Totalt kasta vi 2 080 000 tonn hushaldsavfall i 2023.

─ Den totale avfallsmengda frå hushalda held fram med å gå ned, med unnatak av koronaåra. I 2023 har vi kasta den lågaste mengda avfall sidan 2009, seier seniorrådgjevar Manju Chaudhary.

Figuren viser mengdene hushaldsavfall frå 2006 til 2023, og kva behandling avfallet har blitt levert til.

Figur 1. Behandling av hushaldsavfall¹

¹Levert til materialgjenvinning inkluderer kompostering og biogass.

Stigane trend for materialgjenvinning

Det er fleire gode nyheiter for hushaldsavfallet. Materialgjenvinningsgraden har stige dette året også. 45 prosent av avfallet frå hushalda blir sendt til materialgjenvinning. Dette inkluderer også avfall sendt til biogassproduksjon og kompostering. 51 prosent går til forbrenning, medan dei resterande 4 prosentane går til deponi og anna behandling.  

SSB sine tall seier kor mykje avfall som blei levert til materialgjenvinning – ikkje kor mykje som faktisk vart gjenvunne. Desse talla samsvarar ikkje alltid.

─ Vi har sett ein aukande grad av materialgjenvinning for hushaldsavfallet sidan 2015, seier seniorrådgjevar Manju Chaudhary.

EU har fleire mål når det kjem til materialgjenvinning. Noreg nådde ikkje målet om 50 prosent materialgjenvinning for hushaldsavfall innan 2020. Målet for materialgjenvinning for 2025 (regjeringen.no) er at 55% av "hushaldsavfall og liknande avfall frå næringslivet" blir brukt til materialgjenvinning og ombruk. Vi ligg framleis eit stykke unna å nå dette for hushaldsavfallet.

Kastar mest restavfall

Restavfall er den avfallstypen vi kastar mest av i hushalda. I 2023 var restavfall 41 prosent av avfallet vårt. Etter det kastar vi mest treavfall, matavfall og papp, som alle ligg på rundt 10 prosent.

Figur 2. Hushaldsavfall. Type avfall. Tonn

Dei fleste avfallstypane minka frå 2022 til 2023. Dei største endringane var:

  • Restavfall minka med 26 000 tonn, tilsvarande 3 prosent
  • Matavfall auka med 16 000 tonn, tilsvarande 8 prosent
  • Papp minka med 14 000 tonn, tilsvarande 7 prosent
  • Byggavfall minka med 6000 tonn, tilsvarande 12 prosent

Nedgang i både konsum og avfall

Figur 3 visar korleis forbruksmengda og avfallsmengda til norske hushald har endra seg frå 1996 til 2023. Denne grafen gir oss ein indikasjon på om Noreg nærmar seg eit samfunn med meir sirkulær økonomi – med auke i konsum utan auke i avfall.

Figur 3. Konsum og mengde avfall frå hushalda. 1996- 2022. Indeks 1996 = 1

Forbruket og avfallet har auka i takt over fleire år med unntak av koronaåra og i 2022. Då var det ein auke i konsum og ein nedgang i avfall. I år beveg dei seg i same retning igjen, med nedgang i begge.