91 milliardar i samla skatteinnbetalingar i januar

Publisert:

Dei samla skatteinnbetalingane i januar utgjorde 91 milliardar kroner. Samanlikna med januar 2017 svarar dette til ein auke på nesten 2 prosent.

Dei personlege skattytarane stod nesten i sin heilskap for dei innbetalte skattane, medan dei upersonlege skattytarane utanom petroleumsselskapa betalte inn 732 millionar kroner av det samla beløpet. Det vart i januar ikkje innbetalt skatt på utvinning av petroleum, som innbetalast i partallsmånadane. Snarare vart det betalt ut skatt og renter til gode til oljeselskapa.

Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar akkumulert. Prosentvis endring

2017-2018 2016-2017
Østfold 4.1 4.8
Akershus -1.1 8.9
Oslo 3.2 7.2
Hedmark 0.1 4.3
Oppland 2.2 4.8
Buskerud 5.4 3.7
Vestfold 2.9 5.4
Telemark 1.9 7.3
Aust-Agder 6.8 1.5
Vest-Agder 2.1 0.8
Rogaland 1.6 -5.4
Hordaland 2.6 5.8
Sogn og Fjordane 3.2 3.5
Møre og Romsdal 2.2 2.3
Trøndelag 3.8 4.2
Nordland 3.5 4.1
Troms Romsa 1.6 6.2
Finnmark Finnmárku 2.7 2.5
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen 2.3 4.3

Faktaside