657 milliardar kroner i samla skatteinnbetalingar
Publisert:
Hittil i år er det betalt inn 657 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er drygt 27 milliardar meir enn det som vart betalt i den same perioden i fjor.
- Tala er henta frå
- Skatterekneskap
Ifølgje skatterekneskapen står dei personlege skattytarane så langt i år for 537 milliardar kroner av dei samla innbetalingane. Dei upersonlege skattytarane utanom oljeselskapa har betalt inn 63 milliardar. Til saman har personlege og upersonlege skattytarar utanom oljeselskapa auka innbetalingane sine med 21 milliardar.
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - oktober akkumulert. Prosentvis endring
2016-2017 | 2015-2016 | |
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen | 4.0 | 3.1 |
Finnmark Finnmárku | 3.8 | 3.2 |
Troms Romsa | 5.4 | 7.5 |
Nordland | 5.7 | 4.8 |
Nord-Trøndelag | 2.5 | 3.4 |
Sør-Trøndelag | 1.7 | 4.6 |
Møre og Romsdal | 1.3 | -0.6 |
Sogn og Fjordane | 4.0 | 3.1 |
Hordaland | 1.9 | 1.3 |
Rogaland | -4.7 | 1.7 |
Vest-Agder | -3.8 | 1.0 |
Aust-Agder | 4.2 | 3.0 |
Telemark | 5.3 | 1.6 |
Vestfold | 2.0 | 3.6 |
Buskerud | 2.6 | 3.0 |
Oppland | 2.5 | 3.8 |
Hedmark | 2.7 | 4.7 |
Oslo | 13.1 | 2.7 |
Akershus | 3.2 | 5.4 |
Østfold | 3.1 | 5.4 |
Per oktober 2017 ligg dei innbetalte oljeskattane på drygt 56 milliardar kroner, noko som svarar til ein auke på nesten 6 milliardar jamført med den same perioden i fjor. Dette er fyrste gong at dei akkumulerte oljeskattane er høgare i 2017 enn i 2016. Ved årsskiftet utgjorde oljeskattane 5,4 prosent av dei samla skatteinnbetalingane. I oktober er denne delen 8,6 prosent.
Figur 2. Samlet skatt på utvinning av petroleum i prosent av totale skatteinnbetalingar
Del | |
Des. 2008 | 31.7 |
Jun. 2009 | 25.6 |
Des. 2009 | 23.8 |
Jun. 2010 | 17.9 |
Des. 2010 | 22.1 |
Jun. 2011 | 21.4 |
Des. 2011 | 25.8 |
Jun. 2012 | 24.4 |
Des. 2012 | 26.9 |
Jun. 2013 | 25.1 |
Des. 2013 | 23.5 |
Jun. 2014 | 20.6 |
Des. 2014 | 20.3 |
Jun. 2015 | 15.8 |
Des. 2015 | 13 |
Jun. 2016 | 8.2 |
Des. 2016 | 5.4 |
Jun. 2017 | 6.1 |
Aug. 2017 | 7.4 |
Okt. 2017 | 8.6 |
Innbetalingane til stats- og kommuneforvaltninga har auka auka med til saman 15 milliardar kroner samanlikna med den same perioden i fjor. Av fylkeskommunane er det berre Vest-Agder og Rogaland som opplever negativ vekst i skatteinnbetalingane mellom i fjor og i år. Folketrygda har hittil i år motteke 251 milliardar kroner, noko som svarar til en auke på 2,6 prosent jamført med i fjor.
Faktaside
Kontakt
-
Eivind Andreas Sirnæs Egge
-
Aina Johansen
-
Christopher Okazaki Hansen
-
Bjørn Gran-Henriksen
-
SSBs informasjonstjeneste