Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Meir avfall til forbrenning
I 2001 blei for fyrste gong meir hushaldsavfall sendt til forbrenning enn til søppelfyllinga. 29 prosent blei levert til forbrenningsanlegg og 25 prosent av hushaldsavfallet blei lagt på fylling (deponi) i 2001.
Auken i utsortert hushaldsavfall til attvinning var på 47 prosent frå 1998 til 2001. På same tida gjekk mengda deponert ned med 35 prosent og mengda som blei brent opp med 39 prosent. Mengdene hushaldsavfall auka med 4 prosent frå år 2000, til 1 507 000 tonn i 2001.
Avfallsmengda aukar framleis...
Det er registrert auke i mengda hushaldsavfall heilt sidan dei fyrste statistikkane blei publiserte på byrjinga av 1970-talet. I 1974 leverte kvar innbyggjar i snitt 174 kilo hushaldsavfall, og i fjor hadde mengda auka til 335 kilo, altså nesten dobbelt så mykje, og 11 kilo meir enn i 2000. I alt blei det samla inn 56 000 tonn meir avfall enn året før. Akershus hadde mest hushaldsavfall per innbyggjar med gjennomsnittleg 401 kilo, medan kvar nordtrønder berre leverte 248 kilo.
...men mindre går på fyllinga...
I 2000 sorterte norske hushald og kommunar for fyrste gong ut meir hushaldsavfall til attvinning enn til deponi (søppelfylling). I 2001 sende vi òg for fyrste gong meir til forbrenning enn til deponi.
Om lag 25 prosent av alt hushaldsavfallet blei levert direkte til deponi. For 2001 svarar det til 382 000 tonn, eller 85 kilo frå kvar nordmann. Det er ein nedgang på 85 000 tonn, eller 18 prosent, frå 2000.
63 prosent av alt hushaldsavfallet i Sogn og Fjordane blei sendt til fylling, medan ingenting blei rapportert deponert frå hushalda i Oslo. I 2001 gjekk om lag 445 000 tonn hushaldsavfall til forbrenning, ein auke på 39 000 tonn sidan 2000. I snitt utgjer dette 99 kilo per innbyggjar. Sør-Trøndelag er det fylket som har størstedelen til forbrenning, 60 prosent i 2001, medan Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland og Finnmark ikkje leverte hushaldsavfall til brenning.
I 1999 var den gjennomsnittlege energiutnyttingsgraden ved norske avfallsforbrenningsanlegg 73 prosent. Dersom utnyttingsgraden var den same i 2001, blei 323 000 tonn restavfall frå hushalda energiutnytta i 2001. Det tyder at 67 prosent av hushaldsavfallet blei utnytta anten til materialattvinning eller brent med energiutnytting, og 33 prosent slutthandsama. Det er 7 prosentpoeng nærare det avfallspolitiske resultatmålet om 25 prosent slutthandsaming innan 2010 enn i 2000.
I desse utrekningane er det ikkje teke med at ein del av det utsorterte avfallet blir forkasta i attvinningsprosessen og hamnar på deponi eller blir brent. Den verkelege delen som blir slutthandsama er difor noko høgare. Ein skal òg vere merksam på at målet om 25 prosent slutthandsaming gjeld for alt avfall, og ikkje spesielt for hushaldsavfall.
Effekten av den nye slutthandsamingsavgifta kan ha medverka til nedgangen for mengda deponert og auken i mengda til forbrenning. Nye forbrenningsanlegg er tekne i bruk, noko som raskt gjer store utslag.
...og sortering aukar
I alt 668 000 tonn hushaldsavfall, eller 44 prosent, blei sortert ut for attvinning i 2001. Dette er ein auke på 87 000 tonn frå året før. 149 kilo blei utsortert frå kvar nordmann, mot 130 kilo i 2000. I halvparten av fylka blei meir enn 50 prosent av avfallet sortert ut. Nord-Trøndelag og Hedmark kjem best ut med 63 og 62 prosent utsortering.
Av materialfraksjonane er det våtorganisk avfall som har størst auke i tonn sidan 1998, og utgjer no 137 000 tonn eller 20 prosent av alt hushaldsavfallet som blir sortert ut. Våtorganisk avfall som blir heimekompostert blir ikkje rekna med her. For 1999 og 2000 har vi oppblåste tal som kan vere noko usikre. Vi vel difor å samanlikne materialfraksjonane med tal frå 1998. Papir, papp og drikkekartong utgjer størstedelen på 35 prosent av det utsorterte hushaldsavfallet, eller 237 000 tonn. Prosentvis størst auke har plast med heile 220 prosent frå 1998, men mengda utgjer førebels berre 4 000 tonn eller under 1 prosent. EE-avfall er ein eigen fraksjon frå 2001. Tidlegare gjekk dette avfallet saman med metall. Samanliknar ein metall og EE-avfall samla med utsortert metallavfall frå 1998, er mengda nærast fordobla. Frå 2001 er òg spesialavfall frå hushalda som blir samla inn i kommunal regi inkludert i statistikken. Dette utgjer 8 700 tonn eller om lag 1 prosent av alt hushaldsavfall.
