Det er endelege tal frå Landbruksundersøkinga 2023 som viser dette. Den mest utbreidde <!--StartFragment -->Tilleggsnæring er i denne samanheng ein aktivitet som utnyttar areal, bygningar eller maskinar som høyrer til jordbruksbedrifta.<!--EndFragment --> var Leigekøyring med maskinar som tilhøyrer jordbruksbedrifta, for andre jordbruksbedrifter eller i næringar utanfor jordbruket. Maskinsamarbeid eller bytearbeid utan betaling for andre jordbruksbedrifter blir ikkje rekna med. , som vart driven av om lag 8 200 jordbruksbedrifter. Omtrent like mange, 8 100, leigde ut jakt- og fiskerettar.

Figur 1. Jordbruksbedrifter med utvalte tilleggsnæringar i 2023

Arbeidsinnsatsen i tilleggsnæringane utgjorde 6,9 millionar timeverk, eller kring 3 740 årsverk á 1 845 timar.

– Tilleggsnæringane påverkar i mindre grad den totale arbeidsinnsatsen. Dette skuldast mellom anna at fleire av næringane som fell inn under omgrepet tilleggsnæringar krev liten arbeidsinnsats, til dømes utleige av jakt- og fiskerettar eller utleige av bygningar og jordbruksareal, seier seniorrådgivar Reidar Steffenstorpet.

Stabil utvikling i arbeidsinnsatsen

I alt vart det lagt ned 81,2 millionar arbeidstimar i jord- og hagebruk i 2023. Det svarar til eit gjennomsnittleg timetal på 2 167 timar per jordbruksbedrift, ein auke på 7 prosent sidan 2013. Talet på jordbruksbedrifter har i same periode hatt ein nedgang på kring 15 prosent, medan den totale arbeidsinnsatsen berre har gått ned med 8 prosent. Dette bidreg til auken i timetalet per bedrift.

Figur 2. Arbeidsinnsats i jord- og hagebruk totalt og per jordbruksbedrift. 2010–2023. Millionar timar og timar per jordbruksbedrift

Ser ein på dei ulike driftsformene er det hagebruksproduksjon som hadde flest timar per bedrift med om lag 7 200 timar. Til samanlikning hadde eit kornbruk i snitt 800 timar.

Det var ingen store endringar i kven som utførte arbeidet.  Arbeidsinnsatsen i 2023 fordelte seg mellom brukaren, familiemedlemmane og dei tilsette på same måte som i dei førre undersøkingane.

Figur 3. Arbeidsinnsats i jord- og hagebruk etter kven som utførte arbeidet i 2023. 1000 timar

Åtte prosent av jordbruksarealet kan vatnast

I 2023 hadde i alt 4 500 eller 12 prosent av jordbruksbedriftene vatningsanlegg. Tilsvarande tal frå 2013 var 6 100 eller 14 prosent. Arealet på friland som kunne vatnast på desse jordbruksbedriftene utgjorde 8 prosent av totalt jordbruksareal i drift i 2023, ein nedgang på 1 prosentpoeng frå 2013.

 

Landbruksundersøkinga er ei utvalsundersøking, og det er alltid hefta uvisse ved alle utvalsundersøkingar. Generelt blir resultata meir usikre dess færre observasjonar dei er baserte på. Grupper som er basert på få observasjonar vil vere særs merkbare for ekstreme verdiar, det vil si verdiar som avvik mykje frå gjennomsnittet.

Variansberekningar viser at det totale timetalet i jord- og hagebruk kan variere med ±2,0 millionar på landsnivå.