Innanfor jordbruket er det særleg veksthusnæringa som har stort behov for energi til oppvarming og til vekstlys. I tillegg til å vere ein stor utgiftspost, vil bruk av energi frå fossilt brensel gi utslepp av klimagassar til luft. Landbruket har ei stor bygningsmasse med store tak. Desse kan nyttast til solenergiproduksjon. Biogass eller energi frå gjødsellager, skogsavfall mv. kan òg nyttast i større utstrekning enn i dag.
Energirekneskapen for 2023 viser at landbruk og fiske brukte om lag 7 300 GWh. Dette utgjer 1,6 prosent av den totale energibruken i næringar eller 1,4 prosent av den totale energibruken i Noreg.
Bruk av energiberarar i husdyr- og planteproduksjon
Dei viktigaste energiberarane i husdyrproduksjon og planteproduksjon på friland er elektrisk kraft og diesel. Elektrisitet blir brukt til mange føremål i husdyrproduksjon, som til dømes oppvarming av fjøs, fôrhandtering, kjøling av mjølketank, fjøsvifte med meir. I planteproduksjon er korntørker og kjølelager av dei største forbrukarane av elektrisitet.
SSB samlar inn data om energibruk i jordbruket med nokre års mellomrom. Frå 2001 til 2021 gjekk bruken av elektrisitet i jordbruket opp med 8 prosent¹, til 1,3 milliardar² kWh. Veksthus er ikkje medrekna. Jordbruksproduksjonen var om lag den same, samstundes med at talet på jordbruksbedrifter er sterkt redusert. Ser ein på forbruket per jordbruksbedrift i 2001 og 2021, auka straumforbruket. Rekna per bedrift blei det i 2021 brukt 40 000 kWh³. Tilsvarande tal for 2001 var 22 000 kWh per bedrift. Skilnaden i forbruket mellom regionane har samanheng med både type produksjon og storleik på bedriftene.
¹ Korrigert frå 6 til 8 prosent den 21. november 2024 kl. 11.15.
² Korrigert frå 1,83 til 1,3 milliardar kWh den 21. november 2024 kl. 11.15.
³ Korrigert frå 47 200 til 40 000 kWh den 21. november 2024 kl. 11.15.
Diesel er ein viktig innsatsfaktor for drift av maskinar og tørkeanlegg i jordbruket. I 2021 blei det i alt brukt 148 millionar liter, og det er om lag 13 prosent meir enn i 2001.
Forbruket av diesel per jordbruksbedrift var 4 300 liter i 2022, og det er ein dobling sidan 2001. Ser ein på forbruket per bedrift i perioden, har dieselforbruket auka med meir enn 2 000 liter. Auka dieselforbruk per jordbruksbedrift kan skuldast større areal i drift, meir leigejord og større maskinar.
Bruk av energiberarar i veksthusproduksjon
Produksjon i veksthus er den driftsforma innanfor jordbruket som treng mest energi. Landbruksundersøkinga for 2018 viste at det totalt blei brukt 395 000 MWh elektrisitet i 2018. Elektrisitet til oppvarming har minka alle dei undersøkte åra. I høve til 2009 blei det brukt 21 prosent mindre elektrisitet i 2018.
Over tid har det skjedd store endringar i bruk av ulike energiberarar i veksthusnæringa. Fyringsolje og kol var tidlegare viktige oppvarmingskjelder, men har over tid blitt erstatta av andre meir miljøvennlege energiberarar som bioenergi og gass.