Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
BNP per innbyggjar i Noreg nest høgast i Europa
Noreg held stillinga som landet med Europas nest høgaste prisnivåjusterte bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggjar i 2004. Prisnivåjustert BNP per innbyggjar er høgast i Luxembourg, og lågast i dei nye medlemslanda i EU og i kandidatlanda.
Resultata for Noreg ligg 53 prosent over gjennomsnittet i dei 25 EU-landa (EU25), om lag 30 prosent over Sverige og Finland, og 25 prosent over nivået i Danmark. Portugal og Hellas har det lågaste BNP per innbyggjar mellom dei "gamle" medlemslanda i EU (EU15). I dei fleste av dei ti nye medlemslanda er prisnivåjustert BNP per innbyggjar stadig vesentleg lågare enn gjennomsnittet i EU. I Polen og i dei tre baltiske landa utgjer prisnivåjustert BNP per innbyggjar til dømes berre ein knapp tredel av Noreg sitt nivå.
Volumindeksar for
bruttonasjonalprodukt per innbyggjar, prisnivåjustert. Førebelse overslag. 2004. EU25=100 |
BNP per innbyggjar,
prisnivåjustert |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Luxembourg | 223 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noreg | 153 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Irland | 139 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sveits | 130 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Austerrike | 122 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 122 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nederland | 120 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 119 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Belgia | 119 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 116 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Island | 116 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 115 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Frankrike | 111 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 109 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Italia | 105 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Spania | 98 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hellas | 82 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kypros | 82 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Slovenia | 78 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Portugal | 73 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Malta | 72 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tsjekkia | 72 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ungarn | 61 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Slovakia | 52 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Estland | 50 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Litauen | 48 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Polen | 47 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kroatia | 46 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Latvia | 43 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Romania | 32 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bulgaria | 30 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyrkia | 29 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Eurostat. |
I undersøkinga er BNP per innbyggjar omrekna med kjøpekraftsparitetar, noko som tek høgde for skilnader i prisnivå mellom land. Overslaga baserer seg på førebelse nasjonalrekneskapstal for 2004 og framskrivingar av resultat frå den europeiske kjøpekraftsundersøkinga i 2003 .
Les pressemelding frå Eurostat .
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Birte Larsen Sandstå
E-post: birte.sandsta@ssb.no
tlf.: 92 60 56 03
-
Hamdi A. Mohamed
E-post: hamdi.mohamed@ssb.no
tlf.: 46 81 54 76
-
Norway-ppp@ssb.no
E-post: norway-ppp@ssb.no