Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Noreg har nest høgste BNP per innbyggjar
Eurostats førebelse overslag for 2011 viste at Noreg har det nest høgste prisnivåjusterte bruttonasjonalproduktet (BNP) per innbyggjar i Europa. Luxembourg har framleis det høgste BNP per innbyggjar.
Det norske BNP per innbyggjar, prisnivåjustert, var heile 89 prosent over gjennomsnittet i EU i 2011. Dernest følgde Sveits og Nederland i BNP-samanlikninga. BNP-nivå for Noreg var meir enn 50 prosent høgare enn BNP-nivå for dei andre nordiske landa. Land i Aust-Europa synte generelt eit lågare nivå på BNP per innbyggjar jamført med resten av Europa. I Luxembourg var BNP per innbyggjar 174 prosent høgare enn gjennomsnittet i EU-27, medan BNP-nivået i Albania låg 69 prosent under gjennomsnittet. Årsaka til det spesielt høge resultatet for Luxembourg er at landet har eit stort tal av utanlandske arbeidstakarar som medverkar til BNP, men som ikkje er inkludert i innbyggjartalet.
Skilnaden i personleg konsum (AIC) per innbyggjar var mindre. AIC per innbyggjar i Luxembourg var 50 prosent over gjennomsnitt i EU-27, medan Albania låg 66 prosent under gjennomsnittet. Nivået i Noreg var meir enn 20 prosent høgare enn AIC-nivået for dei andre nordiske landa.
Desse førebelse overslaga er basert på dei nyaste BNP-data for 2011 og dei siste tilgjengelege PPP- resultata. Reviderte anslag vil bli publisert i desember 2012.
Bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggjar blir ofte brukt som eit estimat på den materielle velstanden i eit land. Resultata i denne artikkelen viser BNP per innbyggjar omrekna etter kjøpekraftsparitetar (”prisnivåjustert BNP per innbyggjar”). Dette sikrar at ulikskapen i prisnivåa mellom landa vert tatt omsyn til. Personleg konsum (AIC) består av varer og tenester som faktisk blir forbrukte av enkeltpersonar, uavhengig av om desse varene og tenestene er kjøpt og betalt av hushald, av det offentlege, eller av frivillige organisasjonar. |
Les meir i Eurostats pressemelding
Tabeller:
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Birte Larsen Sandstå
E-post: birte.sandsta@ssb.no
tlf.: 92 60 56 03
-
Hamdi A. Mohamed
E-post: hamdi.mohamed@ssb.no
tlf.: 46 81 54 76
-
Norway-ppp@ssb.no
E-post: norway-ppp@ssb.no