Nedgangen var rekordstor frå 2021 til 2022, men den er omtrent like stor frå 2022 til 2023 som det no er oppdaterte tal for i statistikkbanken.

– Heilt frå 2017 har det vore nedgang i barn og unge som får barnevernstiltak, spesielt stor har reduksjonen vore det siste to åra, seier seniorrådgjevar Svetlana Beyrer.

Det kan vere fleire årsaker til dette. Oppvekstreforma som er i iverksett frå 2022, med mål om å styrke det førebyggjande arbeidet i kommunane, også utanfor barnevernet, og redusert innvandring av grupper som barnevernet har ansvaret for, kan ha hatt noko å seie for nedgangen.

Figur 1. Barn og unge med barnevernstiltak i løpet av året, etter aldersgrupper. 2021-2023
Liggende søylediagram med 3 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Aldersgrupper.
Figuren har 1 Y akse som viser Barn og unge med tiltak. Dataene varierer fra 1883 til 19494.
Highcharts.com
Figur 1. Barn og unge med barnevernstiltak i løpet av året, etter aldersgrupper. 2021-2023
Aldersgrupper202120222023
0-2 år2 3032 0461 883
3-5 år5 1194 4894 049
6-12 år19 49417 50715 910
13-17 år15 48114 85014 231
18-24 år8 1218 1057 881

Det er færre barn og unge med tiltak i alle aldersgrupper. Einaste unntak er dei aller eldste, noko som er naturleg etter at den øvre aldersgrensa for tiltak frå barnevernet vart auka frå 23 år til 25 år frå 2021, har talet på 23- og 24-åringar auka. Men ser vi på heile den eldste aldersgruppa, unge i alderen 18-24 år, dei som mottek ettervern frå barnevernet, var det også blant dei ein nedgang på nesten 3 prosent frå 2022 til 2023. Dette er ei gruppe som over tid har vore i vekst.

2 av 5 barn og unge med barnevernstiltak på slutten av året var plasserte i eit butiltak

Ved utgangen av 2023 fekk 30 800 barn og unge tiltak. Av desse budde to av fem, 12 400 barn og unge, i ulike plasseringstiltak frå barnevernet. Også blant plasserte barn og unge er det færre, ein reduksjon på vel 4 prosent frå utgangen av 2022 til utgangen av 2023. Ei plassering kan skje i ulike butiltak. Dei fleste bur i ein fosterheim, 73 prosent av dei som er plasserte på slutten av 2023, medan 14 prosent budde i bustad med oppfølging, og 8 prosent budde i barnevernsinstitusjon. Dei siste 5 prosentane av dei plasserte budde i meir mellombelse butiltak. 

Figur 2. Barn og unge med plasseringstiltak per 31. desember 2023, etter butiltak. Prosent
Sektordiagram med 4 sektorer.
Highcharts.com
Figur 2. Barn og unge med plasseringstiltak per 31. desember 2023, etter butiltak. Prosent
ÅrPer 31.12.2023
Barnevernsinstitusjonar7,7
Fosterheim73,2
Beredskapsheim utanom familie og nære nettverk / Mellombels heim i familie og nære nettverk5,4
Bustad med oppfølging13,6

Delen barn og unge som bur i fosterheim i familie og nære nettverk er aukande samanlikna med barn og unge som bur i fosterheim utanom familie og nære nettverk. Ved utgangen av 2023 budde 33 prosent av alle dei 9 100 barn og unge som budde i fosterheim, i ein fosterheim i familie og nære nettverk, dette er 6 prosentpoeng fleire enn ved utgangen av 2017.

Over halvparten av plasseringane som følgje av omsorgsvedtak

Ei plassering er grunngjeve av barnevernstenesta med ulike heimlar i barnevernslova. Vel halvparten av dei plasserte, 55 prosent, var plasserte som eit omsorgstiltak etter eit vedtak i barneverns- og helsenemnda. Eit slikt vedtak kan berre gjerast for barn under 18 år, og blir gjort om til eit hjelpetiltak om det vidareførast etter fylte 18 år. Om vi berre ser på aldersgruppa under 18 år var nesten 3 av 4 plasseringar grunngjeve ved eit omsorgsvedtak. Av dei barna som har eit omsorgsvedtak bur heile 92 prosent i fosterheim, denne prosentdelen har vore stabil over mange år.

41 prosent var plasserte som eit hjelpetiltak, blant desse budde godt over halvparten i fosterheim og 33 prosent i bustad med oppfølging. Vel tre prosent var plassert etter akuttlovheimlar, og nesten halvparten av desse budde i beredskapsheim utanom familie og nære nettverk, og 23 prosent i barnevernsinstitusjon. Omtrent 1,5 prosent var plasserte med grunngjeving i åtferdsheimlar i barnevernslova og 99 prosent av desse budde i institusjon.

