19459_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/avfkomm/arkiv
19459
For fyrste gong kastar vi mindre
statistikk
2010-06-22T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, husholdningsavfall, avfall, gjenvinning, avfallshåndtering, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrAvfall, KOSTRA, Natur og miljø, Natur og miljø, Offentlig sektor, Svalbard
false

Avfall frå hushalda2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

For fyrste gong kastar vi mindre

For fyrste gong sidan statistikken starta opp i 1992 har den årlege mengda hushaldsavfall gått ned. Kvar innbyggjar kasta i snitt 420 kg hushaldsavfall i fjor, 14 kg mindre enn året før.

Konsum og avfall. Hushald. 1997-2009

I snitt kasta kvar og ein av oss 3 prosent mindre avfall i 2009 samanlikna med 2008. Av to millionar tonn innsamla hushaldsavfall blei om lag 1,1 millionar tonn, eller 53 prosent, sortert ut for attvinning, syner tal frå kommune-stat-rapporteringa (KOSTRA) for 2009.

Forbruket flatar ut og avfallsmengda går ned

Tala syner ein samanheng mellom forbruket i hushalda og kor mykje vi kastar. Dette er fyrste gongen sidan 1992 at verken avfallsmengd eller forbruk har auka. I åra fram til 2008 auka mengda hushaldsavfall i snitt med 5 prosent kvart år, noko som var meir enn volumauka i forbruket i hushalda. Frå 2008 til 2009 gjekk mengda hushaldsavfall ned 1,9 prosent, frå 2,1 millionar til 2,0 millionar tonn, medan forbruksvolumet heldt seg uendra. For kvar 1 000 kroner som går til forbruk, kastar vi 2 kg avfall.

Tal for forbruket i hushalda er henta frå den årlege nasjonalrekneskapen og er ein del av tabellen:

Hovedtall for Konsum. Årlig volumendring i prosent

Hushaldsavfall. Mengd i alt og utsortert.
1992-2009. 1 000 tonn og kg pr innbyggjar
Heile landet *I alt *Utsortert i alt
I alt Kg per innbyggjar I alt Kg per innbyggjar
19921 1 012  237 86 20
19951 1 174  269  213 49
2000 1 452  324  581  130
2005 1 844  401  906  198
2006 1 940  414  972  208
2007 2 034  429 1 037  219
2008 2 079  434 1 088  227
2009 2 039  420 1 074  221
1  Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldningsavfallet.
Kjelde:  Avfallstatistikk, Statistisk sentralbyrå.

Handtering av hushaldsavfall. 1998-2009

Folk på Sør-Austlandet kastar mest

Av dei 19 fylka i landet hadde 14 nedgang i mengda avfall per innbyggjar frå 2008 til 2009. Folk frå Sør-Austlandet kastar mest, med 496 kg avfall kvar i 2009. Nordlendingane kasta berre 348 kg kvar. Oslo ligger under snittet for landet, med 381 kg per innbyggjar. Skilnadane i totalmengd mellom kommunane er vanskeleg å forklare. Levesett, alderssamansetjing, næringsveg og mogleg handsaming av avfallet på eigen eigedom samt forskjellar i korleis avfallet blir registrert kan påverke tala.

I statistikken over det vanlege hushaldsavfallet, som er kommunane sitt ansvar, er ikkje bilvrak, heimekompostering og anna som hamnar utanom renovasjonsordninga, medrekna. Om ein òg reknar med avhenda bilar i tala, blir snittet for kvar nordmann 442 kg i 2009.

Mindre på deponi gir mindre utslepp

Tala for 2009 syner ein nedgong i hushaldsavfall til deponi på heile 22 prosent, eller 81 000 tonn, sett i høve til 2008. Om ein òg reknar med avfall frå næringslivet som hamnar på deponi, utgjer metanutsleppa frå avfallsdeponi i dag om lag 2 prosent av klimagassutsleppa her i landet, det vil seie 1 million tonn CO2 ekvivalentar -- ein nedgang på 0,8 millionar tonn frå 1990.

