19435_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/avfkomm/arkiv
19435
Avfallsveksten bremsar opp
statistikk
2009-06-23T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, husholdningsavfall, avfall, gjenvinning, avfallshåndtering, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrAvfall, KOSTRA, Natur og miljø, Natur og miljø, Offentlig sektor, Svalbard
false

Avfall frå hushalda2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Avfallsveksten bremsar opp

Kvar innbyggjar kasta i snitt 434 kilo hushaldsavfall i fjor, berre 5 kilo meir enn året før. Nordlendingar kastar minst.

Konsum og avfall. Hushald. 1997- 2008. Indeks 1997=1

Aldri tidlegare i den tida vi har tal for, har auken frå eit år til eit anna vore så liten. Av om lag 2 millionar tonn innsamla hushaldsavfall blei om lag 1 million tonn, eller 52 prosent, sortert ut for attvinning, syner tal som er henta inn gjennom kommune-stat-rapporteringa (KOSTRA) for 2008.

Veksten i avfallsmengda og forbruket flatar ut

Den totale avfallsmengda i hushalda auka med 2,2 prosent mellom 2007 og 2008, til om lag 2 millionar tonn. Om lag 1 prosent av oppgangen kjem av vekst i folketalet og 1,2 prosent kjem av at kvar enkelt av oss kastar meir. Volumauka i forbruket i hushalda, målt i kroner, var på 1,3 prosent frå 2007 til 2008. Dette er den minste auken, både i avfallsmengder og forbruk, som har vorte målt sidan avfallsstatistikken starta opp i 1992. For kvar 1 000 kroner som går til forbruk, kastar vi 2 kilo avfall.

Hushaldsavfall. Mengd i alt og utsortert. 1992-2008. 1 000 tonn og kilo per innbyggjar
Heile landet *I alt *Utsortert i alt
I alt Kilo per innbyggjar I alt Kilo per innbyggjar
19921 1 012  237 86 20
19951 1 174  269  213 49
2000 1 452  324  581  130
2005 1 844  401  906  198
2006 1 940  414  972  208
2007 2 034  429 1 037  219
2008 2 079  434 1 088  227
1  Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldningsavfallet.
Kilde:  Avfallstatistikk, Statistisk sentralbyrå.

Folk på Sør-Austlandet kastar mest

Medan hushaldsavfall per innbyggjar auka med 5 kilo frå 2007 til 2008, var auken frå 2006 til 2007 på 15 kilo. Omlag halvparten av fylka hadde nedgang i mengda avfall per innbyggjar frå 2007 til 2008.

Folk frå Sør-Austlandet toppar statistikken målt i mengd hushaldsavfall, med om lag 507 kilo avfall kvar i 2008. Nordlendingane kasta berre 344 kilo kvar, og er dermed å finne i motsett ende av lista. Oslo ligg under snittet for landet, med 391 kilo per innbyggjar i snitt. Skilnadene i totalmengd mellom kommunane er vanskeleg å forklare. Levesett, alderssamansetjing, næringsveg og mogleg handsaming av avfallet på eigen eigedom samt forskjellar i korleis avfallet blir registrert, kan påverke tala.

I statistikken over det vanlege hushaldsavfallet, som er kommunane sitt ansvar, er ikkje bilvrak, heimekompostering og anna som hamnar utanom renovasjonsordninga medrekna. Om ein også reknar med avhenda bilar i tala, blir snittet for 2008 460 kilo per innbyggjar i Noreg.

Meir går til materialattvinning

Tala syner at det vart sendt 2 prosent, eller om lag 8 000 tonn, mindre avfall til deponi i 2008 sett i høve til 2007. Det blir framleis kjørd om lag 1 000 tonn avfall kvar dag på deponi i Noreg.

Hushaldsavfall sendt til materialattvinning auka med 4 prosent til 906 000 frå 2007 til 2008. Det vart samstundes sendt 19 000 tonn meir avfall til forbrenning, og av dei 781 000 tonna som blei brent i 2008, var 160 000 tonn sortert materiale, medan resten var blanda restavfall.

Handtering av hushaldsavfall. 1998-2008

Attvinningsgraden stabil

Om ein i tillegg til materialattvinning reknar med den delen av brent avfall som blei energiutnytta, blir mengda avfall sendt til attvinning 1,4 millionar tonn. Dette utgjer om lag 72 prosent av alt avfall som vart kasta i 2008, om lag same del som året før. I mengda avfall til forbrenning med energiutnytting inngår også 28 000 tonn restavfall som blei eksportert til andre land.

I 2007 var den gjennomsnittlege energiutnyttingsgraden ved norske avfallsforbrenningsanlegg 75 prosent. Tala for 2008 er berekna ut frå same utnyttingsgrad.

Målet til styresmaktene er 75 prosent attvinning innan 2010. Ein skal vere merksam på at målet gjeld alt avfall, og ikkje spesielt hushaldsavfall.

Nord-Trøndelag sorterer mest

Telemark hadde størst auke i utsorteringsgrad - frå 43 prosent i 2007 til 53 prosent i 2008 - men Nord-Trøndelag ligg no på topp med 69 prosent utsortert for attvinning.

Om ein reknar med ei energiutnytting på 75 prosent frå forbrenning, kom Vestfold og Sør-Trøndelag best ut med 82 prosent attvinning. Hedmark, Troms og Finnmark hadde den største auken i attvinningsgrad frå 2007 til 2008, med høvesvis 12 og 10 prosentpoeng kvar. For sju av fylka var det ein liten nedgang i attvinningsgraden. Når det gjeld variasjon mellom kommunane i satsing på slike ordningar og mengdene som blir sortert ut for attvinning, kan ulike transportavstandar til attvinningsbedrifter vere ei av forklaringane.

Renovasjonsordningane varierer

Om lag 90 prosent av husstandane har no tilbod om henting av papp og papir ved heimen, og 56 prosent kan sortere matavfallet heime. Litt under halvparten kan også levere utsortert plastemballasje heimefrå.

For dei kommunane som hadde rapportert inn data om renovasjonsordninga, hadde om lag ein tredel oppgitt henting av matavfall minst ein gong i veka. Omlag 80 prosent av kommunane har tilbod om mottak av grovavfall på betente attvinningsstasjonar utanom vanleg arbeidstid.

Ved innsamling av avfall med renovasjonsbil og på mottaksstasjon kan det vere vanskeleg å registrere hushaldsavfall og næringsavfall kvar for seg. Tala er korrigerte for desse forholda så godt det let seg gjere ut frå opplysningar frå kommunane.

Om lag midt på treet i Europa

I ei samanlikning mellom land i Europa for mengda kommunalt avfall, har Statistisk sentralbyrå berekna at Noreg låg på 488 kilo per innbyggjar i 2007, noko som er 34 kilo mindre enn snittet i Europa. Kommunalt avfall vil seie alt forbruksavfall frå næringslivet som vert teke hand om i kommunal verksemd i tillegg til hushaldsavfallet.

Samanlikning mellom mengda kommunalt avfall kan gje stor uvisse. Både kva som skal bli rekna med og korleis renovasjonen er organisert varierer mellom landa, og vil dermed påverke indikatoren.

Meir informasjon

Temaside for avfall

Nasjonalrekneskap og miljø

Avfallsregnskapet

Miljøstatus i Noreg

Tabeller: