Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Eitt av to private breiband raskare enn 10 Mbit/s
Trenden mot stadig raskare breiband held fram i 4. kvartal 2013: Då hadde halvparten av dei private breibanda ei hastigheit på meir enn 10 Mbit/s. Talet på faste private breiband har dessutan gått opp med om lag 27 000 sidan 3. kvartal.
4. kvartal 2013 | 3. kvartal 2013 | 4. kvartal 2012 | 4. kvartal 2012 - 4. kvartal 2013 | ||
---|---|---|---|---|---|
Endring | Endring i prosent | ||||
Faste breiband i alt | 1 915 584 | 1 886 050 | 1 851 606 | 63 978 | 3,5 |
Private breiband | |||||
Talet på private breiband | 1 778 933 | 1 752 352 | 1 716 000 | 62 933 | 3,7 |
Private breiband per 100 hushald | 78,7 | 77,5 | 76,7 | 2,0 | 2,6 |
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s) | 18,4 | 17,7 | 15,6 | 2,8 | 17,9 |
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s) | 10,2 | 9,2 | 8,6 | 1,6 | 18,6 |
Bedriftsbreiband | |||||
Talet på bedriftsbreiband | 136 651 | 133 698 | 135 606 | 1 045 | 0,8 |
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s) | 13,3 | 12,0 | 11,0 | 2,3 | 20,9 |
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s) | 5,5 | 4,5 | 5,3 | 0,2 | 3,8 |
I 4. kvartal 2013 nådde medianverdien for hastigheita for private breiband 10 Mbit/s. Dei nøyaktige tala viser ein auke frå 9,2 Mbit/s i 3. kvartal til 10,2 Mbit/s i 4. kvartal 2013. Samstundes har den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband stige frå 17,7 til 18,4 Mbit/s. I 4. kvartal 2012 var den gjennomsnittlege hastigheita 15,6 og medianverdien 8,6 Mbit/s.
Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har sidan det føregåande kvartalet auka frå 12,0 Mbit/s til 13,3 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband auka frå 4,5 til 5,5 Mbit/s.
I 4. kvartal 2013 hadde 55 prosent av dei private breibandsabonnementa ein hastigheit på over 8 Mbit/s. Dette er ein auke frå 52 prosent i kvartalet før. Tilsvarande tal for bedriftsmarknaden var respektive 39 prosent og 36 prosent.
1 779 000 private breibandsabonnement totalt
Det var 1 779 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Noreg med Svalbard ved utgangen av 4. kvartal 2013. Dette er ein auke på om lag 27 000 abonnement frå 3. kvartal 2013 og ein vekst på 63 000 i høve til det same tidspunktet i 2012.
Talet på abonnement i bedriftsmarknaden var om lag 137 000 i 4. kvartal 2013. Dette er ein liten auke på 3 000 i høve til kvartalet før og på 1 000 i høve til 4. kvartal 2012.
Rogaland har dei raskaste private breibanda
I Fastlands-Noreg er det framleis hushalda i Rogaland som har flest raske breiband. 74 prosent av alle private abonnement i fylket har ein hastigheit på over 8 Mbit/s. På Svalbard er den tilsvarande delen heile 82 prosent. Den lågaste delen med raske private breiband har Hedmark med 37 prosent. Gjennomsnittshastigheita for private breiband er på 24,7 Mbit/s i Rogaland, medan Finnmark ligg lågast på lista med gjennomsnittstal på 11,8 Mbit/s.
Skilnadene mellom fylka er mykje mindre for bedriftsbreibanda. Delen med raske breiband over 8 Mbit/s varierer mellom 32 prosent i Oppland og 46 prosent i Møre og Romsdal og Oslo. Gjennomsnittshastigheita for bedriftsbreiband er høgast i Oslo med 17,7 Mbit/s og lågast i Oppland med 9,4 Mbit/s.
Oslo har flest breibandsabonnement i hushalda
På landsbasis hadde 79 prosent av hushalda breiband i 4. kvartal 2013. Auken frå 4. kvartal 2012 er på 2 prosentpoeng. Oslo er fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, med 88 prosent. På Svalbard er talet 90 prosent. Finnmark har stadig lågast privat utbreiing av breiband, med 66 prosent.
Ikkje alle leverandørar med i statistikkenÅpne og lesLukk
Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har dei siste åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 160. Det kan framleis mangle nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som òg leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar kan førekome. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42