Hushaldsavfall sendt til materialattvinning gjekk ned med 29 000 tonn frå 2008 til 2009. Det vart samstundes sendt 65 000 tonn meir avfall til forbrenning, og desse handteringsmåtane utgjer nå høvesvis 880 000 og 850 000 tonn. Av avfallet som blei brent i 2009, var 170 000 tonn sortert materiale, medan resten var blanda restavfall.

Attvinningsgraden aukar

Om ein i tillegg til avfall sendt til materialattvinning reknar med den delen av brent avfall som blei energiutnytta, utgjer mengda avfall attvunne 1,6 millionar tonn eller 76 prosent av alt hushaldsavfall i 2009. Dette er 4 prosentpoeng meir enn året før. I mengda avfall sendt til forbrenning med energiutnytting inngår også 60 000 tonn restavfall som blei eksportert til andre land. Eksporten er dobla frå 2008.

Målet til styresmaktene er 75 prosent attvinning innan 2010. Ein skal vere merksam på at målet gjeld alt avfall, og ikkje spesielt hushaldsavfall.

I 2008 var den gjennomsnittlege energiutnyttingsgraden ved norske avfallsforbrenningsanlegg 77 prosent. Tala for 2008 er berekna ut frå same utnyttingsgrad.

Nord-Trøndelag sorterer mest

Nord-Trøndelag ligg no på topp med 71 prosent utsortert for attvinning. Fire fylke sorterte ut mindre i 2009 enn i 2008. Om ein reknar med ei energiutnytting på 77 prosent frå forbrenning av restavfall og reine fraksjonar, hadde alle fylke levert meir til attvinning i 2009. Nordland hadde den største auken i både utsortering og attvinningsgrad frå 2008 til 2009, med høvesvis 8 og 10 prosentpoeng. Når det gjeld variasjon mellom kommunanes satsing på slike ordningar og mengdene som blir sortert ut for attvinning, kan ulike transportavstandar til attvinningsbedrifter vere ei av forklaringane.

Renovasjonsordningane varierer

Om lag 95 prosent av husstandane har no tilbod om henting av papp og papir ved heimen. Delen som har tilbod om henting av plast, auka frå 47 prosent i 2008 til 71 prosent i 2009.

For dei kommunane som hadde rapportert inn data om renovasjonsordninga, hadde om lag ein tredel oppgitt henting av matavfall minst ein gong i veka. 82 prosent av kommunane har tilbod om mottak av grovavfall på betente attvinningsstasjonar utanom vanleg arbeidstid.

Ved innsamling av avfall med renovasjonsbil og på mottaksstasjon kan det vere vanskeleg å registrere hushaldsavfall og næringsavfall kvar for seg. Tala er korrigerte for desse forholda så godt det let seg gjere ut frå opplysningar frå kommunane.

Hushalda på Svalbard kastar lite

Busette i Longyearbyen kasta i snitt 203 kg kvar i 2009, mindre enn halvparten av det dei busette på fastlandet kasta. Longyearbyen har teke i bruk matavfallskvernar til bruk i hushalda, noko som er med på å redusere mengda hushaldsavfall. Andre forklaringar kan liggje i det spesielle busetnadsmønsteret med korte opphald og mindre bustader. Om lag 40 prosent av hushaldsavfallet blei sortert ut for attvinning, og alt restavfallet blei sendt til fastlandet.

Om lag midt på treet i Europa

I ei samanlikning mellom land i Europa for mengda kommunalt avfall, har Statistisk sentralbyrå berekna at Noreg låg på 490 kg per innbyggjar i 2008, noko som er 34 kg mindre enn snittet i Europa. Kommunalt avfall vil seie alt forbruksavfall frå næringslivet som vert teke hand om i kommunal verksemd i tillegg til hushaldsavfallet.

Samanlikning av mengd kommunalt avfall i ulike land er uviss. Kva som reknas med, og korleis renovasjonen er organisert, varierer mellom landa.

Meir informasjon

Temaside for avfall

Nasjonalrekneskap og miljø

Avfallsregnskapet

Miljøstatus i Noreg

Tabeller: