Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Meir til gjenvinning enn til fylling
I år 2000 sorterte norske hushald og kommunar for første gong ut meir hushaldningsavfall til gjenvinning enn vi sende til deponi. Kvar nordmann sorterte ut 130 kilo avfall for gjenvinning, medan 103 kilo blei sendt på fyllinga. Men mengdene hushaldningsavfall aukar framleis. 1,5 millionar tonn hushaldningsavfall blei samla inn i 2000.
Kvar nordmann leverte 324 kilo hushaldningsavfall i 2000. Det er 10 kilo meir enn i 1999. I alt blei det samla inn 1,5 millionar tonn hushaldningsavfall, som er 55 000 tonn meir enn året før.
Avfallsmengda aukar...
Det er registrert auke i mengda hushaldningsavfall heilt sidan dei første granskingane blei gjort på byrjinga av 70-talet. I 1974 leverte kvar innbyggjar i snitt 174 kilo hushaldningsavfall.
Forbruksundersøkinga (sjå http://www.ssb.no/fbu/ ) syner at forbruket i norske hushald har auka på heile 1990-talet. Sjølv om ikkje alt forbruk automatisk gir meir avfall, vil auke i levestandard og forbruk føre til meir avfall. Noko av auken i avfallsmengdene kan òg skyldast at ordningane for innsamling av avfall har blitt betre, slik at meir avfall blir fanga opp av statistikken. Den siste effekten var nok meir merkbar tilbake på 1970- og 80-talet då til dømes "heimebrenning" av avfall var vanlegare, enn i dei seinare åra.
Miljøvernstyremaktene har som mål for avfallspolitikken at avfallsmengdene skal auke vesentleg mindre enn den økonomiske veksten. Vi kan til dømes nytta bruttonasjonalproduktet (BNP) for å måle økonomisk vekst. Då ser vi at frå 1992 til 2000 har hushaldningsavfallet per person auka med 37 prosent medan BNP har auka med 29 prosent. Hushaldningsavfallet aukar altså meir.
...men sortering aukar meir...
Vi sorterer stadig meir. Av totalt 1,5 millionar tonn hushaldningsavfall som blei samla inn i fjor blei 581 000 tonn utsortert til gjenvinning. I gjennomsnitt sorterte kvar nordmann ut 130 kilo avfall i 2000. Det er 12 kilo meir enn i 1999, ei større auke enn auka i den totale mengda hushaldningsavfall. Dei tiltaka som miljøvernstyremakter og kommunar har sett i verk for å auke utsorteringa av avfall, gir altså resultat. Dei fleste av åra på 1990-talet har auken i mengda hushaldningsavfall som blir utsortert, vore større enn den totale auken i mengda hushaldningsavfall. Den tendensen held fram. Auken held fram for alle materiala, men prosentvis var det plast som auka mest, med 60 prosent. For metall, tre og park- og hageavfall var det òg over 20 prosents auke i utsorteringa frå 1999 til 2000. For alle materiala er mengda utsortert i 2000 det høgste som er registrert.
Med sortering for gjenvinning meiner vi her det avfallet som kvart hushald sorterer ut i heimen eller som blir sortert på avfallsplassen. Etter utsorteringa vil avfallet kunne bli materialgjenvunne, forbrent med energiutnytting eller nytta som fyllmasse. Frå denne handsaminga kan det bli ein rest som i dei fleste tilfella går attende til deponi. Avfall frå avfallshandsaming reknast som næringsavfall.
...så mindre går på fyllinga
Om lag 32 prosent av hushaldningsavfallet blei levert direkte til deponi. For 2000 svarar det til 467 000 tonn, eller 104 kilo frå kvar nordmann. Det er ein nedgong på 127 000 tonn, eller 22 prosent, frå 1998. I 2000 gjekk om lag 406000 tonn hushaldningsavfall til forbrenning, ei auke på 27 prosent sidan 1998. I 1999 var gjennomsnittleg energiutnyttingsgrad ved norske avfallsforbrenningsanlegg 73 prosent. Dersom utnyttingsgraden var den same i 2000, blei 297 000 tonn restavfall frå hushalda energiutnytta i 2000. Det tyder at 60 prosent av hushaldningsavfallet blei utnytta og40prosent slutthandsama. Det er nærare det avfallspolitiske resultatmålet om 25 prosent slutthandsaming innan 2010 enn vi var i 1998, då om lag halvparten av hushaldningsavfallet blei slutthandsama. I desse utrekningane er det ikkje teke med at ein del av det utsorterte avfallet blir forkasta i gjenvinningsprosessen og hamnar på deponi eller blir brent. Den verkelege andelen som blir slutthandsama er difor noko høgare. Ein skal òg vere merksam på at målet om 25 prosent slutthandsaming gjeld for alt avfall, og ikkje spesielt for hushaldningsavfall.
Næringsavfallet blir privatisert
Statistikken omfattar òg den delen av næringsavfallet som blei handtert i dei kommunale renovasjonsordningane. Statistikken syner at det blei samla inn meir næringsavfall i kommunane dei første åra på 1990-talet. Etter det har det blitt mindre næringsavfall i det kommunale avfallssystemet. Av det kan ein neppe slutta at næringane genererer mindre avfall, men snarare at fleire næringsdrivande no nyttar private renovatørar.
Det er ikkje berre hushaldningsavfallet som blir flittigare utsortert. Utsorteringa av næringsavfall har òg auka på 1990-talet, tilsynelatande med unnatak for 1997 og 1998. Men utvalsplan og oppblåsingsmetodikk var annleis i 1996 og 1997 enn i 1999 og 2000. Det er grunn til å ta tala for utsortert næringsavfall i 1996 og 1997 med ei klype salt.
Ved innsamling av avfall på renovasjonsbil og mot mottaksstasjon kan det vere vanskeleg å registrere privatavfall og næringsavfall kvar for seg. Det er òg slik at kommunane har liten oversikt over den mengda næringsavfall som oppstår i eigen kommune, og som blir deponert/levert på kommunale anlegg i omkringliggjande kommunar eller til private verksemder. Tala er til ein viss grad korrigert for begge desse forholda.
Tala er henta frå ei utvalsteljing som Statistisk sentralbyrå har gjort i 50 kommunar og interkommunale avfallsselskap. I alt har 141 av landets 435 kommunar og 54 prosent av befolkninga vore representert i utvalet.
Mengde hushaldningsavfall. 1992-2000. Tonn og kg per innbyggjar |
I alt | Utsortert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | Kg per innbyggjar | I alt | Kg per innbyggjar | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
19921 | 1 012 192 | 237 | 86 363 | 20 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
19951 | 1 173 643 | 269 | 212 689 | 49 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
19961 | 1 195 274 | 274 | 260 234 | 60 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
19971 | 1 259 333 | 287 | 365 898 | 83 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1998 | 1 363 909 | 309 | 452 698 | 102 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1999 | 1 396 674 | 314 | 524 156 | 118 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
2000 | 1 451 590 | 324 | 581 056 | 130 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldningsavfallet. |
Kontakt
-
Camilla Skjerpen
E-post: camilla.skjerpen@ssb.no
tlf.: 48 22 72 14
-
Mona E. Onstad
E-post: mona.onstad@ssb.no
tlf.: 48 59 61 86