Målet med undersøkinga er å kartlegge barn sin fysiske aktivitet i fritida. Dette inkluderer trening og deltaking i idrett, leik, og friluftsliv. Undersøkinga skal (1) skaffa indikatorinformasjon om omfanget av fysisk aktivitet, trening og friluftslivsdeltaking, (2) korleis dette utviklar seg over tid, og (3) korleis det fordeler seg blant barn og unge i befolkninga. I tillegg til tema fysisk aktivitet, idrett, leik og friluftsliv, er det stilt spørsmål om sosiale relasjonar og livskvalitet, skjermbruk og livet heime. Undersøkinga består også av eit sett av spørsmål til føresette: om helsetilstanden til barna, om føresette sine eigne fysiske aktivitetsvanar, og i kva grad dei er involvert i barna sin idrettskvardag.

Utvalet omfattar 7 500 tilfeldig trekte barn i alderen 6-15 år.  Av desse svarte 3 263 på undersøkinga. Det gir ein svarprosent på 44.

Til undersøkinga blir det kopla på registerbasert data om barnet og husstanden til barnet. Dette inkluderer opplysningar frå befolkningsregisteret, og informasjon om inntekt, arbeid, trygder, stønader og helse frå Skatteetaten og Nav. I tillegg nyttast informasjon frå kartverket og matrikkelen knytt  til bustad.