Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nytt tilbod gjev lågare hastigheit for breibanda
Ein ny prisstruktur hos to leverandørar gjev lågare tal for hastigheit for breiband i 3. kvartal enn i 2. kvartal. Talet på faste private breiband har gått opp med om lag 16 000 i perioden. Derimot har gjennomsnittshastigheita for faste private breiband auka med 20 prosent det siste året.
3. kvartal 2013 | 2. kvartal 2013 | 3. kvartal 2012 | 3. kvartal 2012 - 3. kvartal 2013 | ||
---|---|---|---|---|---|
Endring | Endring i prosent | ||||
Faste breiband i alt | 1 886 050 | 1 871 375 | 1 836 585 | 49 465 | 2,7 |
Private breiband | |||||
Talet på private breiband | 1 752 352 | 1 735 985 | 1 701 288 | 51 064 | 3,0 |
Private breiband per 100 hushald | 77,5 | 76,8 | 76,0 | 1,5 | 2,0 |
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s) | 17,7 | 16,9 | 14,8 | 2,9 | 19,6 |
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s) | 9,2 | 9,6 | 7,9 | 1,3 | 16,5 |
Bedriftsbreiband | |||||
Talet på bedriftsbreiband | 133 698 | 135 390 | 135 297 | -1 599 | -1,2 |
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s) | 12,0 | 12,3 | 10,3 | 1,7 | 16,5 |
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s) | 4,5 | 5,8 | 4,9 | -0,4 | -8,2 |
Ein av dei største leverandørane av private breiband har endra tilbodet sitt til kundane. Endringa har ført til ei nedjustering av avtalt hastigheit for mange kundar. Dette verkar direkte på utrekninga av medianverdien , medan gjennomsnittet ikkje blir like sterkt påverka. Den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband har stige frå 16,9 Mbit/s i 2. kvartal 2013 til 17,7 Mbit/s i 3. kvartal 2013. Samstundes har medianverdien for private breiband gått ned frå 9,6 til 9,2 Mbit/s. I 3. kvartal 2012 var den gjennomsnittlege hastigheita 14,8 og medianverdien 7,9 Mbit/s.
Ein leverandør av bedriftsbreiband har òg justert tilbodet til kundane. For denne marknaden går både gjennomsnittet og medianverdien noko ned på grunn av denne justeringa. Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har sidan det føregåande kvartalet gått ned frå 12,3 Mbit/s til 12,0 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband gått ned frå 5,8 til 4,5 Mbit/s.
I 3. kvartal 2013 hadde 52 prosent av dei private breibandsabonnementa ein hastigheit på over 8 Mbit/s. Dette er ein nedgang frå 54 prosent i kvartalet før. Tilsvarande tal for bedriftsmarknaden var respektive 36 prosent og 38 prosent.
1 752 000 private breibandsabonnement totalt
Det var 1 752 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Noreg med Svalbard ved utgangen av 3. kvartal 2013. Dette er ein auke på om lag 16 000 abonnement frå 2. kvartal 2013 og ein vekst på 51 000 i høve til det same tidspunktet i 2012.
Talet på abonnement i bedriftsmarknaden var om lag 134 000 i 3. kvartal 2013. Dette er det lågaste talet sidan 1. kvartal 2007.
Rogaland har dei raskaste private breibanda
I Fastlands-Noreg er det framleis hushalda i Rogaland som har flest raske breiband. 74 prosent av alle private abonnement i fylket har ein hastigheit på over 8 Mbit/s. På Svalbard er den tilsvarande delen heile 81 prosent. Den lågaste delen med raske private breiband har no Hedmark med 35 prosent. Gjennomsnittshastigheita for private breiband er på 24,6 Mbit/s i Rogaland, medan Finnmark ligg lågast på lista med gjennomsnittstal på 10,7 Mbit/s.
Skilnadene mellom fylka er mykje mindre for bedriftsbreibanda. Delen med raske breiband over 8 Mbit/s varierer mellom 30 prosent i Oppland og 43 prosent i Møre og Romsdal. Gjennomsnittshastigheita for bedriftsbreiband er høgast i Oslo med 16,4 Mbit/s og lågast i Oppland med 8,7 Mbit/s.
Oslo har flest breibandsabonnement i hushalda
På landsbasis hadde 77 prosent av hushalda breiband i 3. kvartal 2013. Auken frå 3. kvartal 2012 er på 1 prosentpoeng. Oslo er fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, med 86 prosent. På Svalbard er talet 90 prosent. Finnmark har stadig lågast privat utbreiing av breiband med 64 prosent.
Ikkje alle leverandørar er med i statistikkenÅpne og lesLukk
Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 170. Det kan framleis mangle nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som òg leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar kan førekome. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42