Frå desember 2020 til desember 2021 auka kostnadene for byggjing av einebustader av tre og bustadblokker med høvesvis 16,9 prosent og 7,6 prosent. Materialkostnadene steig med høvesvis 33,6 prosent og 15,0 prosent i same periode for einebustad og bustadblokk.

I gjennomsnitt har samla byggjekostnader for einebustad av tre vore 10,4 prosent høgare i 2021 enn i 2020 medan materialkostandene har vore 20,5 prosent høgare. Tilsvarande tal for bustadblokk er høvesvis 6,2 prosent og 10,2 prosent.

Hovudårsaka til auken er at prisane på trelast har stige kraftig gjennom nesten heile 2021, med ein topp i september. Prisauken skuldast blant anna eit oppsving i etterspurnad under pandemien. Tilhøve på tilbodssida har og medverka til prisveksten internasjonalt. Mellom anna har barkbilleåtak på skog i Canada og Europa svekt produksjonen. I løpet av hausten har prisane gått noko ned men trelast var framleis 100 prosent høgare i desember 2021 enn i desember 2020.

Frå november til desember 2021 gjekk kostnadene for byggjing av einebustad av tre og bustadblokk ned med høvesvis 0,7 prosent og 0,4 prosent. Materialkostnadene for dei same bustadkategoriane fall med høvesvis 1,6 prosent og 0,4 prosent i same periode. Denne nedgangen er driven av fallande prisar på trelast, materialindeksen for trelast viser ein nedgang på 4,9 prosent den siste månaden.

Figur 1. Byggjekostnadsindeks for einebustad av tre og bustadblokk (2015=100) i perioden 2015-2021
Linjediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Måned.
Figuren har 1 Y akse som viser Indeks. Dataene varierer fra 98.8 til 135.9.
Highcharts.com
Figur 1. Byggjekostnadsindeks for einebustad av tre og bustadblokk (2015=100) i perioden 2015-2021
MånedEinebustad av tre i altBustadblokk i alt
2015M0198,899,1
2015M0299,299,5
2015M0399,399,6
2015M0499,899,8
2015M05100,1100
2015M06100,199,9
2015M07100,2100,1
2015M08100,3100,1
2015M09100,3100,2
2015M10100,6100,4
2015M11100,7100,7
2015M12100,7100,8
2016M01101100,9
2016M02101,1101,3
2016M03101,1101,2
2016M04102,1101,8
2016M05102,5102,3
2016M06102,7102,4
2016M07102,8102,7
2016M08103,1103
2016M09103,1102,9
2016M10103,4103,1
2016M11103,6103,4
2016M12103,8103,7
2017M01103,9103,8
2017M02104,2104,3
2017M03104,2104,4
2017M04104,8104,7
2017M05105,2105,1
2017M06105,2105,2
2017M07105,3105,2
2017M08105,5105,5
2017M09105,5105,5
2017M10106,1105,9
2017M11106,6106,3
2017M12106,8106,6
2018M01106,9107
2018M02107,3107,6
2018M03107,3107,7
2018M04108108,1
2018M05108,4108,5
2018M06108,5108,6
2018M07108,8108,9
2018M08109,3109,7
2018M09109,3109,8
2018M10109,8110,1
2018M11110,1110,1
2018M12110,2110,2
2019M01110,3110,7
2019M02110,6111
2019M03110,6111,1
2019M04111,1111,4
2019M05111,5111,9
2019M06111,5111,6
2019M07111,5111,6
2019M08112,1112,4
2019M09112,1112,2
2019M10112,3112,5
2019M11112,3112,4
2019M12112,3112,6
2020M01112,7113,1
2020M02112,9112,7
2020M03113112,4
2020M04113,9113,4
2020M05114,7114,2
2020M06114,7114
2020M07114,9114,4
2020M08115,4114,4
2020M09115,6114,3
2020M10115,5115
2020M11115,4115,2
2020M12115,4115,7
2021M01116,4117,5
2021M02116118
2021M03116,5118,4
2021M04120,5118,5
2021M05122119,4
2021M06125,3120
2021M07127121,7
2021M08132,3123
2021M09134,8123,1
2021M10135,2124,1
2021M11135,9125
2021M12134,9124,5