Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire og raskare private breiband
Talet på faste breiband har auka med om lag 4 prosent det siste året. Hastigheita for faste private breiband er om lag dobla dei to siste åra.
Det var 1 700 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Fastlands-Noreg ved utgangen av 3. kvartal 2012. Dette er ein auke på om lag 20 000 abonnement frå 2. kvartal 2012, og ein auke på 68 000 i høve til det same tidspunktet i 2011.
Utviklinga av abonnement i bedriftsmarknaden har stoppa opp, og faste abonnement har gått ned 1 prosent frå 3. kvartal 2011 til 135 000 i 3. kvartal 2012.
Ny auke i hastigheita
Den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband har stige frå 13,5 Mbit/s i 2. kvartal 2012 til 14,8 Mbit/s i 3. kvartal same året. Samstundes har medianverdien for private breiband auka frå 7,4 til 7,9 Mbit/s. I 3. kvartal 2010 var den gjennomsnittlege hastigheita 6,6 og medianverdien 4,1 Mbit/s.
Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har stige frå 9,9 Mbit/s til 10,3 Mbit/s frå det førre kvartalet. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband auka frå 4,7 til 4,9 Mbit/s. Hastigheita for bedriftsbreibanda har ikkje auka like mykje som dei private breibanda dei siste to åra, I 2010 var hastigheita for bedriftsbreibanda i gjennomsnitt 6,4 Mbit/s og 3,5 Mbit/s i medianverdi.
I 3. kvartal i år hadde nesten 50 prosent av dei private breibandsabonnementa ein hastigheit på over 8 Mbit/s. Dette er ein auke frå 47 prosent i kvartalet før. Tilsvarande tal for bedriftsmarknaden var 32 prosent i 3. kvartal, ein liten auke frå 31 prosent i 2. kvartal 2012.
Sentralitet1 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 136 152 | 67 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 92 347 | 71 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 274 094 | 73 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 1 197 532 | 78 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Sentralitet 2008, Kommuner 2008. |
Rogaland raskast
I privatmarknaden er det framleis hushalda i Rogaland som har flest raske breiband. 68 prosent av alle abonnementa i fylket har ein hastigheit på over 8 Mbit/s.
Oslo har flest breibandsabonnement i hushalda
På landsbasis hadde 76 prosent av hushalda breiband i 3. kvartal 2012. Auken er 2 prosentpoeng frå 3. kvartal 2011. Oslo er fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, med 84 prosent. Finnmark har stadig lågast privat breibandsdekning med 64 prosent, ein auke frå 62 prosent i det føregåande kvartalet.
Sentrale kommunar med høgaste del breibandsabonnement
Som tidlegare har dei sentrale kommunane flest breibandsabonnement i høve til hushalda, med 78 prosent. I dei minst sentrale kommunane er det 67 prosent av hushalda som har breiband.
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av husholda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 76,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 212,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0817 Drangedal | 115,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1241 Fusa | 109,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1232 Eidfjord | 103,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1046 Sirdal | 102,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1640 Røros | 96,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 95,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 95,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0521 øyer | 94,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0940 Valle | 93,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1828 Nesna | 92,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0834 Vinje | 91,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 91,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0544 øystre Slidre | 89,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1922 Bardu | 89,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 88,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 87,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1151 Utsira | 87,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 87,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0926 Lillesand | 86,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 86,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Om datagrunnlagetDei mobile abonnementa er fjerna fordi denne delen av statistikken ikkje har vore fullstendig, og fordi desse abonnementa ikkje er mogeleg å fordele geografisk og etter hastigheit på same vis som med dei faste tilgangane. Post- og teletilsynet (PT) lagar òg statistikk over dei mobile abonnementa, men dei tek ikkje omsyn til geografisk plassering eller hastigheit. Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 170. Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2012 er brukt i denne statistikken. Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, og likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt felles abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgjevar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå òg undersøkinga IKT i husholdningene . Post- og teletilsynet hentar inn ulike slag data til ekomstatistikken, mellom anna tal på faste breiband i bedrifts- og privatmarknaden. Medan internettmålinga deler abonnementa etter kommune og hastigheit, skil PT etter kva for teknologi som vert nytta. Totaltala skal vere om lag dei same. Sjå Post- og teletilsynet sin statistikk . For meir informasjon , sjå Om statistikken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement, fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 3. kvartal 2012
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement, fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 3. kvartal 2012
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement, fordelt etter marked. Berre aktive abonnement. Heile landet uten Svalbard
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement. 3. kvartal 2012. Kommune1
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42