Til samanlikning var dei samla byggjekostnadene 6,3 prosent høgare i desember 2022 enn same månad året før, og i juni 2023 var tilsvarande vekst 4,4 prosent. Tolvmånadersveksten har med andre ord halde fram med å avta gjennom 2023 etter toppen på 15 prosent i november 2021, med ei utflating sidan sommaren. Vekstraten er nå på nivå med det som var normalt før pandemien, som figur 1 viser. 

Figur 1. BKI. Prosentvis endring frå same månad året før, desember 2019 - desember 2023

Frå desember 2022 til desember 2023 steig kostnadene for bygging av einebustadar av tre med 3,3 prosent og for bustadblokker med 3,1 prosent. Materialkostnadene økte med 3,0 prosent for einebustad og med 4,1 prosent for bustadblokk.

Materialkostnadene har flata ut

SSB publiserer eigne materialindeksar for viktige varegrupper som betong, betongelement, armeringsstål, konstruksjonsstål og trelast. Prisane på stål og trelast har halde fram med å falle gjennom 2023, men nedgangen ser ut til å ha flata ut det siste halvåret, sjå figur 2. Trelastprisane har gått ned med snaue 10 prosent sidan desember 2022, men ligg framleis 50 prosent høgare enn før pandemien. Prisane på betong og betongelement er høvesvis 13,6 og 4,1 prosent høgare enn i desember 2022.

Figur 2. Materialindeksar, desember 2019 - desember 2023. 2015=100

Årsvekst

Ved publiseringa av desembertala for byggjekostnadsindeksane for bustader lagar SSB òg tal for årsveksten. Årsveksten finn ein ved å rekne ut gjennomsnittet av dei tolv månadlege indeksane og samanlikne det med gjennomsnittet for året før. Årsveksten for byggjekostnadene dei to føregåande åra var på 8,7 prosent, medan den i 2023 enda på 4,4 prosent.