Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Meir miljøvennleg energi i veksthusnæringa
Dei siste ti åra har det vore ein stor nedgang i bruk av fyringsolje til oppvarming av veksthusa, medan bruk av gass, varmepumpe og bioenergi viser ein klar auke.
Veksthusnæringa bruker mykje energi til oppvarming og til vekstlys. Dette er òg ein av dei største utgiftsfaktorane til næringa. I alt brukte næringa 359,0 millionar kroner på energi i 2009. Kvar av dei 592 bedriftene som hadde oppvarming eller bruk av vekstlys i veksthusa, brukte i snitt drygt 600 000 kroner til dette føremålet. Det totale forbruket var på 884 263 MWh, som i snitt utgjer eit forbruk på 1 494 MWh per eining med energibruk.
Det har vore ei stor omlegging av energivarer dei ti siste åra. Forbruket av fyringsolje er redusert med 82 prosent frå 1999, medan propangass har auka med 148 prosent. Bruk av bioenergi/biogass blei meir enn firedobla frå 2006 til 2009. Naturgass blei ikkje registert brukt i 1999, men har dei seinare åra blitt den viktigaste energivaren i Rogaland. Naturgass utgjorde 20 prosent av det totale energibruket i landet i 2009.
Færre einingar - større veksthus
I 2010 hadde 637 bedrifter eit minsteareal på 300 m2 veksthus. Til samanlikning var det 957 bedrifter med veksthus i 1999. Det totale veksthusarealet i 2009 var 2 048 dekar, som er ein auke på 2 prosent frå 1999. Veksthusarealet per bedrift auke frå 2 090 m2 i 1999 til 3 210 m2 i 2010. Rogaland er det fylke som har flest veksthusprodusentar, og nær ein tredjedel av veksthusarealet i Noreg finnast her.
At veksthusareala per eining blir større viser seg òg i investeringane. Totalt blei det investert 224,7 millionar kroner i veksthus og innreiingar i 2009. Investeringar i driftsbygningar med kjølelager, pakkeri og anna gjeld heile hagebruksnæringa, og i alt blei det investert 122,4 millionar kroner i driftsbygningar knytte til hagebruket.
Færre hagebruksprodusentar - men auke i hagebruksareal på friland
Dei samla tala for hagebruket, som er friland og veksthus, viser store endringar. I takt med den generelle strukturendringa i jordbruket er det blitt langt færre hagebruksprodusentar. For hagebruksnæringa sett under eitt, har fire av ti produsentar lagt ned drifta dei siste ti åra. Nær 60 prosent av jordbærprodusentane, 36 prosent av fruktprodusentane og 45 prosent av grønsaksprodusentane på friland har lagt ned drifta sidan 1999.
Sjølv om det blir færre produsentar, er det ein svak auke i hagebruksareal på friland. Areal av grønsaker auka frå 58 900 dekar i 1999 til 71 100 dekar i 2010. Areal av frukt blei redusert med 20 prosent, medan areal av jordbær blei redusert med 16 prosent i høve til 1999.
Fleire resultatFleire og meir detaljerte resultat kan gis på kommunenivå der vedkommande produksjon har eit visst omfang. Ta kontakt med SSB for meir detaljert statistikk.
Avlingar i hagebruket blir gitt i eigen statistikk for hagebruksavlingar . |
Tabeller:
- Tabell 1 Bedrifter med ulike greiner av hagebruk, etter fylke. 1979, 1989, 1999 og 2010
- Tabell 2 Hagebruksareal i alt, areal med grønsaker på friland, frukttre, bær på friland, veksthus og planteskule, etter fylke. 1979, 1989, 1999 og 2010. Dekar (Rettet 5. januar 2012)
- Tabell 3 Bedrifter med veksthus og veksthusareal, etter storleiken på veksthusarealet og fylke. 1979, 1989, 1999 og 2010 (Rettet 13. desember 2011 kl. 1311)
- Tabell 4 Bruk av energi i veksthus, etter storleiken på veksthusarealet og fylke. 1988, 1998, 2006 og 2009
- Tabell 5 Jordbruksbedrifter med investeringar og investert beløp i veksthus, inkludert leasing, og andre bygningar nytta i hagebruksproduksjon, etter fylke. 1998 og 2009
- Tabell 6 Arbeidsinnsats i hagebruk i alt og i ulike greiner av hagebruket, og arbeidsinnsats utført av utanlandsk arbeidskraft, etter fylke. 19982
- Tabell 7 Bedrifter og areal av grønsaker på friland, etter storleiken på grønsakarealet og fylke. 1979, 1989, 1999 og 2010 (Rettet 13. desember kl. 1311)
- Tabell 8 Bedrifter med frukt, etter fruktart, fylke og fruktareal. 1979, 1989, 1999 og 2010
- Tabell 9 Areal med frukt etter art, fylke og areal. 1979, 1989, 1999 og 2010. Dekar
- Tabell 10 Bedrifter med bær på friland, etter art og fylke. 1979, 1989, 1999 og 2010
- Tabell 11 Areal med bær på friland, etter art og fylke. 1979, 1989, 1999 og 2010. Dekar
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76