181556_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/aar
181556
Bråstopp i veksten for private breiband
statistikk
2014-09-08T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false
Statistikken viser hastighet og antall brebåndsabonnement hos private og bedrifter. I 2. kvartal 2014 ble det færre private bredbånd, mens hastigheten vokste rekordfort.

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Bråstopp i veksten for private breiband

Frå 1. til 2. kvartal 2014 fall talet på faste private breiband. Det er første gongen ein slik reduksjon er registrert. Samstundes har hastigheita på dei faste private breibanda auka med rekordfart.

Faste breibandsabonnement
2. kvartal 20141. kvartal 20142. kvartal 20132. kvartal 2013 - 2. kvartal 2014
EndringEndring i prosent
Faste breiband i alt1 942 4731 944 5831 871 37571 0983,8
Private breiband
Talet på private breiband1 809 1901 810 7521 735 98573 2054,2
Private breiband per 100 hushald80,180,176,83,34,3
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)23,119,216,96,236,7
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)17,811,19,68,285,4
Bedriftsbreiband
Talet på bedriftsbreiband133 283133 831135 390-2 107-1,6
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)15,114,312,32,822,8
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)6,66,15,80,813,8

Nedgangen i talet på faste private breiband var på 1 500 frå 1. kvartal i år. Dette er første gongen sidan målingane starta i 2002 at det ikkje er auke frå eitt kvartal til det neste. Det var 1 809 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Noreg, inkludert Svalbard, ved utgangen av 2. kvartal 2014. Samanlikna med 2. kvartal 2013 er det ein vekst på 73 000.

Talet på abonnement i bedriftsmarknaden var om lag 133 000 i 2. kvartal 2014. Dette er om lag det same som i kvartalet før, og ein nedgang på 2 000 i høve til 2. kvartal 2013.

Rekordstor auke i hastigheita for private breiband

I 2. kvartal 2014 gjekk medianverdien for hastigheita på private breiband opp frå 11,1 Mbit/s i 1. kvartal, til 17,8 Mbit/s. Samstundes har den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband stige frå 19,2 til 23,1 Mbit/s. I 2. kvartal 2013 var medianverdien 9,6 og den gjennomsnittlege hastigheita 16,9 Mbit/s.

I 2. kvartal 2014 hadde 65 prosent av dei private breibandsabonnementa ein hastigheit på over 8 Mbit/s. Dette er ein auke frå 56 prosent i kvartalet før. Tilsvarande del for bedriftsmarknaden auka frå 42 til 44 prosent.

Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har sidan 1. kvartal 2014 stige frå 14,3 Mbit/s til 15,1 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband gått opp frå 6,1 til 6,6 Mbit/s.

Flest raske private breiband i Rogaland

I Fastlands-Noreg er det framleis hushalda i Rogaland som har flest breiband med kapasitet over 8 Mbit/s. 77 prosent av alle private abonnement i fylket har ein slik hastigheit. På Svalbard er den tilsvarande delen heile 84 prosent. Den lågaste delen med private breiband på over 8 Mbit/s har Sogn og Fjordane, med 50 prosent. Gjennomsnittshastigheita for private breiband er høgast i Nord-Trøndelag, med 28,9 Mbit/s, medan Finnmark ligg lågast på lista med eit gjennomsnittstal på 13,1 Mbit/s.

Skilnadene mellom fylka er mykje mindre for bedriftsbreibanda. Delen med raske breiband over 8 Mbit/s varierer mellom 37 prosent i Oppland og 51 prosent i Oslo. Gjennomsnittshastigheita for bedriftsbreiband er høgast i Oslo med 20,6 Mbit/s og lågast i Oppland med 10,8 Mbit/s.

Åtte av ti hushald har faste breiband

På landsbasis hadde 80 prosent av hushalda breiband i 2. kvartal 2014, den same prosentdelen som kvartalet før. Auken frå 2. kvartal 2013 er på 3 prosentpoeng. Oslo er det fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda: 89 prosent. På Svalbard er delen 90 prosent. Finnmark har stadig lågast privat utbreiing av breiband, med 68 prosent.

Ikkje alle leverandørar med i statistikkenÅpne og lesLukk

Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har dei siste åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 160. Det kan framleis mangle nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som òg leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar kan førekome. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar.