Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Vi kastar som aldri før
I 2005 kasta kvar nordmann i snitt 407 kg søppel. Det er 29 kg meir enn året før og den største auken sia målinga av mengda hushaldsavfall starta.
Av 1,8 millionar tonn innsamla hushaldsavfall blei 906 000 tonn, eller 49 prosent, sortert ut for attvinning, syner tal som er henta inn gjennom kommune-stat-rapporteringa (KOSTRA) for 2005.
Hushaldsavfall. Mengd i alt og utsortert.
1992-2005. Tonn og kg per innbyggjar |
I alt | Utsortert i alt | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt |
Kg per
innbyggjar |
I alt |
Kg per
innbyggjar |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
19921 | 1 012 192 | 237 | 86 363 | 20 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
19951 | 1 173 643 | 269 | 212 689 | 49 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
19961 | 1 195 274 | 274 | 260 234 | 60 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
19971 | 1 259 333 | 287 | 365 898 | 83 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1998 | 1 363 909 | 309 | 452 698 | 102 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1999 | 1 396 674 | 314 | 524 156 | 118 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
2000 | 1 451 590 | 324 | 581 056 | 130 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
2001 | 1 506 715 | 335 | 668 393 | 148 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
2002 | 1 612 674 | 354 | 731 632 | 161 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
2003 | 1 670 602 | 365 | 764 347 | 167 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
2004 | 1 746 353 | 378 | 854 338 | 185 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
2005 | 1 843 575 | 407 | 905 799 | 202 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldsavfallet. |
Kvar nordmann kastar meir
I fjor hadde mengda hushaldsavfall auka til 407 kg per innbyggjar. Det er 29 kg meir enn i 2004, medan auken frå 2003 til 2004 var på 13 kg. Dette er den største auken sia måling av mengda avfall starta opp. Folk frå Søraustlandet toppar statistikken med 440 kg avfall kvar i 2005, medan nordlendingane berre kasta om lag 303 kg. Skilnadene i totalmengda mellom kommunane er vanskeleg å forklåre. Folks levesett, alderssamansetjing, næringsveg og mogleg handsaming av avfallet på eigen eigedom samt forskjellar i korleis avfallet blir registrert kan påverke tala.
I desse mengdene hushaldsavfall er ikkje bilvrak, heimekompostering og anna som hamnar utanom renovasjonsordninga medrekna.
Avfall og vareforbruk
Avfallsmengda har auka med 5,6 prosent siste året. Dette er meir enn auken i vareforbruket i hushalda målt i kroner, som var på 3,2 prosent frå 2004 til 2005. For heile perioden frå 1996 til 2005 har avfallsmengda auka meir enn vareforbruket.
Meir går til attvinning ...
Tala syner at det har vore ein auke på 14 prosent i både hushaldsavfall til materialattvinning og til forbrenning frå 2004 til 2005. Av dei 732 000 tonna som blei brent, var 118 000 tonn sortert materiale, medan resten var blanda restavfall. I alt 727 000 tonn hushaldsavfall gjekk til materialattvinning.
... men òg meir til slutthandsaming
Sjølv om avfallsmengda har auka, er mengda avfall til deponi gått ned med 3 prosent samanlikna med året før. Om ein i tillegg til deponering reknar med den delen av brent avfall som ikkje kan nyttast til energi, blir mengda til slutthandsaming 516 000 tonn. Dette er om lag 10 000 tonn meir enn i 2004. I 2004 var den gjennomsnittlege energiutnyttingsgraden ved norske avfallsforbrenningsanlegg 75 prosent, og tala for 2005 er berekna ut frå same utnyttingsgraden. Om lag 71 prosent av hushaldsavfallet blei attvunne, inklusiv energiutnytting. I mengda avfall til forbrenning med energiutnytting inngår òg 55 000 tonn restavfall som blei eksportert til andre land.
Målet til styresmaktene er 75 prosent attvinning innan 2010, men ein skal vere merksam på at målet gjeld alt avfall, og ikkje spesielt for hushaldsavfall.
Mest papp og papir
Utsortert farleg avfall og tekstilar auka mest, med 45 og 24 prosent frå 2004 til 2005. Mengdene papp og papir var den største fraksjonen og hadde òg den største volumauken på 27 000 tonn til rundt 300 000 tonn for 2005.
Hedmark ligg framleis på topp når det gjeld utsortering til attvinning, med 68 prosent. Men om ein reknar med ei energiutnytting på 75 prosent frå forbrenning, kom Vestfold best ut med 84 prosent attvinning. Kommunane på Vestlandet og i Nord-Noreg kom dårlegast ut, med rundt 40 prosent utsortering. Hordaland hadde størst auke i utsorteringsgrad, frå 36 prosent i 2004 til 47 prosent i 2005. Når det gjeld variasjon i mengdene som blir sortert ut for attvinning, og satsing på slike ordningar i kommunane, kan ulike transportavstandar til attvinningsbedrifter vere ein av forklaringane.
Renovasjonsordningane legg opp til meir sortering
I alt har 285 kommunar hatt henteordning for våtorganisk avfall. Alle kommunar hadde tilbod om innlevering av utsortert avfall.
For 2005 hadde 314 kommunar tilbod om heimekompostering. Om lag 68 000 husstandar nytta tilbodet.
Ved innsamling av avfall på renovasjonsbil og på mottaksstasjon kan det vere vanskeleg å registrere hushaldsavfall og næringsavfall kvar for seg. Tala er korrigerte for desse forholda så godt det let seg gjere ut frå opplysningar frå kommunane.
Gebyra aukar, men store forskjellar
Årleg gebyr for avfallstenesta er for heile landet i snitt 1 882 kroner per hushald for 2006. Dette er ein auke på 3 prosent frå 2005. Gebyret er høgst i kommunane i Finnmark med eit snitt på 2 363 kroner per år, medan Oslo har det lågaste med 1 469 kroner. Kommunane i Østfold har i snitt hatt den største auken med 11 prosent, medan det for kommunane i Akershus i snitt har vore ein nedgang på 6 prosent frå året før. Kommunane i dei tre fylka Sør-Trøndelag, Vest-Agder og Hordaland har òg i snitt sett ned gebyra. Sjå fleire tal i KOSTRA
Meir informasjon
Tabeller:
- Tabell 1 Hushaldsavfall. Attvinningsgrad inklusiv energiutnytting, etter fylke og kommune. 1995-2005. Kg per innbyggjar (Rettet 21. juni 2006 kl. 1445)
- Tabell 2 Hushaldsavfall utsortert til attvinning, etter materiale og fylke. 1992-2005. Tonn
- Tabell 3 Hushaldsavfall etter handsaming og fylke. 1998-2005. 1 000 tonn
- Tabell 4 Del av innbyggjarane som bur i kommunar med tilbod om henteordning for kjeldesortert avfall. 2002-2005. Prosent (Rettet 22. juni 2006 kl. 1100)
Kontakt
-
Camilla Skjerpen
E-post: camilla.skjerpen@ssb.no
tlf.: 48 22 72 14
-
Mona E. Onstad
E-post: mona.onstad@ssb.no
tlf.: 48 59 61 86