Figur 3. Barn og unge med plasseringstiltak per 31. desember 2023, etter lovheimel. Prosent
Sektordiagram med 4 sektorer.
Highcharts.com
Figur 3. Barn og unge med plasseringstiltak per 31. desember 2023, etter lovheimel. Prosent
År2023
Omsorgstiltak bvl § 5-154,5
Akuttiltak bvl § 4-1 til § 4-53,1
Åtferdstiltak bvl § 6-1 og § 6-21,5
Plassert som eit hjelpetiltak bvl § 3-2 40,9

Kven melder til barnevernet og kva er innhaldet i meldinga?

Før barnevernet iverksett tiltak har dei fått ei melding om bekymring for eit barn som dei har undersøkt. Kven er det som melder til barnevernet? Tala viser at det er politi, barnevernstenesta og skole som oftast melder om bekymring for barn som ikkje allereie er i barnevernet. I figur 4 ser ein at også mor/far/føresette og lege/sjukehus/tannlege melder ofte.

Figur 4. Meldingar til barnevernet i løpet av året etter kven som melde, 2023. Prosent
Søylediagram med 23 søyler.
Figuren har 1 X akse som viser Melder.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Data range: 19.2 categories.
Highcharts.com
Figur 4. Meldingar til barnevernet i løpet av året etter kven som melde, 2023. Prosent
Melder2023
Politi18,3
Barnevernstenesta12,4
Skole10,1
Mor / far / føresette9,2
Lege / sjukehus / tannlege9
Anonym6,6
Andre privatpersonar6,2
Barnevernsvakt5,9
Barnehage3,9
Helsestasjon / skolehelsetenesta3,9
Andre offentlege instansar3,9
Familie for øvrig2,4
Psykisk helsevern for vaksne2,2
NAV (kommune og stat)1,8
Psykisk helsevern for barn og unge1,8
Asylmottak / UDI / innvandringsstyresmakt1
Krisesenter0,9
Familievernkontor0,7
Tenester og instansar med ansvar for oppfølging av personar med rusproblem0,5
Barnet sjølv0,5
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)0,2
Frivillige organisasjonar / idrettslag0,2
Utekontakt / fritidsklubb0,1

Innhaldet i meldingane er naturleg nok ulike og prega av kven som melder, kva oppgåve dei har i samfunnet eller kva relasjon dei har til barna. Medan politiet oftast melder om rusmisbruk og kriminalitet hjå foreldra, vald i heimen, og barnet sine kriminelle handlingar og åtferd, melder barnevernstenesta om vald i heimen og at barn er utsett for fysisk mishandling. Skolen melder også ofte om barn som er utsett for fysisk mishandling, i tillegg er barnet si åtferd ofte innhald i meldingar frå skolen. Lege/sjukehus/tannlege melder oftast om foreldra sine psykiske problem og deira rusmisbruk. Mor/far/føresette melder oftast om konflikt mellom foreldre som ikkje bur saman. Det er også ein god del anonyme som melder bekymring til barnevernet, mange av dei anonyme er bekymra for foreldra sitt rusmisbruk. Og det er også foreldra sitt rusmisbruk som er det mest vanlege å melde bekymring om viser figur 5.

Figur 5. Meldingar til barnevernet i løpet av året etter innhaldet i meldinga, 2023. Prosent
Søylediagram med 28 søyler.
Figuren har 1 X akse som viser Innhaldet i meldinga.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 0.1 til 18.4.
Highcharts.com
Figur 5. Meldingar til barnevernet i løpet av året etter innhaldet i meldinga, 2023. Prosent
Innhaldet i meldinga2023
Foreldra sitt rusmisbruk18,4
Vald i heimen / barnet vitne til vald i nære relasjonar17,1
Andre forhold ved foreldra / familien13,1
Høg grad av konflikt heime13,1
Foreldra sine psykiske problem / lidingar12,6
Barnet utsett for fysisk mishandling11,7
Andre forhold ved barnet sin situasjon10,7
Barnet si åtferd (2021-)10,7
Manglande sensitivitet og kjenslemessig tilgjengelegheit for barnet frå foreldra (2021-)8,4
Manglande vern av barnet frå foreldra (2021-)7,6
Konflikt mellom foreldre som ikkje bur saman (2021-)7,5
Barnet utsett for psykisk mishandling6,6
Barnet sine psykiske problem / lidingar5,5
Foreldra sin kriminalitet4,9
Barnet sine kriminelle handlingar (2021-)4,5
Manglande stimulering og regulering av barnet frå foreldra (2021-)4
Barnet sin rusmisbruk3,6
Manglande oppfølging av barnet sine behov for barnehage, skole og pedagogiske tenester frå foreldra (2021-)3,5
Barnet utsett for vanskjøtsel2,5
Barnet utsett for seksuelle overgrep2,3
Foreldra sin somatiske sjukdom1,6
Manglande oppfølging av barnet sine behov for helsetenester frå foreldra (2022-)1,6
Foreldra har vedvarande økonomiske problem / vedvarande låginntekt (2023-)1,5
Barnet manglar omsorgsperson1,4
Barnet sine relasjonsvanskar1,3
Foreldra sine kognitive vanskar (2023-)0,3
Barnet sine kognitive vanskar (2023-)0,2
Barnet utsett for menneskehandel (2021-)0,1