Husdyrhald
Oppdatert: 13. mai 2024
Neste oppdatering: 13. mai 2025
2024 | Prosent endring frå | ||
---|---|---|---|
2023 - 2024 | 2015 - 2024 | ||
Jordbruksbedrifter med husdyr | 25 000 | -1,5 | -12,5 |
Talet på | |||
Mjølkekyr | 202 771 | -0,1 | -11,2 |
Ammekyr | 106 337 | -1,9 | 47,8 |
Sau | 889 615 | -2,2 | -15,9 |
Mjølkegeit | 33 938 | -1,6 | 8,1 |
Alssvin i alt | 68 209 | -3,7 | -27,3 |
Sjå alle tal frå denne statistikken
Om statistikken
Statistikken viser jordbruksbedrifter med husdyr og tal på husdyr.
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 30. april 2021.
Husdyrhald
426 Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk
Fylke, kommune.
Årlig.
Mikrodata blir lagra i Statistisk sentralbyrå, og blir nytta som grunnlag for statistikken over husdyrhald per 1. mars.
Med bakgrunn i registeret over dei som søkjer om produksjonstilskott i jordbruket blir det utarbeidd statistikk over husdyrhald per 1. mars. Føremålet er å kartleggje husdyrhaldet på kommunenivå.
Opplysningar frå registeret over søknader om produksjonstilskott i jordbruket har vore nytta som datagrunnlag sidan 1984.
Statistikken blir i stor grad nytta av offentlege verksemder og næringsorganisasjonane i jordbruket.
Statistikkloven § 10-1.
Statistikken omfattar alle som søkjer om produksjonstilskott i jordbruket per 1. mars. Det blir berre gitt eitt produksjonstilskott per jordbruksbedrift. Alle landbrukseigedomar som blir drive av same brukar blir rekna som ei jordbruksbedrift.
Registeret over alle som søkjer om produksjonstilskott i jordbruket frå Statens landbruksforvaltning er grunnlaget for utarbeiding av statistikken.
Data blir overført elektronisk frå registeret over Søknader om produksjonstilskott i jordbruket.
Det blir gjennomført maskinelle kontrollar av registreringsfeil, dublettar og observasjonar med store endringar frå tidlegare søknadsomgangar.
Tal blir ikkje offentleggjort dersom det kan føre til at den einskilde jordbruksbedrift blir identifisert.
Statistikken går attende til 1984 og omfattar dei som søkjer om produksjonstilskott i jordbruket. For å få produksjonstilskott må ein søkjar drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar. Frå og med 2002 blei det og stilt krav om at verksemda må vere registrert i Enhetsregisteret.
Oppgåvene blir kontrollert av dei lokale landbrukskontora og av SLF i samband med utbetaling av tilskott. Kvart år blir også oppgåvene til om lag 5 prosent av jordbruksbedriftene som søkjer om produksjonstilskott kontrollert ved at dei kommunale landbrukskontora foretar gardsbesøk.