5,3 prosent auke i skatteinnbetalingane
Publisert:
I første halvår 2018 blei det betalt inn 424 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 22 milliardar meir enn i den same perioden i 2017.
- Tala er henta frå
- Skatterekneskap
- Artikkelen er del av serien
- Skatterekneskap (arkiv)
Det er spesielt skattar på utvinning av petroleum som trekkjer opp innbetalingane i første halvår. Til no i år er det betalt inn 46 milliardar kroner i petroleumsskatt, viser skatterekneskapen. Dette er nærare 20 milliardar meir enn i første halvår i fjor. Nivået på desse innbetalingane ligg framleis lågare enn i tidsrommet fram til 2015.
Figur 1. Innbetalt petroleumsskatt. Januar - juli. Milliardar kroner.
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
Ordinær skatt på utvinning av petroleum | 37.014 | 25.594 | 33.108 | 41.451 | 44.391 | 36.136 | 26.058 | 13.297 | 9.863 | 16.567 |
Særskatt på utvinning av petroleum | 63.188 | 41.169 | 54.297 | 67.917 | 74.551 | 58.382 | 43.395 | 20.783 | 16.009 | 28.94 |
Auka innbetalingar frå personlege skattytarar
Personlege skattytarar har betalt inn 335 milliardar kroner til no i år. Dette er ein auke på 3 prosent frå første halvår 2017. Av desse innbetalingane gjekk 86 milliardar kroner til staten, 94 milliardar til kommunar og fylkeskommunar, og 155 milliardar var innbetalingar til folketrygda.
Nedgang frå upersonlege skattytarar
Innbetalingar frå upersonlege skattytarar utanom petroleumsskattane har gått ned med 9,6 prosent. Dette heng saman med høge innbetalingar av fellesskatt frå finansnæringa i første halvår i fjor. Samanlikna med første halvår for to år sidan er innbetalingane frå upersonlege skattytarar i år om lag 11,7 prosent høgare. Dei høge innbetalingane i fjor førte også til ein sterk auke i samla skatteinnbetalingar for Oslo med ein påfølgande nedgang i år.
Figur 2. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - juni akkumulert. Prosentvis endring
2017-2018 | 2016-2017 | |
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen | 0.8 | 5.2 |
Finnmark Finnmárku | 3.6 | 3.9 |
Troms Romsa | 3.3 | 5.6 |
Nordland | 3.5 | 6.8 |
Trøndelag | 2.3 | 1.3 |
Møre og Romsdal | 4.5 | 0.3 |
Sogn og Fjordane | 3.5 | 3.7 |
Hordaland | 4.2 | 2.1 |
Rogaland | 3.5 | -6.3 |
Vest-Agder | -1.0 | -6.2 |
Aust-Agder | 0.9 | 1.5 |
Telemark | 4.2 | 5.0 |
Vestfold | 2.4 | 1.2 |
Buskerud | 3.7 | 2.4 |
Oppland | 3.4 | 2.6 |
Hedmark | 3.5 | 2.5 |
Oslo | -6.9 | 19.8 |
Akershus | 3.2 | 4.1 |
Østfold | 3.9 | 2.5 |
Faktaside
Kontakt
-
Eivind Andreas Sirnæs Egge
-
Aina Johansen
-
Christopher Okazaki Hansen
-
Bjørn Gran-Henriksen
-
SSBs informasjonstjeneste