Artikkelen byggjer på statistikken «Utslipp til luft». Utsleppa gjeld jordbrukssektoren som er biologisk utslepp frå husdyr- og planteproduksjon. Dei fossile utsleppa frå oppvarming og maskinbruk vert ikkje bokført i jordbrukssektoren, men er teke med i artikkelen i avsnittet om utslepp av karbondioksid. Utslepp frå oppvarming er medrekna i sektoren «Oppvarming i andre næringer og husholdninger» og utslepp frå traktorar og motorreiskapar er bokført under «Luftfart, sjøfart, anleggsmaskinar mm». Utslepp frå transport av produkt, innsatsfaktorar til og frå jordbruksverksemda, og frå produksjon av innsatsfaktorar til jordbruket produsert utanfor jordbruket, er heller ikkje teke med. Utslepp som følgje av endringar i karbonbalansen i jordsmonnet er ikkje med i tala som blir presenterte elles i artikkelen. Utslepp er berekna på bakgrunn av aktivitetsdata som beskriver produksjonen, til dømes tal på husdyr i Noreg. Fleire detaljar om korleis klimagassutslepp frå jordbruk blir rekna ut, finst i rapporten (miljodirektoratet.no) Noreg leverer til FNs klimakonvensjon kvart år.

Jordbruket er den viktigaste kjelda til utslepp av metan (CH4), lystgass (N2O) og ammoniakk (NH3). I 2023 kom høvesvis 59 og 76 prosent av klimagassane metan og lystgass frå jordbruket. Utslepp av ammoniakk (NH3) kan ha forsurande verknader gjennom ulike prosessar i jord og vatn. Ammoniakk er òg ei kjelde til lystgass gjennom nedfall og lekkasje. I 2023 sto jordbruket for 96 prosent av ammoniakkutsleppa i Noreg. Tala i denne artikkelen er henta frå statistikken utslipp til luft. 

Figur 1. Fordelinga av klimagassutslepp (CO₂-ekvivalentar) frå jordbruket¹ 2023

¹ inneheld utsleppa som regnskapsførast i jordbrukssektoren. Karbondioksid (CO₂) frå dei fossile utsleppa i energibruk er ikkje medrekna.

Metan er den største klimagassen

Over 60 prosent av dei totale klimagassutsleppa frå jordbruk er metan, og i 2023 var nær 54 prosent av utsleppa frå enterisk metan (vomgjæring). Drøvtyggjarar, som storfe, sau og geit, produserer mest metan, medan andre husdyr, som gris og fjørfe, produserer mindre mengder av denne gassen. I 2023 var utsleppet av enterisk metan 2 400 kilotonn CO2-ekvivalent er ei felles måleeining for klimagassane. Dei forskjellige klimagassane reknast om til denne eininga slik at gassane kan summerast til eit totalutslepp. <br> Ein CO2- ekvivalent svarer til den effekten eitt tonn CO2 har på den globale oppvarminga over 100 år. Dei andre klimagassane har eit sterkare oppvarmingspotensial (GWP-verdi) enn CO2, og utslepp av desse gassane reknast difor om til CO2-ekvivalentar i samband med deira GWP-verdiar for å kunne summere utsleppa på tvers av gassar.  . Av dette kom 74 prosent frå storfé og 19 prosent frå sau. Utsleppa samla i 2023 av enterisk metan var 8 prosent lågare enn i 1990 og 2 prosent lågare enn i 2022. Forklaringa her er nedgang i talet på storfé i perioden.

Figur 2. Utslepp av metan (CH4), etter kjelde. 1990-2023. Kilotonn CO₂-ekvivalentar

Metan kjem òg frå husdyrgjødsel i fjøs og lager, og i 2023 kom nær 9 prosent av klimagassutsleppa i jordbruket frå denne kjelda.

Sjølv om det totale talet på storfé har gått ned i perioden har intensiteten i storféhaldet auka, noko som gir høgare gjødselfaktor og høgare utslepp av metan. Utsleppet var difor 4 prosent høgare i 2023 enn i 1990. Men mellom 2022 og 2023 var det ein nedgang på om lag 2 prosent. Dei samla utsleppa av metan i Noreg har gått ned i perioden frå 1990 med 30 prosent. Dei reduserte utsleppa for kjelder utanom jordbruk skuldast at deponering av biologisk avfall vart ulovleg frå 2009. Dette ga lågare utslepp av metan frå avfallsdeponi i denne perioden.

Lystgass frå jordbruk

Dei viktigaste kjeldene til lystgassutslepp i jordbruket er spreiing av gjødsel og dyrking av organisk jord (myr). For gjødsel kjem utsleppa både frå spreiing av mineralgjødsel, lagring og spreiing av husdyrgjødsel og frå dyr på beite. Andre lystgasskjelder er rest­avlingar og ammoniakk som går over til lystgass gjennom nedfall og avrenning. Jordbruket stod i 2023 for om lag 76 prosent av dei estimerte lystgassutsleppa i Noreg med 1600 kilotonn CO2- ekvivalentar.

Store utslepp av lystgass skjer som følgje av kultivering av myrområde (histosoler). Årsaka er den auka Mineralisering er prosessen kor organiske stoff i jorda blir brotne ned av mikroorganismar til enklare, uorganiske stoff som planter kan ta opp og bruke som næring. av gammalt nitrogenrikt organisk materiale (IPCC 2006). Utsleppet av N2O blir rekna ut frå arealet av oppdyrka organisk jord i Noreg og skil mellom dyrka mark og beitemark. Faktorane er i prinsippet avhengig av nitrogenkvaliteten på myrjorda, oppdyrkings­praksis og klimatiske forhold. Utsleppa har halde seg stabile sidan 1990 og blei i 2023 berekna til 352 kilotonn CO2-ekvivalentar. I 2023 var 8 prosent av klimagassutsleppa i jordbrukssektoren frå denne kjelda.

Lystgassutslepp frå spreiing av mineralgjødsel er rekna ut frå salstal for gjødselvarer. I 2023 vart utsleppet frå denne kjelda rekna til 568 kilotonn CO2-ekvivalentar noko som var nær 13 prosent av klimagassutsleppa frå jordbruket. Dette var ein nedgang på 12 prosent frå 2022 og 21 prosent frå 1990. Den kraftige nedgangen som har vore dei siste to åra skuldast høge priser på mineralgjødsel.

For 2023 var dei direkte lystgassutsleppa frå gjødsel i husdyrrom, gjødsellager, spreiing og beite på 278 kilotonn CO2-ekvivalentar. Dei indirekte utsleppa av lystgass kjem frå fordamping og nedfall, òg frå lekkasje og avrenning av ammoniakk. Desse indirekte lystgassutsleppa utgjorde 342 kilotonn CO2-ekvivalentar i 2023. 

Figur 3. Utslepp av lystgass (N2O), etter kjelde. 1990-2023. Kilotonn CO₂-ekvivalentar

Figur 3 syner ein markant nedgang i lystgassutslepp frå andre kjelder enn jordbruk sidan 2005. Teknologiske framsteg i mineralgjødselindustrien forklarer deler av dette. Jordbruket har teke over større del av totalutsleppa sidan dette er biologiske utslepp som ikkje så lett let seg fjerne.

CO2-utsleppa også frå fossile kjelder

Dei tre hovudkjeldene for utsleppa av CO2 frå jordbruket er bruk av drivstoff til maskinar og oppvarming, kalking av jordbruksareala og endringar i karbonbalansen i jorda som følgje av drift og arealendringar. Det er berre CO2-utslepp frå kalking som bokførast i «jordbrukssektoren» i den offisielle utsleppsstatistikken frå SSB. Utslepp frå oppvarming er medrekna i kjelda «Oppvarming i andre næringer og husholdninger» og traktorar og motorreiskapar er bokført under «Luftfart, sjøfart, anleggsmaskinar mm». Tal for utslepp og opptak av CO2 frå areala blir rapportert til FNs klimakonvensjon og til Parisavtala under kategorien LULUCF (Land Use and Land Use Changes and Forestry) og blir utrekna av Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO). Dei fossile utsleppa frå energibruk er teke med i avsnittet her.

Utsleppa av CO2 inkludert energibruk i jordbruket er synt i figur 4. I 2023 stod traktorar og maskinar for 57 prosent, 18 prosent var frå oppvarming og 25 prosent av CO2-utsleppa var frå spreiing av kalk og urea.  

Figur 4. Utslepp av karbondioksid (CO₂) frå jordbruket¹, etter kjelde. Kilotonn CO₂-gass

¹ Dei fossile utsleppa frå "oppvarming" og "traktorar og andre maskinar" vert ikkje bokført i jordbrukssektoren, men er teke med i figuren. Utslepp frå oppvarming er medrekna i sektoren «Oppvarming i andre næringer og husholdninger» og utslepp frå traktorar og motorreiskapar er bokført under «Luftfart, sjøfart, anleggsmaskinar mm». Utslepp av CO2 frå kalking av vassdrag er óg teke med under kjelda "Kalking og urea".

