Økologisk jordbruk inneber ei allsidig drift med mest mogleg variert vekstskifte og resirkulering av organisk materiale. Det er strenge restriksjonar for bruk av plantevernmiddel og mineralgjødsel. Vidare må husdyrhaldet avpassast arealgrunnlaget, og gardbrukaren må ta omsyn til dei naturlege behova husdyra har. Jordbruksbedrifter med økologisk drift blir kvart år godkjente og kontrollerte av medlemsorganisasjonen Debio.
Under 5 prosent av jordbruksarealet er økologisk
I 2023 utgjorde Økologisk jordbruksareal er jordbruksareal som er ferdig lagt om til økologisk drift etter krava i økologiforskrifta. i drift 410 900 dekar. Dette omfatta 4,2 prosent av det totale Jordbruksareal i drift er jordbruksareal som blir hausta minst ein gong i løpet av eit år, medrekna tilplanta eller tilsådd areal med fleirårige vekstar som enno ikkje gir avling. Open åker kor det ikkje blir tatt avling i løpet av året, men som er tenkt hausta neste år reknast med.. Dersom ein også tar med 49 700 dekar som er under omlegging til økologisk produksjon, Karensareal er jordbruksareal under omlegging, men ennå ikkje godkjent som økologisk drive jordbruksareal. i drift, utgjer arealet 4,7 prosent. Denne prosentdelen er den same som året før.
1999 | 2009 | 2021 | 2022 | 2023 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Totalt jordbruksareal i drift, dekar | 10 382 500 | 10 142 900 | 9 845 200 | 9 846 500 | 9 847 200 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Økologisk areal i drift, dekar | 149 500 | 439 900 | 420 200 | 416 800 | 410 900 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Karensareal i drift, dekar | 38 200 | 127 500 | 30 900 | 43 300 | 49 700 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum økologisk areal og karensareal i drift, dekar | 187 700 | 567 300 | 451 100 | 460 100 | 460 600 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Prosent økologisk areal i drift av totalt jordbruksareal i drift | 1,4 | 4,3 | 4,3 | 4,2 | 4,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Prosent økologisk og karensareal i drift av totalt jordbruksareal i drift | 1,8 | 5,6 | 4,6 | 4,7 | 4,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1Medrekna økologisk areal ute av drift for 1999 og 2009. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2Førebelse ta for 2023 |
Sidan toppåret 2011 har det godkjente økologiske jordbruksarealet gått ned med 93 100 dekar, eller 18 prosent. Frå 2022 til 2023 har arealet gått ned frå 416 800 til 410 900 dekar. I 2023 var det mest økologisk jordbruksareal i Oslo/Viken og Trøndelag, med høvesvis 118 800 og 93 000 dekar. Økologisk areal utgjorde knapt 6 prosent av alt jordbruksareal i drift i kvar av desse fylka og til saman hadde dei 46 prosent av alt økologisk areal i landet. Vestfold og Telemark fylke hadde høgast del økologisk areal med 6,8 prosent. I Rogaland, som elles er eit viktig jordbruksfylke, blei berre 0,8 prosent av jordbruksarealet drive økologisk.
Fulldyrka eng utgjorde størsteparten av det økologiske arealet, med 57 prosent. Innmarksbeite utgjorde 17 prosent, medan korn stod for 16 prosent.
Karensarealet auka fram til 2009, til 127 500 dekar. Deretter gjekk karensarealet ned til 29 400 dekar i 2016. I 2023 var karensarealet 49 700 dekar, noko som er 6 400 dekar meir enn i 2022. Arealet var 43 300 dekar i 2022, 12 300 dekar meir enn i 2021. Arealet er til vanleg i karens 2 eller 3 år før det blir godkjent som økologisk areal. Auke i karensareal kan gi vekst i det økologiske arealet dei komande åra.
Talet på jordbruks- bedrifter med økologisk drift | Økologisk areal i drift, dekar | Karensareal i drift, dekar | Prosent økologisk areal og karensareal i drift av totalt jord- bruksareal i drift1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Heile landet | 1 928 | 410 922 | 49 706 | 4,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oslo/Viken | 432 | 118 779 | 10 234 | 6,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innlandet | 309 | 66 020 | 10 630 | 3,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vestfold og Telemark | 210 | 43 459 | 7 046 | 7,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agder | 103 | 12 644 | 2 507 | 4,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Rogaland | 65 | 7 887 | 219 | 0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vestland | 259 | 22 623 | 2 190 | 3,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Møre og Romsdal | 101 | 15 545 | 2 034 | 3,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Trøndelag - Trööndelage | 325 | 92 916 | 8 736 | 6,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nordland | 81 | 20 960 | 2 861 | 4,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku | 43 | 10 089 | 3 249 | 4,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1Førebelse tal for 2023 |
Færre økologiske jordbruksbedrifter
Sidan 2009 er det blitt om lag 900 færre økologiske jordbruksbedrifter. Frå 2022 til 2023 var det registrert ein nedgang på 37 bedrifter. Kvart år er det nye bedrifter som legg om til økologisk drift, men samstundes er det nokre som går tilbake til konvensjonelt jordbruk eller legg ned drifta.
I 2023 var det 1 928 jordbruksbedrifter med økologisk produksjon. Desse bedriftene utgjorde 5,1 prosent av totalt 37 600 jordbruksbedrifter i Noreg. Dette er om lag den same prosentdelen som dei siste seks åra, men eitt knapt prosentpoeng mindre enn i toppåra 2009-2011.
Gjennomsnittleg jordbruksareal i drift for dei økologiske jordbruksbedriftene var 282 dekar, medan gjennomsnittet for alle jordbruksbedriftene var 262 dekar i 2023. Nokre av dei økologiske bedriftene har også noko konvensjonelt jordbruksareal. Trekkjer ein frå dette arealet, blir gjennomsnittleg jordbruksareal i drift 239 dekar for dei økologiske jordbruksbedriftene.
Færre økologiske verpehøner
Talet på økologiske verpehøner har auka kvart år sidan 2011, men frå 2021 til 2022 gjekk talet ned frå 324 900 til 308 900. Nedgangen heldt fram frå 2022 til 2023, og i 2023 blei det registrert 286 600 økologiske verpehøner.
Det var 28 300 økologiske storfe i 2022, og av desse var 7 100 mjølkekyr og 4 600 ammekyr. Om lag 34 prosent av dei økologiske mjølkekyrne og 23 prosent av dei økologiske ammekyrne i landet var i Trøndelag. I heile landet var det 44 000 økologiske sauer og 2 400 økologiske geiter.
Frå 2022 til 2023 blei det registrert ein auke i den økologiske prosentdelen for ammekyr og andre storfe, medan det var nedgang eller uendra prosentdel for dei andre husdyrslaga.
Mindre økologisk mjølk og kjøt
Fram til 2013 var det ein sterk vekst i produksjonen av økologisk kumjølk, men deretter var det ein svak nedgang til 2019. I 2020 auka produksjonen med 0,6 millionar liter til 49,7 millionar liter økologisk kumjølk, medan det var ein svak nedgang frå 2020 til 2021. I 2023 blei det innmålt 41,8 millionar liter økologisk mjølk, ein reduksjon på 6,5 prosent frå året før. I perioden 2013–2023 har delen økologisk mjølkeproduksjon av den totale mjølkeproduksjonen gått ned frå 3,6 til 3,0 prosent.
I løpet av dei ti siste åra har produksjonen av økologiske egg dobla seg. Det blei produsert 4 500 tonn økologiske egg i 2023, og dette utgjorde knapt 7 prosent av den totale eggproduksjonen levert til eggpakkerier.
Produksjonen av økologisk kjøt av storfe, sau/lam, svin og fjørfe var i sum 3 100 tonn og utgjorde under 1 prosent av den totale kjøtproduksjonen i 2023. Produksjonen av økologisk storfekjøt utgjorde 1 540 tonn, sauekjøt 580 tonn, svinekjøt 360 tonn og fjørfekjøt 634 tonn. Samanlikna med 2022 var det ein nedgang for alle dei nemnde kjøtslaga.
Det blir produsert mindre norsk økologisk matkorn enn det er behov for, og ein stor del blir importert. Sjølv om mesteparten av det økologiske kornet er av fôrkvalitet, er det òg mangel på norsk økologisk korn til kraftfôr. I 2023 reknar ein med at produksjonen av økologisk korn blir om lag 10 000 tonn økologisk korn. Frå 2022 til 2023 auka det økologiske kornarealet med 3 prosent til 82 300 dekar.
Den norske produksjonen av økologiske poteter, grønsaker, frukt og bær er liten, og importen utgjer ein stor del av marknaden. Det blei dyrka økologiske poteter på 770 dekar og det utgjorde berre 0,7 prosent av potetarealet i 2023. Det økologiske arealet av grønsaker var 2 900 dekar og utgjorde 4 prosent av det totale grønsaksarealet. Det økologiske arealet av frukt og bær var 2 900 dekar, noko som utgjorde 8 prosent av det totale arealet av frukt og bær.
Sverige har mest økologisk areal i Norden
Sidan 2005 har Sverige ligge på den nordiske toppen med størst del økologisk areal og karensareal av totalt jordbruksareal i drift. Frå 2005 til 2022 auka arealet frå 7,0 til 19,9 prosent av totalt areal i drift.
Finland hadde ein nedgangsperiode frå 2002 til 2006, men har deretter auka jamt til 15 prosent i 2022. I Danmark har økologisk areal og karensareal gått opp og ned, men etter 2015 har det vore auke, og arealet utgjorde 11,9 prosent i 2022. I Noreg utgjorde arealet 4,7 prosent i 2022, noko som er 1 prosentpoeng mindre enn i toppåret 2010.