19437_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/avfkomm/arkiv
19437
Vekst i mengda av hushaldsavfall
statistikk
2008-06-20T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, husholdningsavfall, avfall, gjenvinning, avfallshåndtering, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrAvfall, KOSTRA, Natur og miljø, Natur og miljø, Offentlig sektor, Svalbard
false

Avfall frå hushalda2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i mengda av hushaldsavfall

Kvar innbyggjar kasta i snitt 429 kilo hushaldsavfall i fjor, 15 kilo meir enn året før. Både avfall til materialattvinning og avfall til deponi auka, men avfallsmengda auka mindre enn vareforbruket.

Av to millionar tonn innsamla hushaldsavfall blei om lag ein million tonn, eller 51 prosent, sortert ut for attvinning, syner tal som er henta inn gjennom kommune-stat-rapporteringa (KOSTRA) for 2007.

Hushaldsavfall. Mengd i alt og utsortert. 1992-2007. 1 000 tonn og kilo per innbyggjar
Heile landet *I alt *Utsortert i alt
I alt Kilo per innbyggjar I alt Kilo per innbyggjar
19921 1 012  237 86 20
19951 1 174  269  213 49
2000 1 452  324  581  130
2005 1 844  401  906  198
2006 1 940  414  972  208
2007 2 034  429 1 037  219
1  Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldningsavfallet.
Kilde:  Avfallstatistikk, Statistisk sentralbyrå.

Folk på Sør-Austlandet kastar mest

I fjor hadde mengda hushaldsavfall auka til 429 kilo per innbyggjar. Det er 15 kilo meir enn i 2006, medan auken frå 2005 til 2006 var på 13 kilo. Folk frå Sør-Austlandet toppar statistikken med om lag 500 kilo avfall kvar i 2007, medan nordlendingane berre kasta 337 kilo. Skilnadane i totalmengde mellom kommunane er vanskeleg å forklåre. Levesett, alderssamansetjing, næringsveg og mogleg handsaming av avfallet på eigen eigedom samt forskjellar i korleis avfallet blir registrert kan påverke tala.

I statistikken over hushaldsavfall i kommunal renovasjon er ikkje bilvrak, heimekompostering og anna som hamnar utanom renovasjonsordninga medrekna.

Konsum og avfall. Hushald. 1996-2007. Indeks 1997=1

Avfallet aukar mindre enn vareforbruket

Avfallsmengda har auka med 4,9 prosent, frå 1,9 millionar tonn i 2006 til 2,0 millionar tonn 2007. Dette er litt mindre enn auken i vareforbruket i hushalda målt i kroner, som var på 6,4 prosent frå 2006 til 2007. Trenden dei siste fem åra er at avfallsmengda aukar om lag likt som vareforbruket. Førre femårsperioden auka avfallet meir enn vareforbruket. Men avfallsauken var framleis større enn auken i bruttonasjonalprodukt, som var på 3,7 prosent siste året.

Meir går til materialattvinning

Tala syner at det har vore ein auke på 7 prosent eller om lag 27 000 tonn avfall sendt til deponi etter fleire år med nedgang. Auken til deponi speglar meir den generelle auken i avfallet enn endringar i avfallshandteringa I alt 380 000 tonn avfall blei sendt til deponi i 2007. Hushaldsavfall sendt til materialattvinning auka med 11 prosent eller 84 000 tonn og forbrenning med 10 000 tonn frå 2006 til 2007. Av dei 760 000 tonna som blei brent, var 140 000 tonn sortert materiale, medan resten var blanda restavfall. I alt 868 000 tonn hushaldsavfall gjekk til materialattvinning.

Handtering av hushaldsavfall. 1998-2007

Attvinningsgraden aukar

Om ein i tillegg til materialattvinning reknar med den delen av brent avfall som blei energiutnytta, blir mengda attvunne avfall, 1,4 millionar tonn. Dette er om lag 72 prosent av alt avfallet og 1 prosentpoeng meir enn i 2006. I 2005 var den gjennomsnittlege energiutnyttingsgraden ved norske avfallsforbrenningsanlegg 75 prosent, og tala for 2007 er berekna ut frå den same utnyttingsgraden. I mengda avfall til forbrenning med energiutnytting inngår òg 30 000 tonn restavfall som blei eksportert til andre land.

