Regionale miljøprogram (RMP) omfattar tilskot for å gjere miljøtiltak på eige gardsbruk eller leigejord. Dette kan vere tiltak retta mot forureining, kulturlandskap, kulturminne, jordhelse og friluftsliv. For å få støtte frå RMP-ordninga er det eit krav at søkjaren oppfyller krava for å få produksjonstilskot.

I denne artikkelen ser vi på dei fem tema som fekk mest støtte i 2022.

Kva område som blir prioriterte er ulikt for ulike fylke og det er Statsforvaltaren som avgjer kva tiltak som skal få støtte i fylket. Tabellen nedanfor gir eit oversiktsbilete av støtta som blir utbetalt.

Variasjonar frå år til år kjem mellom anna av endringar i satsingsområde frå fylka, og tala må tolkast i lys av dette. Det er ikkje næringa sjølv som styrer utviklinga, og tiltak som blir gjort utan støtte vil ikkje synast i tala her.

Kulturlandskap

For å ta vare på kulturlandskapet er det viktig med aktiv jordbruksdrift. Støtte innan temaet kulturlandskap har mål om å ivareta kulturlandskapet til jordbruket ved å støtte framleis aktiv drift og tradisjonelle produksjonar. Det omfattar støtte for drift av bratt areal og drift av beitelag for å ta vare på jordbruksprega og ope landskap.

Figur 1. Støtte til tiltak innan kulturlandskap. Millionar kroner

Støtte for bratt areal krev at drifta utgjer meir enn beiting. Det kan vere areal som blir slått,  gjødsla, det går føre seg hausting av korn eller om det blir fjerna ugras eller liknande drift. Det kan og givast tilskot for frukthagar i bratt terreng.

Verdfulle jordbrukslandskap er jordbrukspåverka område med kulturlandskapsverdiar og er skapt av langvarig tradisjonell jordbruksdrift. Dette inkluderer mellom anna verna område, setervollar, verdsarvområde og areal utan vegsamband.

Kulturminne og kulturmiljø

I dette temaet blir det gitt støtte for å halde vedlike spor i landskapet etter tidlegare tiders jordbruksdrift og busetjing, og for å halde oppe tradisjonelle driftsformer som seterdrift.

Formålet med tilskot for skjøtsel av freda kulturminne er å vedlikehalde dei og at dei skal vere synlege i kulturlandskapet.

Figur 2. Støtte til tiltak innan Kulturminne og kulturmiljø. Millionar kroner

Det blir gitt tilskot for drift av seteranlegg med mjølkeproduksjon, med krav om at produksjonsperioden er på minimum fire veker per sesong, at produsert mjølk blir levert til meieri eller blir foredla på setra og at det blir produsert minimum 45 liter kumjølk eller 25 liter geitemjølk i døgnet per seter.

I tillegg blir det gitt tilskot til besøksseter, som er seterdrift tilrettelagd for turisme med bevertning, formidling, overnatting eller kulturtilbod.

Avrenning til vatn

Avrenning til vatn er det området som det vart løyvd mest pengar til i 2022, og 56 prosent av desse midla vart gitt i Viken. Det var i alt 7 755 jordbruksbedrifter som fekk støtte for å gjennomføre tiltak knytt til avrenning til vatn, og 3 401 var i Oslo og Viken.

Tiltaka omhandlar grep for å redusere avrenning av næringssalt til sårbare vassdrag. Til dømes er areal som ikkje er haustpløgd, mindre utsett for erosjon som dermed reduserer næringssaltavrenninga til vassdrag.

Det blir gitt mest støtte til tiltak for å redusere avrenning til vatn langs Glomma, og spesielt sør for Øyeren.

Figur 3. Tilskot til tiltak innan avrenning til vatn etter vassområde. 2022. Kroner

Kilde: Miljøtilskudd - Landbruksdirektoratet

Tiltaket som får mest middel innafor avrenning, er «Inga jordarbeiding om hausten» som får 65 prosent av midla. Dette er eit viktig tiltak for å redusere forureininga frå jordbruket, 48 prosent av kornarealet mottok støtte for dette tiltaket.

Figur 4. Del av kornarealet som ikkje blir jordarbeidd om hausten. Fylke. 2022. Prosent

Utslepp til luft

Tiltak under dette området omhandlar i stor grad gjødsling. Formålet er å stimulere til auka bruk av gjødslingsmetodar som medfører lågare utslepp. Støtta gitt for denne typen tiltak har auka samanlikna med tidlegare år.

Figur 5. Støtte til tiltak innan utslepp til luft. Millionar kroner

Tilskot for nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel har som mål å stimulere til at husdyrgjødsel og biorestar blir lagd rett ned på jorda (nedlegging) eller blir blanda direkte i jordsmonnet (nedfelling) i staden for at det blir brukt tradisjonelle metodar som breispreiing med gjødselkanon. Nedfelling og nedlegging reduserer mellom anna tap av ammoniakk til lufta.

Spreiing av husdyrgjødsel om våren eller i vekstsesongen fører til at avlinga tek til seg meir av næringsstoffa og reduserer forureining av vatn og utslepp til luft.

Biologisk mangfald

Tiltaka innan biologisk mangfald er knytt til skjøtsel av kulturmark, areal med særskild naturkvalitet, artsmangfald og areal sett av til fuglebiotopar. Tiltaka skal bidra til å ivareta utvalde og trua naturtypar, og andre verdfulle areal i jordbruket.

Figur 6. Støtte til tiltak innan biologisk mangfald. Millionar kroner

Det blir gitt tilskot til skjøtsel av biologisk verdfulle areal der drifta blir gjennomført på ein måte som ivaretek eller forbetrar det biologiske mangfaldet. Arealet kan til dømes ikkje vera gjødsla, jordarbeidd eller sprøyta med plantevernmiddel.

Ei støtteordning som det har vorte gitt meir midlar til i 2022, er etablering og skjøtsel av soner for pollinerande insekt. Dette involverer å nytte pollinatorvenlege frøblandingar med artar som gir blomstring og nektarproduksjon gjennom heile pollinatorsesongen. Tilskotet skal kompensere for kostnader ved frøblandingar og arbeidet med tilsåing og skjøtsel i ettertid.