Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Veksten i private breiband held fram
Talet på faste private breiband har gått opp med om lag 14 000 det siste kvartalet. Gjennomsnittshastigheita for faste private breiband auka med 25 prosent det siste året. For bedriftsbreiband er auken 24 prosent.
2. kvartal 2013 | 1. kvartal 2013 | 2. kvartal 2012 | 2. kvartal 2012 - 2. kvartal 2013 | ||
---|---|---|---|---|---|
Endring | Endring i prosent | ||||
Faste breiband i alt | 1 871 375 | 1 856 774 | 1 815 985 | 55 390 | 3,1 |
Private breiband | |||||
Talet på private breiband | 1 735 985 | 1 721 667 | 1 681 360 | 54 625 | 3,2 |
Private breiband per 100 hushald | 76,8 | 76,2 | 75,1 | 1,7 | 2,3 |
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s) | 16,9 | 16,5 | 13,5 | 3,4 | 25,2 |
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s) | 9,6 | 9,1 | 7,4 | 2,2 | 29,7 |
Bedriftsbreiband | |||||
Talet på bedriftsbreiband | 135 390 | 135 107 | 134 625 | 765 | 0,6 |
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s) | 12,3 | 11,5 | 9,9 | 2,4 | 24,2 |
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s) | 5,8 | 5,5 | 4,7 | 1,1 | 23,4 |
Det var 1 736 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Noreg med Svalbard ved utgangen av 2. kvartal 2013. Dette er ein auke på om lag 14 000 abonnement frå 1. kvartal 2013 og ein vekst på 55 000 i høve til det same tidspunktet i 2012.
Talet på abonnement i bedriftsmarknaden var om lag 135 000 også i 2. kvartal 2013, som i dei seks siste kvartala.
Jamn auke i hastigheita
Den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband har stige frå 16,5 Mbit/s i 1. kvartal 2013 til 16,9 Mbit/s i 2. kvartal 2013. Samstundes har medianverdien for private breiband auka frå 9,1 til 9,6 Mbit/s. I 2. kvartal 2012 var den gjennomsnittlege hastigheita 13,5 og medianverdien 7,4 Mbit/s.
Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har sidan det føregåande kvartalet stige frå 11,5 Mbit/s til 12,3 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband auka frå 5,5 til 5,8 Mbit/s.
I 2. kvartal 2013 hadde 54 prosent av dei private breibandsabonnementa ei hastigheit på over 8 Mbit/s. Dette er ein oppgang frå 53 prosent i kvartalet før. Tilsvarande tal for bedriftsmarknaden var respektive 38 prosent og 36 prosent.
Rogaland har dei raskaste private breibanda
I Fastlands-Noreg er det framleis hushalda i Rogaland som har flest raske breiband. 71 prosent av alle private abonnement i fylket har ei hastigheit på over 8 Mbit/s. På Svalbard er talet heile 81 prosent. Den lågaste delen med raske private breiband har Sogn og Fjordane med 38 prosent. Gjennomsnittshastigheita for private breiband er på 24,1 Mbit/s i Rogaland, medan Finnmark har gjennomsnittstal på 10,4 Mbit/s.
Skilnadene mellom fylka er mykje mindre for bedriftsbreibanda. Delen med raske breiband over 8 Mbit/s varierer mellom 32 prosent i Rogaland og 45 prosent i Møre og Romsdal. Gjennomsnittshastigheita for bedriftsbreiband er høgast i Oslo med 16,4 Mbit/s og lågast i Oppland med 9,3 Mbit/s.
Oslo har flest breibandsabonnement i hushalda
På landsbasis hadde 77 prosent av hushalda breiband i 2. kvartal 2013. Auken frå 2. kvartal 2012 er på 2 prosentpoeng. Oslo er fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, med 86 prosent. På Svalbard er talet 97 prosent. Finnmark har stadig lågast privat utbreiing av breiband med 64 prosent.
Ikkje alle leverandørar er med i statistikkenÅpne og lesLukk
Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 170. Det kan framleis mangle nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som òg leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar kan førekome. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42