Du skal bruke statistikkbanken i denne oppgåva. Viss du treng opplæring i å bruke statistikkbanken, kan du finne hjelp nedst på sida.
Gå til statistikkbanktabell 05922 - sametingsvalet. Representantar og godkjende røyster per representant. Tabellen blir opna i eit eige vindauge. Når du er i tabellvindauget, finn du tala du skal bruke til å svare på spørsmåla 1 og 2 ved først å gjere det som står i desse tre ballpunkta:
- Last ned tal for statistikkvariablane «Representantar» og «Godkjende røyster pr. representant» for alle valkrinsar i 2021.
- Eksporter tabellen til Excel eller eit anna format som passar for deg. Du eksporterer via funksjonen «Lagre data som» i venstre marg i Statistikkbanken.
- Fjern celler med null i ved å trykke på knappen til venstre: Skjul tomme rader. Dette endrar ingenting, men gjer det lettare å lese tabellen.
Svar no på dei to spørsmåla:
- I gjennomsnitt for alle valkrinsar var det 355 røyster bak kvar representant som blei vald til Sametinget i 2021. Kva to valkrinsar kom nærast dette talet, på pluss- og minussida?
- Kva to valkrinsar hadde flest og færrast røyster bak representantane sine?
Om statistikkbanken
I dei to ballpunkta finn du korte rettleiingar om korleis du bruker statistikkbanken:
- rettleiingstekst til Statistikkbanken
- opplæringsvideo om Statistikkbanken i Vimeo, på litt over 3 minutt
Viss du ønsker å lære meir om statistikkbanken før du løyser oppgåvene i dette undervisningsopplegget om sametingsval, gå til opplegget Slik finner du tall i statistikkbanken på SSB skole.