Totalt kasta vi 2 124 000 tonn avfall heime og på gjenvinningsstasjon i 2022.
– Den totale avfallsmengda frå hushalda held fram med å gå ned, med unnatak av koronaåra. I 2022 har vi kasta den lågaste mengda avfall sidan 2010, sjølv om konsumet i hushalda gjekk opp. seier seniorrådgjevar Manju Chaudhary.
Figuren viser mengdene hushaldsavfall frå 2006 til 2022, og kva behandling avfallet har blitt levert til.
Stigande trend for materialgjenvinning
Det er fleire gode nyheiter for hushaldsavfallet. Materialgjenvinningsgraden har stige dette året også. 44 prosent av avfallet frå hushalda blir sendt til materialgjenvinning. Dette inkluderer også avfall sendt til biogassproduksjon og kompostering. 52 prosent går til forbrenning, medan dei resterande 4 prosentane går til deponi og anna behandling.
SSB sine tall seier kor mykje avfall som vart levert til materialgjenvinning – ikkje kor mykje som faktisk vart gjenvunne. Desse talla samsvarar ikkje alltid.
– Vi har sett ein aukande grad av materialgjenvinning for hushaldsavfallet sidan 2015, seier seniorrådgjevar Manju Chaudhary.
EU har fleire mål når det kjem til materialgjenvinning. Noreg nådde ikkje målet om 50 prosent materialgjenvinning for hushaldsavfall innan 2020. Målet for materialgjenvinning for 2025 (regjeringen.no) er at 55 prosent av "hushaldsavfall og liknande avfall frå næringslivet" blir brukt til materialgjenvinning og ombruk. Vi ligg framleis eit godt stykke unna å nå dette for hushaldsavfallet.
Nedgang i nesten alle typar avfall
Restavfall er den avfalltypen vi kastar mest av i hushalda. I 2022 var restavfall 41 prosent av avfallet vårt. Etter det kastar vi mest treavfall, papp og matavfall, som alle ligg på rundt 10 prosent.
Dei fleste avfallstypane minka frå 2021 til 2022. Dei største endringane var:
- Treavfall minka med 53 000 tonn, tilsvarande 19 prosent
- Restavfall minka med 42 000 tonn, tilsvarande 5 prosent
- Anna avfall minka med 29 000 tonn, tilsvarande 77 prosent
- Hageavfall minka med 28 000 tonn, tilsvarande 15 prosent
Auke i konsum og nedgang i avfall
Figur 3 viser korleis forbruksmengda og avfallsmengda til norske hushald har endra seg frå 1996 til 2022. Denne grafen gir oss ein indikasjon på om Noreg nærmar seg eit samfunn med meir sirkulær økonomi – med auke i konsum utan auke i avfall.
Det har vore ein positiv samanheng mellom forbruket vårt og avfallet vi kastar. Fram til 2017 var auka i avfall større enn auka i konsum. I to år var det ein motsett trend, fram til pandemien. I 2022 derimot, auka forbruket i hushalda medan avfallet minka.