Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Breibanda blei ein tredel raskare i 2012
Gjennomsnittshastigheita for faste private breiband auka med 37 prosent det siste året. For bedriftsbreiband er auken 31 prosent. Talet på faste breiband har gått opp om lag 4 prosent i denne perioden.
4. kvartal 2012 | 3. kvartal 2012 | 4. kvartal 2011 | 4. kvartal 2011 - 4. kvartal 2012 | ||
---|---|---|---|---|---|
Endring | Endring i prosent | ||||
Faste breiband i alt | 1 851 606 | 1 836 585 | 1 784 738 | 66 868 | 3,7 |
Private breiband | |||||
Talet på private breiband | 1 716 000 | 1 701 288 | 1 648 910 | 67 090 | 4,1 |
Private breiband per 100 hushald | 76,7 | 76,0 | 74,8 | 1,9 | 2,5 |
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s) | 15,6 | 14,8 | 11,4 | 4,2 | 36,8 |
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s) | 8,6 | 7,9 | 6,7 | 1,9 | 28,4 |
Bedriftsbreiband | |||||
Talet på bedriftsbreiband | 135 606 | 135 297 | 135 828 | -222 | -0,2 |
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s) | 11,0 | 10,3 | 8,4 | 2,6 | 31,0 |
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s) | 5,3 | 4,9 | 4,1 | 1,2 | 29,3 |
Det var 1 716 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Noreg med Svalbard ved utgangen av 4. kvartal 2012. Dette er ein auke på om lag 15 000 abonnement frå 3. kvartal 2012, og ein auke på 67 000 i høve til det same tidspunktet i 2011.
Utviklinga av abonnement i bedriftsmarknaden har stoppa opp, og talet på faste abonnement var 136 000 i 4. kvartal 2012.
Jamn auke i hastigheita
Den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband har stige frå 14,8 Mbit/s i 3. kvartal 2012 til 15,6 Mbit/s i 4. kvartal same året. Samstundes har medianverdien for private breiband auka frå 7,9 til 8,6 Mbit/s. I 4. kvartal 2011 var den gjennomsnittlege hastigheita 11,4 og medianverdien 6,7 Mbit/s.
Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har sidan det føregåande kvartalet stige frå 10,3 Mbit/s til 11,0 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband auka frå 4,9 til 5,3 Mbit/s.
I 4. kvartal 2012 hadde 51 prosent av dei private breibandsabonnementa ein hastigheit på over 8 Mbit/s. Dette er ein oppgang frå 49 prosent i kvartalet før. Tilsvarande tal for bedriftsmarknaden var respektive 34 prosent og 32 prosent.
Rogaland raskast
I Fastlands-Noreg er det framleis hushalda i Rogaland som har flest raske breiband. 69 prosent av alle private abonnement i fylket har ein hastigheit på over 8 Mbit/s. På Svalbard er talet heile 78 prosent. Den lågaste delen med raske private breiband har Oppland og Hedmark med respektive 35 og 36 prosent. Gjennomsnittshastigheita for private breiband er på 23,3 Mbit/s i Rogaland, medan Hedmark og Sogn og Fjordane har gjennomsnittstal under 10 Mbit/s.
Skilnadene mellom fylka er mykje mindre for bedriftsbreibanda. Delen med raske breiband over 8 Mbit/s varierer mellom 29 prosent i Oppland, Hedmark, Rogaland og Hordaland og 43 prosent i Møre og Romsdal. Gjennomsnittshastigheita for bedriftsbreiband er høgast i Oslo med 14,5 Mbit/s og lågast i Oppland med 8,1 Mbit/s.
Oslo har flest breibandsabonnement i hushalda
På landsbasis hadde 77 prosent av hushalda breiband i 4. kvartal 2012. Auken frå 4. kvartal 2011 er 2 prosentpoeng. Oslo er fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, med 84 prosent. På Svalbard er talet 96 prosent. Finnmark har stadig lågast privat utbreiing av breiband med 63 prosent.
Ikkje alle leverandørar er med i statistikkenÅpne og lesLukk
Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 170. Det kan framleis mangle nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som òg leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar kan førekome. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar.
Skilnad mellom talet på abonnement og talet på hushaldÅpne og lesLukk
Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, og likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt felles abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgjevar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42