19439_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/avfkomm/arkiv
19439
Halvparten sorterast ut
statistikk
2007-06-18T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, husholdningsavfall, avfall, gjenvinning, avfallshåndtering, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrAvfall, KOSTRA, Natur og miljø, Natur og miljø, Offentlig sektor, Svalbard
false

Avfall frå hushalda2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Halvparten sorterast ut

I 2006 kasta kvar nordmann i snitt 414 kg søppel. Og 208 kilo blei sortert ut for attvinning. Folk på Sør-Austlandet kasta mest.

Av 1,9 millionar tonn innsamla hushaldsavfall blei 972 000 tonn, eller 50 prosent, sortert ut for attvinning, syner tal som er henta inn gjennom kommune-stat-rapporteringa (KOSTRA) for 2006.

Hushaldsavfall. Mengd i alt og utsortert. 1992-2006.
Tonn og kg per innbyggjar
Heile landet *I alt *Utsortert i alt
I alt Kg per innbyggjar I alt Kg per innbyggjar
19921 1 012 192  237        86 363 20
19951 1 173 643  269  212 689 49
19961 1 195 274  274  260 234 60
19971 1 259 333  287  365 898 83
1998 1 363 909  309  452 698  102
1999 1 396 674  314  524 156  118
2000 1 451 590  324  581 056  130
2001 1 506 715  335  668 393  148
2002 1 612 674  354  731 632  161
2003 1 670 602  365  764 347  167
2004 1 746 353  378  854 338  185
2005 1 843 653  401  905 799  198
2006 1 939 795  414  971 865  208
1  Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldsavfallet.
Kjelde:  Avfallstatistikk, Statistisk sentralbyrå.

Konsum og avfall. Hushald. 1996-2006. Indeks 1996=1

Folk på Sør-Austlandet på topp

I fjor hadde mengda hushaldsavfall auka til 414 kg per innbyggjar. Det er 13 kg meir enn i 2005, medan auken frå 2004 til 2005 var på 23 kg. Folk på Sør-Austlandet toppar statistikken med 477 kg avfall kvar i 2006, medan nordlendingane berre kasta 309 kg. Skilnadane i totalmengd mellom kommunane er vanskeleg å forklåre. Levesett, alderssamansetjing, næringsveg og mogleg handsaming av avfallet på eigen eigedom samt forskjellar i korleis avfallet blir registrert, kan påverke tala.

I statistikken over hushaldsavfall er ikkje bilvrak, heimekompostering og anna som hamnar utanom renovasjonsordninga medrekna.

Avfallet aukar meir enn vareforbruket

Avfallsmengda har auka med 5,2 prosent siste året. Dette er noko meir enn auken i vareforbruket i hushalda målt i kroner, som var på 4,3 prosent frå 2005 til 2006. For heile perioden frå 1996 til 2005 har avfallsmengda auka meir enn vareforbruket.

Meir går til deponi

Tala syner at det har vore ein auke på om lag 6 prosent avfall sendt til deponi. Hushaldsavfall sendt til materialattvinning auka med 8 prosent og til forbrenning med 3 prosent frå 2005 til 2006. Av dei 752 000 tonna som blei brent, var 140 000 tonn sorterte materiale, medan resten var blanda restavfall. I alt 784 000 tonn hushaldsavfall gjekk til materialattvinning.

Handtering av hushaldsavfall 1998-2006. 1 000 tonn

Delen til slutthandsaming er uendra

Om ein i tillegg til deponering reknar med den delen av brent avfall som ikkje blei energiutnytta, blir mengda til slutthandsaming 540 000 tonn. Dette er om lag 24 000 tonn meir enn i 2005. I 2005 var den gjennomsnittlege energiutnyttingsgraden ved norske avfallsforbrenningsanlegg 75 prosent, og tala for 2006 er berekna ut frå same utnyttingsgraden. Om lag 71 prosent av hushaldsavfallet blei attvunne, inklusiv energiutnytting, som er det same som året før. I mengda avfall til forbrenning med energiutnytting inngår òg 58 000 tonn restavfall som blei eksportert til andre land.

Målet til styresmaktene er 75 prosent attvinning innan 2010, men ein skal vere merksam på at målet gjeld alt avfall, og ikkje spesielt for hushaldsavfall.

Plast aukar mest

Utsortert plast auka mest med 36 prosent frå 2005 til 12 500 tonn i 2006. I volum hadde treavfall den største auken, med 18 000 tonn til 146 000 i 2006. Men papp og papir er framleis den største fraksjonen med 313 000 tonn. Metall hadde ein liten nedgong på 1 prosent frå året før.

Østfold hadde størst auke i utsorteringsgrad, frå 44 prosent i 2005 til 64 prosent i 2006. Men Hedmark ligg framleis på topp med 69 prosent utsortert for materialattvinning.

Om ein reknar med ei energiutnytting på 75 prosent frå forbrenning, kom Vestfold best ut med 80 prosent attvinning. Kommunane på Vestlandet og i Nord-Noreg kom dårlegast ut, med rundt 40 prosent utsortering. Når det gjeld variasjon i mengdene som blir sortert ut for attvinning, og satsing på slike ordningar i kommunane, kan ulike transportavstandar til attvinningsbedrifter vere ein av forklaringane.

Renovasjonsordningane varierar

Kvar tredje husstand har no tilbod om henting av plastavfall ved heimen, dette er 8 prosent fleire enn i 2005. For våtorganisk avfall har 53 prosent tilbod om henting, det er 7 prosent mindre enn året før. Heimekompostering har òg hatt ein nedgong frå 2 til 1 prosent.

Ved innsamling av avfall på renovasjonsbil og på mottaksstasjon kan det vere vanskeleg å registrere hushaldsavfall og næringsavfall kvar for seg. Tala er korrigerte for desse forholda så godt det lar seg gjere ut frå opplysningar frå kommunane.

Årleg gebyr for avfallstenesta. 2002-2007. Snitt for alle kommunar. Kroner

Val som påverkar gebyrsatsen

3 av 4 husstandar kan påverke gebyrstorleiken ved å velja anten blant storleik på behaldarar, tømmefrekvens, kva materiale som kan kildesorterast eller heimekompostering.

Mest vanleg er val av storleik på behaldarar og val om heimekompostering, om lag 60 prosent av kommunane hadde slikt tilbod. Berre 15 prosent av kommunane let val av hentefrekvens påverke gebyret.

Gebyra auker, men store skilnader

Årleg gebyr for avfallstenesta er for heile landet i snitt 1 942 kroner per hushald for 2007. Dette er ein auke på 3 prosent frå 2006, og det er same auken som frå 2005 til 2006. Gebyra er høgst i kommunane i Finnmark med eit snitt på 2 414 kroner per år, medan Oslo har dei lågaste gebyra med eit snitt på 1 569 kroner. Kommunane i Hordaland har i snitt hatt den største auken med 9 prosent, medan det for kommunane i Vestfold i snitt har vore ein nedgang på 2 prosent frå året før. Sjå fleire tal i KOSTRA .

Meir informasjon

Temaside for avfall

Nasjonalrekneskap og miljø

Avfallsregnskapet

Miljøstatus i Noreg

Tabeller: