Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis auke i raske private breiband
Veksten held fram blant dei faste private breibandabonnementa. Dei siste tre åra har talet på dessa abonnementa auka med omlag 1 prosent kvart einaste kvartal. Korrigerte opplysningar syner derimot at talet på bedriftsbreiband har gått svakt ned dei siste tre åra.
Det var 1 648 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Fastlands-Noreg ved utgangen av 4. kvartal 2011. Dette er ein auke på 70 000 i høve til same periode i 2010, og ein auke på om lag 15 000 abonnement samanlikna med 3. kvartal 2011.
Ved utgangen av 2008 nådde bedriftsmarknaden toppen i talet på faste breibandabonnement. Sidan den gong har talet gått ned med omlag 12 000 abonnement, til 136 000 abonnement. Det siste året har nedgangen vore på om lag 3 000 breibandabonnement.
Ny auke i hastigheita
Den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband har auka frå 10,7 Mbit/s i 3. kvartal til 11,4 Mbit/s i 4. kvartal 2011. Samstundes har medianverdien for private breiband auka frå 6,0 til 6,7 Mbit/s. Dette tyder på at auken har vore størst for dei abonnementa med hastigheit rundt medianverdien, det vil seie andre abonnement enn fibersamband.
Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har stige frå 7,7 Mbit/s i 3. kvartal til 8,4 Mbit/s i 4. kvartal 2011. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband auka frå 3,9 til 4,1 Mbit/s.
Dei private breibandsabonnementa med hastigheit over 8 Mbit/s, utgjorde 44 prosent i 4. kvartal 2011. Dette er ein auke frå 38 prosent i førre kvartal. Det tilsvarande talet for bedriftsmarknaden var 26 prosent, ein auke frå 23 prosent i 3. kvartal 2011.
I privatmarknaden er det framleis hushalda i Rogaland som har flest raske breiband. 65 prosent av alle abonnementa i fylket har ein hastigheit over 8 Mbit/s.
Oslo og Akershus har flest breibandsabonnement i hushalda
75 prosent av hushalda hadde breiband i 4. kvartal 2011. Dette er 1 prosent fleire enn i førre kvartal, og ein auke på 2 prosent frå 4. kvartal 2010. Oslo og Akershus er dei fylka med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, med om lag 80 prosent. Finnmark har stadig lågast breibandsdekning med 61 prosent, ein nedgang frå 63 prosent i 3. kvartal 2011.
Sentralitet1 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 131 731 | 66 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 90 117 | 70 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 266 987 | 72 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 1 159 024 | 77 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Sentralitet 2008, Kommuner 2008. |
Sentrale kommunar med høgaste del breibandsabonnement
Skilnadene mellom kommunane etter sentralitetsgrad er den same som før. Dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda med 77 prosent, medan 66 prosent av hushalda i dei minst sentrale kommunane har breiband.
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av husholda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 74,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 191,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0817 Drangedal | 99,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1046 Sirdal | 97,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1232 Eidfjord | 96,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 94,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1640 Røros | 94,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1241 Fusa | 93,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 92,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 91,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0521 øyer | 91,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0940 Valle | 90,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1828 Nesna | 89,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1151 Utsira | 89,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0544 øystre Slidre | 88,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 86,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 86,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0926 Lillesand | 86,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0230 Lørenskog | 85,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 85,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1252 Modalen | 84,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 84,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0520 Ringebu | 84,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1018 Søgne | 84,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Om datagrunnlagetDei mobile abonnementa er fjerna fordi denne delen av statistikken ikkje har vore fullstendig, og fordi desse abonnementa ikkje er mogeleg å fordele geografisk og etter hastigheit på same vis som med dei faste tilgangane. Post- og teletilsynet lagar også statistikk over dei mobile abonnementa, men dei tek ikkje omsyn til geografisk plassering eller hastigheit. Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste åra ligge på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 180. Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige, leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2011 er brukt i denne statistikken. Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, og likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt felles abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgjevar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå også undersøkinga " IKT i husholdningene ". Post- og teletilsynet hentar inn ulike slag data til ekomstatistikken, mellom anna tal på faste breiband i bedrifts- og privatmarknaden. Medan internettmålinga deler abonnementa etter kommune og hastigheit, skil PT etter kva for teknologi som vert nytta. Totaltala skal vere om lag dei same. Sjå Post- og teletilsynets statistikk . For meir informasjon , sjå Om statistikken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 4. kvartal 2011
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 4. kvartal 2011
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marknad. Berre aktive abonnement. Heile landet utan Svalbard
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement. 4. kvartal 2011. Kommune
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42