Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Tekniske justeringar gir lågare vekst i breiband
Talet på faste private breiband har gått opp med om lag 6 000 det siste kvartalet. Gjennomsnittshastigheita for faste private breiband auka med 28 prosent det siste året. For bedriftsbreiband er auken 26 prosent.
1. kvartal 2013 | 4. kvartal 2012 | 1. kvartal 2012 | 1. kvartal 2012 - 1. kvartal 2013 | ||
---|---|---|---|---|---|
Endring | Endring i prosent | ||||
Faste breiband i alt | 1 856 774 | 1 851 606 | 1 808 196 | 48 578 | 2,7 |
Private breiband | |||||
Talet på private breiband | 1 721 667 | 1 716 000 | 1 671 911 | 49 756 | 3,0 |
Private breiband per 100 hushald | 76,2 | 76,7 | 74,7 | 1,5 | 2,0 |
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s) | 16,5 | 15,6 | 12,8 | 3,7 | 28,9 |
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s) | 9,1 | 8,6 | 7,2 | 1,9 | 26,4 |
Bedriftsbreiband | |||||
Talet på bedriftsbreiband | 135 107 | 135 606 | 136 285 | -1 178 | -0,9 |
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s) | 11,5 | 11,0 | 9,1 | 2,4 | 26,4 |
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s) | 5,5 | 5,3 | 4,4 | 1,1 | 25,0 |
Det var 1 722 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Noreg med Svalbard ved utgangen av 1. kvartal 2013. Dette er ein auke på om lag 6 000 abonnement frå 4. kvartal 2012 og ein vekst på 50 000 i høve til det same tidspunktet i 2012. Fleire større leverandørar av breiband har meldt at dei har lagt om rapporteringsrutinane dette kvartalet. Alle desse har rapportert færre private abonnement på grunn av denne tekniske omlegginga. Samla tyder dette mindre enn 1 prosent av talet på private breibandsabonnement, men i einskilde kommunar kan det gje større utslag.
Talet på abonnement i bedriftsmarknaden var om lag 135 000 også i 1. kvartal 2013, som i dei fem siste kvartala.
Jamn auke i hastigheita
Den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband har stige frå 15,6 Mbit/s i 4. kvartal 2012 til 16,5 Mbit/s i 1. kvartal 2013. Samstundes har medianverdien for private breiband auka frå 8,6 til 9,1 Mbit/s. I 1. kvartal 2012 var den gjennomsnittlege hastigheita 12,8 og medianverdien 7,2 Mbit/s.
Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har sidan det føregåande kvartalet stige frå 11,0 Mbit/s til 11,5 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband auka frå 5,3 til 5,5 Mbit/s.
I 1. kvartal 2013 hadde 53 prosent av dei private breibandsabonnementa ein hastigheit på over 8 Mbit/s. Dette er ein oppgang frå 51 prosent i kvartalet før. Tilsvarande tal for bedriftsmarknaden var respektive 36 prosent og 34 prosent.
Rogaland raskast
I Fastlands-Noreg er det framleis hushalda i Rogaland som har flest raske breiband. 70 prosent av alle private abonnement i fylket har ein hastigheit på over 8 Mbit/s. På Svalbard er talet heile 80 prosent. Den lågaste delen med raske private breiband har Sogn og Fjordane med 37 prosent. Gjennomsnittshastigheita for private breiband er på 23,9 Mbit/s i Rogaland, medan Finnmark har gjennomsnittstal på 9,7 Mbit/s.
Skilnadene mellom fylka er mykje mindre for bedriftsbreibanda. Delen med raske breiband over 8 Mbit/s varierer mellom 30 prosent i Oppland og 44 prosent i Møre og Romsdal. Gjennomsnittshastigheita for bedriftsbreiband er høgast i Oslo med 15,0 Mbit/s og lågast i Oppland med 8,4 Mbit/s.
Oslo har flest breibandsabonnement i hushalda
På landsbasis hadde 76 prosent av hushalda breiband i 1. kvartal 2013. Auken frå 1. kvartal 2012 er 1 prosentpoeng. På grunn av nye tal for hushald er dette lågare enn i kvartalet før. Oslo er fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, med 85 prosent. På Svalbard er talet 99 prosent. Finnmark har stadig lågast privat utbreiing av breiband med 63 prosent.
Ikkje alle leverandørar er med i statistikkenÅpne og lesLukk
Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 170. Det kan framleis mangle nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som òg leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar kan førekome. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42