Statistikk innhold

Statistikk om

Skatterekneskap

Statistikken viser dei akkumulerte skatteinnbetalingane ved utgangen av kvar månad. Innbetalingane er fordelte på skatt frå personar og upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar.

Oppdatert: 18. mars 2025
Neste oppdatering: 16. april 2025

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    Februar 2023Februar 2024Februar 2025
    Samla innbetalingar utanom petroleum177193195
    Skatt til kommuneforvaltninga323233
    Skatt til staten859193
    Innbetalingar til folketrygda617070
    Skatt på utvinning av petroleum1277768
    Standardteikn i tabellar
  • Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    Februar 2023Februar 2024Februar 2025
    Fordelte skattar i alt304 460270 686263 620
    Ordinær skatt til staten17 56920 31821 951
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum37 92324 62522 290
    Særskatt på utvinning av petroleum89 29352 78345 973
    Fellesskatt til staten66 31770 73770 351
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 5 2305 3105 328
    Ordinær skatt til primærkommunen26 30526 87027 627
    Medlemsavgift til folketrygda22 71123 21423 710
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 37 89146 85645 902
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar1 222-27487
    Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift123 307133 687138 159
    Ordinær skatt til staten12 88014 61816 424
    Fellesskatt til staten18 39317 78219 627
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 5 0525 1725 186
    Ordinær skatt til primærkommunen25 37226 12526 877
    Medlemsavgift til folketrygda22 49723 16123 655
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 37 89146 85645 902
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar1 223-27487
    Upersonlege skattytarar180 898136 744125 208
    Ordinær skatt til staten5 1585 6495 477
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum37 92324 62522 290
    Særskatt på utvinning av petroleum89 29352 78345 973
    Fellesskatt til staten47 71952 88350 656
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 124124125
    Ordinær skatt til primærkommunen681681686
    Renter m.m.3 255255252
    Ordinær skatt til staten3 -4695150
    Fellesskatt til staten2067267
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 541517
    Ordinær skatt til primærkommunen2516464
    Medlemsavgift til folketrygda2145355
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 ...
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar4 -100
    1Frå og med april 1999 er skatten for Oslo fordelt på kommune og fylkeskommune.
    2Sentralt berekna arbeidsgjevaravgift for statstilsette er ikkje teken med.
    3Tvangsmulkt er teken med frå januar 2018.
    4Renteutgiftar tilknytta skatt på utbytte frå utanlandske aksjonærar teken med frå januar 2015.
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 16. mars 2022.

Skatteordningar

Fordelte skattar i alt

Summen av alle innbetalte skattar på dei ulike ordningane.

Personlege skatteytarar medrekna arbeidsgjevaravgift

Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift omfattar alle personlege skattytarar i inntektsåret. Personlege skattytarar betalar forskotsvis, enten ved forskotstrekk eller forskotsskatt. Forskotstrekk blir trekt av arbeidsgjevar før lønn blir utbetalt, og er lik forventa utlikna skatt for inntektsåret. Forskotsskatt blir betalt av formue og inntekt som ikkje det kan trekkast i på forskot.

Ordninga omfattar også arbeidsgjevaravgift som upersonlege skattytarar betalar inn, og skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar.

Upersonlege skattytarar

Ordninga omfattar alle upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar som blir likna som eigne skattesubjekt i året etter inntektsåret.

Renter m.m.

Ordninga omfattar til dømes renter på for seint betalt skatt, innkrevjingsinntekter og –utgifter, utgifter på grunn av avskriving m.m.

Skattearter

Ordinær skatt til staten

Ordinær skatt til staten omfattar formues- og inntektsskatt til staten frå personlege og upersonlege skattytarar. Inkluderer trinnskatt (tidlegare toppskatt) frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt på utvinning av petroleum

Ordinær skatt på utvinning av petroleum omfattar skatt på inntekt og formue frå petroleumsutvinning og røyrleidningstransport.

Særskatt på utvinning av petroleum

Særskatt på utvinning av petroleum er skatt utover ordinær skatt på utvinning av petroleum. Særskatten er innført grunna den store meiravkastninga som er knytt til utvinning av olje og gass.

Fellesskatt til staten

Fellesskatt til staten skal betalast av alle som er pliktige til å betale inntektsskatt til kommunen. Fellesskatten er berekna på same grunnlag som inntektsskatten til kommunane.

Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)

Ordinær skatt til fylkeskommunen omfattar skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt til primærkommunen

Ordinær skatt til primærkommunen omfattar formuesskatt og skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Medlemsavgift til folketrygda

Folketrygda blir mellom anna finansiert av medlemspremiar og arbeidsgjevaravgift. Medlemspremiar, eller trygdeavgift, til folketrygda blir rekna ut frå samla personinntekt. Trygdeavgift blir rekna etter tre satsar, etter om grunnlaget er løn, personinntekt frå næring eller pensjon.

Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda

Dette er ei avgift arbeidsgjevarar betalar for sine tilsette som ein del av finansieringa av folketrygda. Ho blir berekna som ein prosentsats av løn og godtgjeringar. Avgifta er differensiert slik at prosentsatsen avheng av næring og kvar arbeidsplassen er lokalisert.

Skatt til Svalbard

Skatt til Svalbard inkluderer skatt på inntekt frå personlege og upersonlege skattytarar samt medlemspremie til folketrygda. For meir informasjon, sjå Lov om skatt til Svalbard (29.11.1996).

Kreditorar

Skattekreditorane omfattar kommune, fylkeskommune, stat og folketrygd.

Ikkje relevant

Relatert innhold