Med sortering for attvinning meiner vi her det avfallet som kvart hushald sorterer ut i heimen eller som blir sortert på avfallsplassen. Etter utsorteringa vil avfallet kunne bli materialattvunne, brent med energiutnytting eller nytta som fyllmasse. Frå denne handsaminga kan det bli ein rest som i dei fleste tilfella går attende til deponi. Avfall frå avfallshandsaminga reknast som næringsavfall.
Ved innsamling av avfall på renovasjonsbil og på mottaksstasjon kan det vere vanskeleg å registrere hushaldsavfall og næringsavfall kvar for seg. Tala er korrigerte for desse forholda så godt det let seg gjere ut frå opplysningar frå kommunane.
Skilnadene i totalmengda mellom kommunane er vanskeleg å forklare. Levesettet til folk, alderssamansetjing, næringsveg og mogleg handsaming av avfallet på eigen eigedom samt forskjellar i korleis avfallet blir registrert kan påverke tala. Når det gjeld variasjon i mengdene som blir sorterte ut for attvinning og satsing på slike ordningar, kan transportavstandar til attvinningsbedrifter vere ei av forklaringane.
385 kommunar har henteordning for papir
Alle kommunane har tilbod om innlevering av utsortert avfall. I snitt har kommunane henting av sortert avfall ved heimen for to materialfraksjonar og restavfall. Papir og våtorganisk avfall er dei vanlegaste fraksjonane som blir henta. I alt har 385 kommunar henteordning for papir og 278 kommunar for våtorganisk. Tilsvarande tal for 1997 var 283 kommunar med henting av papir og 134 av våtorganisk. Spesialavfall blei henta ved heimen i 54 kommunar i 2001, mot 61 i 1997. Til saman hadde 415 kommunar ei eller anna ordning for innsamling av spesialavfall frå hushalda i 2001. 27 kommunar hadde ikkje tilbod om henting av utsortert avfall i det heile i 2001 mot 136 kommunar i 1997. Der blei berre restavfallet henta og innbyggjarane måtte sjølve transportere utsortert avfall til ein mottaksstasjon.
299 kommunar tilbaud gratis levering av ein eller fleire fraksjonar på sentrale attvinningsstasjonar. Betaling for slike ordningar blei dekka av den ordinære renovasjonsavgifta. For nokre kommunar blei alt hushaldsavfallet levert samla til eit sentralsorteringsanlegg som sorterer ut dei einskilde fraksjonane.
Tala er henta frå ei teljing som Statistisk sentralbyrå har gjort i alle kommunane og interkommunale avfallsselskap. Alle kommunane har rapportert om renovasjonsordningane sine gjennom KOSTRA . 100 kommunar som ikkje er med i interkommunale avfallsselskap har òg rapportert avfallsmengder gjennom KOSTRA, medan avfallsmengdene frå dei kommunane som er med i interkommunale avfallsselskap blir rapportert samla av avfallsselskapet på papirskjema eller elektronisk skjema. Mengda for kvar av desse kommunane er berekna og fordelt etter innbyggjartal justert for hytteabonnentar.
Mengd hushaldsavfall. 1992-2001. Tonn og kilo per
innbyggjar |
Heile landet | I alt | Utsortert i alt | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | Kilo per innbyggjar | I alt | Kilo per innbyggjar | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
19921 | 1 012 192 | 237 | 86 363 | 20 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
19951 | 1 173 643 | 269 | 212 689 | 49 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
19961 | 1 195 274 | 274 | 260 234 | 60 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
19971 | 1 259 333 | 287 | 365 898 | 83 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1998 | 1 363 909 | 309 | 452 698 | 102 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1999 | 1 396 674 | 314 | 524 156 | 118 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
2000 | 1 451 590 | 324 | 581 056 | 130 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
2001 | 1 506 715 | 335 | 668 393 | 148 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldsavfallet. |
Kjelde: Avfallsstatistikk, Statistisk sentralbyrå. |
Tabeller:
- Tabell 1 Hushaldsavfall . 1974-2001. Kilo per innbyggjar
- Tabell 2 Hushaldsavfall, etter fylke. 1995, 1998 og 2001. Kilo per innbyggjar
- Tabell 3 Hushaldsavfall utsortert, etter materiale. Del som vart utsortert. 1992-2001. Tonn
- Tabell 4 Hushaldsavfall sortert ut for attvinning. 1992-2001. 1 000 tonn og prosent
- Tabell 5 Hushaldsavfall, etter kommune. 1995, 1998 og 2001. Kilo per innbyggjar
- Tabell 6 Hushaldsavfall utsortert til attvinning, etter materiale. Del som går til attvinning. Kommune og fylke. 2001. Tonn
- Tabell 7 Hushaldsavfall, etter handsaming. 1992-2001. 1 000 tonn
Kontakt
-
Camilla Skjerpen
E-post: camilla.skjerpen@ssb.no
tlf.: 48 22 72 14
-
Mona E. Onstad
E-post: mona.onstad@ssb.no
tlf.: 48 59 61 86