165225_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/aar
165225
Åtte av ti hushald har breiband
statistikk
2014-06-17T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Åtte av ti hushald har breiband

I 1. kvartal 2014 var det for første gang 80 private breiband per 100 hushald. Talet på faste private breiband har gått opp med om lag 32 000 frå 4. kvartal 2013.

Faste breibandsabonnement
1. kvartal 20144. kvartal 20131. kvartal 20131. kvartal 2013 - 1. kvartal 2014
EndringEndring i prosent
Faste breiband i alt1 944 5831 915 5841 856 77487 8094,7
Private breiband
Talet på private breiband1 810 7521 778 9331 721 66789 0855,2
Private breiband per 100 hushald80,178,776,23,95,1
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)19,218,416,52,716,4
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)11,110,29,12,022,0
Bedriftsbreiband
Talet på bedriftsbreiband133 831136 651135 107-1 276-0,9
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)14,313,311,52,824,3
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)6,15,55,50,610,9

På landsbasis hadde 80 prosent av hushalda breiband i 1. kvartal 2014. Auken frå 1. kvartal 2013 er på 4 prosentpoeng. Oslo er det fylket som har flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, med 89 prosent. På Svalbard er talet 97 prosent. Finnmark har stadig lågast privat utbreiing av breiband, med 67 prosent.

1 811 000 private breibandsabonnement totalt

Det var 1 811 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Noreg, inkludert Svalbard, ved utgangen av 1. kvartal 2014. Dette er ein auke på om lag 32 000 abonnement frå 4. kvartal 2013, og ein vekst på 89 000 i høve til 1. kvartal 2013.

Talet på abonnement i bedriftsmarknaden var om lag 134 000 i 1. kvartal 2014. Dette er ein liten nedgang på 3 000 i høve til kvartalet før, og ein nedgang på 1 000 i høve til 1. kvartal 2013.

Hastigheita for faste breiband aukar stadig

I 1. kvartal 2014 gjekk medianverdien for hastigheita på private breiband opp frå 10,2 Mbit/s i 4. kvartal, til 11,1 Mbit/s. Samstundes har den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband stige frå 18,4 til 19,2 Mbit/s. I 1. kvartal 2013 var den gjennomsnittlege hastigheita 16,5 og medianverdien 9,1 Mbit/s.

I 1. kvartal 2014 hadde 56 prosent av dei private breibandsabonnementa ein hastigheit på over 8 Mbit/s. Dette er ein auke frå 55 prosent i kvartalet før. Tilsvarande tal for bedriftsmarknaden var respektive 42 prosent og 39 prosent.

Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har sidan 4. kvartal 2013 auka frå 13,3 Mbit/s til 14,3 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband auka frå 5,5 til 6,1 Mbit/s.

Raskast private breiband i Rogaland

I Fastlands-Noreg er det framleis hushalda i Rogaland som har flest raske breiband over 8 Mbit/s. 75 prosent av alle private abonnement i fylket har ein slik hastigheit. På Svalbard er den tilsvarande delen heile 84 prosent. Den lågaste delen med raske private breiband på over 8 Mbit/s har Hedmark, med 40 prosent. Gjennomsnittshastigheita for private breiband er på 24,8 Mbit/s i Rogaland, medan Finnmark ligg lågast på lista med gjennomsnittstal på 13,1 Mbit/s.

Skilnadene mellom fylka er mykje mindre for bedriftsbreibanda. Delen med raske breiband over 8 Mbit/s varierer mellom 34 prosent i Oppland og 48 prosent i Møre og Romsdal og Oslo. Gjennomsnittshastigheita for bedriftsbreiband er høgast i Oslo med 19,2 Mbit/s og lågast i Oppland med 10,0 Mbit/s.

Ikkje alle leverandørar med i statistikkenÅpne og lesLukk

Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har dei siste åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 160. Det kan framleis mangle nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som òg leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar kan førekome. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar.