I alt 12 700 storfeprodusentar søkte om produksjonstilskott for 896 900 storfe per 1. mars 2022. Dette er 2 prosent færre produsentar enn året før, men 2 prosent fleire storfe.
Størst prosentvis nedgang var det i talet på bedrifter med verpehøner og mjølkekyr. Talet på bedrifter med verpehøner gjekk ned med vel 4 prosent til knapt 1 400, medan talet på bedrifter med mjølkekyr gjekk ned med knapt 3 prosent til 6 700. Frå 2020 til 2021 auka talet på jorbruksbedrifter med ammekyr med 2 prosent til drygt 6 000.
Frå 2021 til 2022 auka det samla talet på storfe med 14 000 til 896 900, og det var talet på ammekyr og andre storfe enn mjølkekyr som gjekk opp. Talet på ammekyr auka med 4 200 til 108 700 frå 2021 til 2022, medan talet på andre storfe auka med 11 000 til 576 900. I same perioden gjekk talet på mjølkekyr ned med 1 200 til 211 400.
Talet på mjølkegeit endra seg lite frå 2021 til 2022, og var 35 500 i 2022. I same perioden gjekk talet på alssvin ned med knapt fire prosent til 72 300. Det var i alt 900 jordbruksbedrifter som hadde alssvin i 2022, om lag fire prosent færre enn året før.
Talet på sau over 1 år per 1. mars var 932 800, og dette var 11 500 eller 1 prosent færre enn året før.