gjeld framleis kravet om at arealet tidlegare skal vere grøfta. Det blir gitt tilskot til 5 ulike dreneringstiltak: Systematisk grøfting, profilering, omgraving, avskjeringsgrøfting og anna (usystematisk) grøfting.

Figur 5. Areal med innvilga tilskot til drenering. 2013-2022. Dekar og meter

Frå og med 1. juli 2017 blei satsen sett opp frå 1 000 kroner til 2 000 kroner per dekar for systematisk grøfting, profilering og omgraving. Satsen for anna grøfting blei dobla til 30 kroner per meter grøft med avgrensing til 2 000 kroner per dekar.  Denne tilskotsauken førte til meir drenering og ein auke i søknadstala i 2017.  I 2023 auka tilskotet til 4 000 kroner per dekar. Ved anna grøfting kan det bli gitt tilskot på inntil 61 kr per meter grøft.

Areal med systematisk grøfting, profilering og omgraving auka frå 25 700 til 55 000 dekar frå 2016 til 2017, og areal med avskjeringsgrøfting og anna grøfting auka frå 489 000 til 725 000 meter. Etter 2017 har areal med systematisk grøfting, profilering og omgraving gått ned til 26 600 dekar i 2021, for så å auke til 28 400 dekar i 2022 og 43 400 dekar i 2023. Areal med avskjeringsgrøfting og anna grøfting har variert etter 2017 og var på det høgaste med 874 000 meter i 2020. I 2023 blei det gitt tilskot til 871 500 meter avskjeringsgrøft og anna grøfting. Desse tala gjeld areal det er søkt og innvilga tilskot til. Ein har ikkje tal for grøfta areal det ikkje er søkt og innvilga tilskot til.

Innvilga tilskot auka frå 33 til 115 millionar kroner frå 2016 til 2017, samstundes auka talet på tiltak frå 2 000 til 3 200. I 2023 blei det innvilga 202 millionar kroner til drenering, ein auke på 113 millionar frå året før.

Det blir gitt tilskot til drenering i alle fylka, og det er sett av mest middel til drenering på jord for matproduksjon. Det er vekstar som korn, potet og grønsaker som er høgast prioritert. Det blir drenert mykje jordbruksareal i kornfylka kring Oslofjorden og i Trøndelag, men også i fylka Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland.

Figur 6. Areal som har fått tilskot til ulike dreneringstiltak i perioden 2013-2023. Fylke. Dekar

Figur 7. Lengde på avskjeringsgrøfter og anna grøfting med tilskot i perioden 2013-2023. Fylke. Meter

Sidan 2005 har kommunane rapportert tillate omdisponering av dyrka og dyrkbar jord gjennom KOSTRA. KOSTRA er eit nasjonalt rapporteringssystem som gir informasjon om kommunal verksemd. Fram til 2005 blei kommune­tal for omdisponering samla inn av Landbruksdirektoratet via statsforvalterens landbruksavdeling. Frå og med 2005 er omdisponering av dyrka og dyrkbar jord rapportert gjennom KOSTRA.

Systematisk grøfting: Drenering med ein bestemt intensitet (avstand mellom grøftene) som dekkjer eit gitt areal, tilstrekkeleg til å sikre ein tilfredsstillande dreneringstilstand på arealet.

Profilering: Overflateforming der eit system av opne grøfter med møneforma teigar mellom, sikrar overflateavrenning på arealet.

Omgraving: Omsnuing av jordprofilet på myrareal, slik at torvjord blir lagd under og eit lag av undergrunnsjord blir lagd på toppen. Omgraving skal drenere arealet og betre bereevna.

Avskjeringsgrøfting: Grøfting som hindrar at vassig frå høgareliggjande areal kjem inn på jordbruksarealet.

Anna grøfting: Usystematisk eller tilfeldig grøfting/drenering for å tørrleggje mindre parti på jordet.