Sidan 1990 har utsleppa frå kalking og fyring gått kraftig ned, og dei samla CO2-utsleppa frå jordbruk inkludert energibruk var 30 prosent lågare i 2023 enn i 1990.  

Nesten all ammoniakk kjem frå gjødsel

Jordbruket er den største kjelda til ammoniakk og utsleppa kjem i hovudsak frå husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Som synt i figur 5 var størsteparten, 90 prosent, knytt til husdyrgjødsel, medrekna spreiing og beite. Rundt 7 prosent kom frå bruk av mineralgjødsel medan ammoniakkbehandling av halm og bruk av slam og organisk gjødsel utgjorde rundt 3 prosent.

Utsleppa av ammoniakk frå husdyrgjødsel er avhengige av fleire faktorar, til dømes dyreslag, nitrogeninnhald i fôr, lagringsmetode for gjødsla, klima, spreiingsmetode for gjødsel, dyrkings­praksis og eigenskapane til jorda. I 2023 var utsleppet av NH3 frå husdyr­gjødsel estimert til om lag 25,7 kilotonn. Av dette var dei største utsleppa frå gjødsellager og spreiing. Ein mindre del vart sluppe ut av dyr på beite. Utsleppa av ammoniakk frå mineralgjødsel i 2023 var berekna til 2,1 kilotonn.

Figur 5. Fordelinga av utslepp av ammoniakk (NH3) frå jordbruket, etter kjelde. 2023

Utslepp av ammoniakk frå jordbruket har gått ned med 9 prosent frå 1990 til 2023. Forklaringa her er eit lågare utslepp frå handtering av halm og mindre bruk av mineralgjødsel. Ammoniakkutsleppa frå husdyrgjødsel har auka i perioden tross færre husdyr. Her er årsaka meir proteinrik fôring seinare i tidsserien som gir høgare utslepp av ammoniakk. Men dei siste åra har det vore ein nedgang som skuldast færre husdyr. Frå 2022 til 2023 gjekk ammoniakk-utsleppa for jordbruket ned med 3 prosent.

Figur 6. Utslepp av ammoniakk (NH3) etter kjelde. 1990-2023. Kilotonn NH3

Utsleppsmål

Gjennom ulike internasjonale avtalar har Noreg forplikta seg til å nå framtidige utsleppsmål. I Parisavtala er målet at den globale oppvarminga skal haldast under 2 grader samanlikna med førindustriell tid, og at ein skal arbeide mot at auken i temperatur ikkje overstig 1,5 grader. Stortinget har slutta seg til at Noreg deltek i EUs klimaregelverk frå 2021 til 2030 for å nå bindingane i Parisavtalen. Noreg har meldt inn eit forsterka klimamål om at utsleppa av klimagassar skal reduserast med minst 55 prosent i perioden 1990-2030 (regjeringen.no). 

Ei avtale mellom jordbruksorganisasjonane og regjeringa vart sett i 2019 som gjeld reduksjon i klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå jordbruket for perioden 2021-2030. For å overhalde Parisavtalen og EUs klimaregelverk lanserte næringa Landbrukets klimaplan kor målet er å kutte 4-6 millionar tonn CO2-ekvivalentar frå 2021 til 2030.

Gøteborgprotokollen er ein internasjonal avtale som omhandlar luftforureining, og Noreg slutta seg til den reviderte utgåva i 2019. Denne avtala krev at Noreg skal ha eit utslepp av ammoniakk i 2020 som er 8 prosent lågare enn utsleppa i 2005. Utrekningane for 2023 viser at utsleppet av ammoniakk i Noreg var om lag 29,8 kilotonn, noko som er 9 prosent lågare enn i 2005. Gøteborg-protokollen inneheld også forpliktingar for andre gassar som SO2 (svoveldioksid), NOX (nitrogen­oksider) og NMVOC (flyktige organiske sambindingar), men her er jordbruket sin del av totalutsleppa heller små.

Metodane som blir brukte i utrekningane av utsleppa, blir stadig utvikla. For at tidsserien skal være konsistent må endringar i metodane gjelde for heile tidsserien frå 1990. Dei utrekna utsleppa vil då kunne endre seg frå år til år. Hausten 2024 vart nye utsleppsfaktorar for ammoniakk frå mineralgjødsel innført i tråd med EMEP/EEA Guidebook 2023. Dette gav høgare tal i heile tidsserien for NH3 frå kunstgjødsel/ mineralgjødsel samanlikna med dei tala som har vore publisert tidlegare.