Målet til styresmaktene er 75 prosent attvinning innan 2010, men ein skal vere merksam på at målet gjeld alt avfall, og ikkje spesielt for hushaldsavfall.

Hedmark sorterer mest

Sogn og Fjordane hadde størst auke i utsorteringsgrad, frå 43 prosent i 2006 til 51 prosent i 2007. Men Hedmark ligg framleis på topp med 71 prosent utsortert for materialattvinning.

Frå 2006 til 2007 auka utsortert park- og hageavfall mest. Auken var på 26 000 tonn eller 23 prosent. Samanlagt blei det kasta 143 000 tonn utsortert park- og hageavfall i 2007. Papp og papir er framleis den største fraksjonen med 324 000 tonn. For alle materiale samanlagt var auken om lag 7 prosent.

Om ein reknar med ei energiutnytting på 75 prosent frå forbrenning, kom Oslo best ut med 81 prosent attvinning. Hedmark, Vestfold, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag hadde alle 80 prosent attvinning i 2007. For 7 fylker har det vore ein liten nedgang i attvinningsgraden. Når det gjeld variasjon mellom kommunane i satsing på slike ordningar og mengdene som blir sortert ut for attvinning, kan ulike transportavstandar til attvinningsbedrifter vere ein av forklaringane.

Renovasjonsordningane varierar

Om lag 90 prosent av husstandane har no tilbod om henting av papp og papir ved heimen, og litt over halvparten kan levere matavfallet i eigen dunk.

Ved innsamling av avfall på renovasjonsbil og på mottaksstasjon kan det vere vanskeleg å registrere hushaldsavfall og næringsavfall kvar for seg. Tala er korrigerte for desse forholda så godt det lar seg gjere ut frå opplysningar frå kommunane.

Gebyra aukar

Årleg gebyr for avfallstenesta er for heile landet i snitt 2 033 kroner per hushald for 2008. Dette er ein auke på 5 prosent frå 2007. Dette er ei noko større endring enn frå 2006 til 2007. Gebyra er høgst i kommunane i Finnmark med eit snitt på 2 555 kroner per år, medan kommunane i Østfold har dei lågaste gebyra med eit snitt på 1 632 kroner. Gjennomsnittstala for kommunane syner auke i alle fylka. Oslo kommune har hatt den største auken med 19 prosent, medan det for kommunane i Rogaland i snitt har vore ein auke på 1 prosent frå året før. Prisane på godstransport har hatt stor auke det siste året. Dette kan også ha påverka prisane på avfallstransport, og slik vere ein av grunnane til auken i årsgebyra. Sjølv om gebyrauken er om lag den same som auken i avfallsmengda sett for landet under eitt, kan ein ikkje sjå tilsvarande samanheng når ein testar på dei einskilde kommunane.

78 prosent av landets kommunar opererer med årsgebyr mellom 1 500 og 2 500 kroner. Halvparten av landets innbyggjarar bur i kommunar med årsgebyr i intervallet 1 500 til 2 000 kroner.

Spreiing i gebyrgrunnlaget per tonn innsamla hushaldsavfall, etter kommunar og folkemengd i landet. 2007. Prosent

Spreiing i satsar for årsgebyr, etter kommunar og folkemengd i landet. 2008. Kroner

Avfallstenesta er underlagt prinsippet om sjølvkost. Ifølgje forureiningslova skal kommunen fastsette gebyr til dekning av kostnader i samband med avfallshandteringa, og kostnadene skal fullt ut dekkast av gebyra.

Gebyrgrunnlaget er i gjennomsnitt 2 419 kroner per tonn innsamla hushaldsavfall for alle kommunane.

74 prosent av befolkninga bur i kommunar med eit gebyrgrunnlag per tonn innsamla avfall som er mindre enn 2 000 kroner. Dette utgjer 40 prosent av alle kommunane, og syner at dei folkerike kommunane har dei lågaste kostnadane.

Sjå fleire tal i KOSTRA

Meir informasjon

Temaside for avfall

Nasjonalrekneskap og miljø

Avfallsregnskapet

Miljøstatus i Noreg

Tabeller: