52778_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/avfkomm/aar
52778
Mindre avfall til deponi
statistikk
2011-06-24T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, husholdningsavfall, avfall, gjenvinning, avfallshåndtering, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrAvfall, KOSTRA, Natur og miljø, Natur og miljø, Offentlig sektor, Svalbard
false

Avfall frå hushalda2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mindre avfall til deponi

Avfall til deponi utgjorde berre 6 prosent av dei totale mengdene avfall frå hushalda i 2010. Det er om lag 60 prosent mindre enn året før.

I snitt kasta kvar og ein av oss 424 kg avfall i 2010. Det er 1 prosent meir enn i 2009. Av 2,1 millionar tonn innsamla hushaldsavfall blei om lag 1,7 millionar tonn, eller 82 prosent, utnytta anten til materialattvinning eller energiutnytting, syner tal frå kommune-stat-rapporteringa (KOSTRA) for 2010.

Handtering av hushaldsavfall 1998-2010

Mindre på deponi gir mindre utslepp

Tala syner ein nedgang på heile 166 000 tonn avfall til deponi i 2010 sett i høve til året før. Viktigaste forklaringa er at 2010 er fyrste heile året med deponiforbod.

1. juli 2009 innførte myndigheitene forbod mot å deponere nedbrytbart avfall som papir, tekstilar og matrestar. Men enkelte kommunar har dispensasjon fram til 2012.

Metan frå avfallsdeponi utgjer om lag 2 prosent av alle klimautslipp her i landet, eller om lag 1 millionar tonn CO2 ekvivalentar. Det er ein nedgang på 0,8 millionar tonn frå 1990.

Hushaldsavfall sendt til materialattvinning var 880 000 tonn, om lag det same som i 2009. Det vart samstundes sendt 204 000 tonn meir avfall til forbrenning enn året før. Av dei 1,05 millionar tonn avfall som blei brent i 2010, var 197 000 tonn sortert materiale, medan resten var blanda restavfall.

Konsum og avfall. Hushald. 1996-2010

Avfallsmengda aukar mindre enn forbruket

Tala syner ein samanheng mellom forbruket i hushalda og kor mykje vi kastar. I åra fram til 2008 auka mengda hushaldsavfall i snitt med 5 prosent kvart år, noko som var meir enn volumauka i forbruket i hushalda. Dei to siste åra har auken i avfallsmengd vært mindre enn volumauken i forbruket. Frå 2009 til 2010 gjekk mengda hushaldsavfall opp med 2,4 prosent, frå 2,0 millionar til 2,1 millionar tonn, medan forbruksvolumet gjekk opp med 3,7 prosent. For kvar 1 000 kroner som går til forbruk, kastar vi om lag 2 kg avfall.

Tal for forbruket i hushalda er henta frå det årlige nasjonalregnskapet og er ein del av tabellen

Hovedtall for Konsum. Årlig volumendring i prosent

Hushaldsavfall. Mengd i alt og utsortert. 1992-2010. 1 000 tonn og kg per innbyggjar
 
Heile landet I alt Utsortert i alt
I alt Kg per
innbyggjar
I alt Kg per
innbyggjar
 
19921 1 012  237 86 20
19951 1 174  269  213 49
2000 1 452  324  581  130
2005 1 844  401  906  198
2006 1 940  414  972  208
2007 2 034  429 1 037  219
2008 2 079  434 1 088  227
2009 2 039  420 1 074  221
2010 2 088  424 1 110  226
 
1  Justert for innblanding av næringsavfall i
hushaldsavfallet.
Kilde:  Avfallstatistikk, Statistisk sentralbyrå.

Folk på Sør-Austlandet kastar mest

Av dei 19 fylka i landet hadde 11 auke i mengda avfall per innbyggjar frå 2009 til 2010.

Folk frå Sør-Austlandet kastar mest, med 490 kg avfall kvar i 2010. For Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg var snittet på under 400 kg. Oslo ligger under snittet for landet, med 379 kg per innbyggjar. Skilnadane i totalmengde mellom kommunane er vanskeleg å forklare. Levesett, alderssamansetjing, næringsveg og mogleg handsaming av avfallet på eigen eigedom samt forskjellar i korleis avfallet blir registrert, kan påverke tala.

I statistikken over det vanlege hushaldsavfallet, som er kommunane sitt ansvar, er ikkje bilvrak, heimekompostering og anna som hamnar utanom renovasjonsordninga medrekna. Om ein òg reknar med avhenda bilar i tala, auka snittet for kvar nordmann med 6 kg til 448 kg frå 2009 til 2010.

Attvinningsgraden aukar

Om ein i tillegg til avfall sendt til materialattvinning reknar med den delen av brent avfall som blei energiutnytta, utgjer mengda avfall attvunne 1,7 millionar tonn, eller 82 prosent av alt hushaldsavfall i 2010. Dette er 6 prosentpoeng meir enn året før. I mengda avfall sendt til forbrenning med energiutnytting inngår også 140 000 tonn restavfall som blei eksportert til forbrenning i andre land. Eksporten er meir enn dobla frå 2009, da den var på 60 000 tonn.

Målet til styresmaktene er 75 prosent attvinning innan 2010. Ein skal vere merksam på at målet gjeld alt avfall, og ikkje spesielt hushaldsavfall. Avfall ble sist behandla i Stortingsmelding nr. 8 (1999-2000), Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand . Miljødepartementet har starta arbeidet med ei ny melding til Stortinget.

I 2008 var den gjennomsnittlege energiutnyttingsgraden ved norske avfallsforbrenningsanlegg 77 prosent. Tala for 2010 er berekna ut frå same utnyttingsgrad.

Hedmark sorterer mest

Hedmark og Vestfold ligg no på topp med høvesvis 69 og 68 prosent utsortert for attvinning. 5 fylker sorterte ut mindre i 2010 enn i 2009. Om ein nyttar den gjennomsnittlege energiutnyttinga på 77 prosent frå forbrenning av restavfall og reine fraksjonar, leverte alle fylker meir til attvinning i 2010. Hordaland hadde den største auken i utsortering frå 2009 til 2010, med 4 prosentpoeng, og Vest-Agder hadde mest auka for attvinningsgrad med 16 prosentpoeng.

Ei forklaring på variasjonen mellom kommunane si satsing på utsorteringsordningar og mengdene som blir sortert ut for attvinning, kan vere ulike transportavstandar til attvinningsbedrifter. Utsorteringsgraden for heile landet har ikkje endra seg frå 2009, og var på 53 prosent.

Ved innsamling av avfall med renovasjonsbil og på mottaksstasjon kan det vere vanskeleg å registrere hushaldsavfall og næringsavfall kvar for seg. Tala er korrigerte for desse forholda så godt det let seg gjere ut frå opplysningar frå kommunane.

Hushalda på Svalbard kaster lite

Busette i Longyearbyen kasta i snitt 184 kg kvar i 2010, ein nedgang på 19 kg frå 2009 og mindre enn halvparten av det dei busette på fastlandet gjorde. Longyearbyen har teke i bruk matavfallskvernar til bruk i hushalda, noko som er med på å redusere mengda hushaldsavfall, men samstundes aukar utsleppa gjennom avlaupet. Andre forklaringar kan ligge i det spesielle busetnadsmønsteret med korte opphald og mindre bustader. Om lag 36 prosent av hushaldsavfallet blei sortert ut for attvinning, og 90 prosent av restavfallet blei sendt til forbrenning med energiutnytting på fastlandet.

Om lag midt på treet i Europa

I ei samanlikning mellom land i Europa for mengda kommunalt avfall, har Statistisk sentralbyrå berekna at Noreg låg på 470 kg per innbyggjar i 2009. Det er 42 kg mindre enn snittet i Europa. Kommunalt avfall er summen av hushaldsavfall og alt forbruksavfall frå næringslivet som vert teke hand om i kommunal verksemd.

Samanlikning av mengd kommunalt avfall i ulike land er uviss. Kva som reknas med, og korleis renovasjonen er organisert, varierer mellom landa.

Tabeller: