Økonomisk statistikk, nasjonalrekneskap og makroøkonomisk planlegging

Statistisk sentralbyrå er hovudprodusenten av offisiell økonomisk statistikk og nasjonalrekneskap i Noreg, og har ei sterk forskingsavdeling, der fokus er på forsking og analyse innanfor økonomifeltet. Dette gjer at SSB kan gje samarbeidsland støtte til nasjonalrekneskap, økonomisk statistikk og makro- og mikroøkonomiske analysar (på engelsk). SSB støttar også verktøya NADABAS (nasjonalrekneskap, nadabas.net) og Statbus (Statistisk bedriftsregister, statbus.org).

Registerbasert statistikkproduksjon

Statistisk sentralbyrå har lenge vore i front når det gjeld bruk av administrative data til statistikkproduksjon – spesielt innanfor økonomisk statistikk og personstatistikk, inkludert folkeregistrering og befolkningsstatistikk (på engelsk). Innanfor det internasjonale statistikkmiljøet er registerbaserte løysingar ein aukande trend, og vi ser ei aukande interesse for bruk av registerdata for å produsere statistikk i samarbeidslanda våre.

Matsikkerheitsstatistikk

Styrke kapasiteten til dei nasjonale statistikkontora slik at matsikkerheitsstatistikk frå forbruksutgiftsundersøkingane i hushalda blir ein del av den vanlege statistikkproduksjonen. Les meir om COMESA og Statistisk sentralbyrås matsikkerheitsstatistikk (PDF på engelsk).

Menneskelege ressursar og opplæring

Menneske er nøkkelen til å produsere statistikk av høg kvalitet. SSB samarbeider med partnarar for i fellesskap å finne måtar å hjelpe medarbeidarane til å yte betre, gjennom opplæring og kapasitetsutvikling. SSB samarbeider med andre statistikkontor for å identifisere opplæringsbehov og etablere opplæringsprogram og opplæringssenter, med fokus på å styrke intern opplæring.

Samarbeid om moderne personalleiing: for å få fram det beste i menneska må kollegaene våre ha relevant kompetanse, ressursar og leiingsstøtte. SSB samarbeider med leiarar i partnarinstitusjonane for å utvikle miljø der tilsette kan trivast og utvikle statistikk av høg kvalitet.

Energistatistikk

Tilgang til energi kan påverke menneskas liv. ‘Impact Access to Sustainable Energy Survey’ (IASES) vart gjennomført i samarbeid mellom National Bureau of Statistics in Tanzania (NBS), Instituto Nacional de Estatística i Mosambik (INE) og Statistisk sentralbyrå (SSB) mellom 2018 og 2024. Prosjektet fekk støtte frå Norad, direktoratet for utviklingssamarbeid.

Rapportar frå dei to under­søkingane som blei utførte i Tanzania og Mosambik, saman med dokumentasjon og anna hjelpemateriale er samla i ei kunnskapsplattform for IASES (på engelsk).

Andre fagområde vi støttar

  • Kommunikasjon og påverknadsarbeid
  • Kvalitetssikring og Generic Statistical Business Process Model (GSBPM)
  • IT-vurderingar
  • Havrekneskap og miljøstatistikk
  • Styringsstatistikk (PRAIA-gruppa)
  • Statistikk over flyktningar, internt fordrivne (IDP) og statslause (EGRISS-gruppa)
  • Geodatastatistikk, nettskraping og andre kjelder (’Data for Now’)