Førebelse tal frå statistikken Potet- og grovfôravlingar viser at potetavlinga i 2023 var 313 500 tonn, ein nedgang på 56 500 tonn eller 15 prosent frå året før. Av fylka hadde Rogaland størst prosentvis nedgang med 26 prosent, medan Oslo og Viken og Innlandet hadde ein nedgang i potetavlingane på høvesvis 21 og 18 prosent frå 2022 til 2023. I Trøndelag auka potetavlinga med knapt 7 prosent frå 2022 til 2023.
Varierande grasavlingar
Grasavlinga i 2023 var i gjennomsnitt for heile landet knapt 5 prosent lågare i 2023 enn i 2022. Det var imidlertid store geografiske variasjonar, og det var også skilnader mellom første og andre slåtten. Samla for heile året var det størst nedgang i Innlandet, Oslo og Viken og i Agder. Innlandet hadde 18 prosent lågare avling i 2023 enn året før, medan det for Oslo og Viken var ein nedgang på 15 prosent og for Agder på 14 prosent. Også Nordland og Rogaland hadde nedgang i engavlingane, medan det var ein auke for resten av fylka.
80 prosent av førsteslåtten hausta som rundballar
Ved førsteslåtten blei det hausta 4,3 millionar dekar eng og ved etterslått 3,1 millionar dekar.
Ved førsteslåtten blei 80 prosent av graset hausta som rundballar, medan 16 prosent blei lagt i silo. Ein like stor del blei lagt i silo ved etterslåtten, medan delen som blei hausta som rundballar auka til 82 prosent. Berre 3 prosent av graset frå førsteslåtten blei tørka som høy, og ved etterslåtten utgjorde høy berre 1 prosent.
Nedgang for andre grovfôrvekstar
Andre grovfôrvekstar blei dyrka på 101 000 dekar i 2023, 11 300 dekar mindre enn året før. Raigras og grønfôrblandingar av korn utgjorde kvar for seg 48 og 43 prosent av arealet andre fôrvekstar. Samla avling av andre grovfôrvekstar utgjorde 163 400 tonn, der raigras utgjord drygt 60 prosent og kornvekstar til grønfôr vel 30 prosent.