181552_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/aar
181552
Kvaliteten på faste breiband gjer nye hopp
statistikk
2014-11-13T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false
Statistikken viser hastighet og antall bredbåndsdsabonnement hos private og bedrifter. I 3. kvartal 2014 økte tallet på private bredbånd, og hastigheten steg rekordfort.

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kvaliteten på faste breiband gjer nye hopp

I 3. kvartal 2014 heldt den kraftige auken i kvaliteten på faste breiband fram. Samstundes var nedgangen i talet på faste private breiband, som vi såg i 2. kvartal, snudd til ny auke.

Faste breibandsabonnement
3. kvartal 20142. kvartal 20143. kvartal 20133. kvartal 2013 - 3. kvartal 2014
EndringEndring i prosent
Faste breiband i alt1 964 0021 942 4731 886 05077 9524,1
Private breiband
Talet på private breiband1 830 3971 809 1901 752 35278 0454,5
Private breiband per 100 hushald81,080,177,53,54,5
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)26,723,117,79,050,8
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)18,917,89,29,7105,4
Bedriftsbreiband
Talet på bedriftsbreiband133 605133 283133 698-93-0,1
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)16,015,112,04,033,3
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)7,16,64,52,657,8

I 3. kvartal 2014 gjekk den gjennomsnittlege hastigheita på private breiband opp frå 23,1 til 26,7 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for hastigheita til private breiband stige frå 17,8 Mbit/s i 2. kvartal til 18,9 Mbit/s. I 3. kvartal 2013 var medianverdien 9,2 og den gjennomsnittlege hastigheita 17,7 Mbit/s.

I 3. kvartal 2014 hadde 66 prosent av dei private breibandsabonnementa ei hastigheit på over 8 Mbit/s. Dette er ein auke frå 65 prosent i kvartalet før. Tilsvarande del for bedriftsmarknaden gjekk opp frå 44 til 47 prosent i denne perioden.

Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har sidan 2. kvartal 2014 stige frå 15,1 Mbit/s til 16,0 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband gått opp frå 6,6 til 7,1 Mbit/s.

Kortvarig stopp i abonnementsveksten for private breiband

Nedgangen i talet på faste private breiband i 2. kvartal er i 3. kvartal snudd til ein ny auke på 21 000 abonnement. Det var 1 829 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Noreg, inkludert Svalbard, ved utgangen av 3. kvartal 2014. Samanlikna med 3. kvartal året før er det ein vekst på 78 000.

Talet på abonnement i bedriftsmarknaden var om lag 133 000 i 3. kvartal 2014. Dette er om lag det same som i kvartalet før, og jamvel det same som i 3. kvartal 2013.

Flest raske private breiband i Rogaland

I Fastlands-Noreg er det framleis hushalda i Rogaland som har flest breiband med kapasitet over 8 Mbit/s. 78 prosent av alle private abonnement i fylket har ei så høg hastigheit. På Svalbard er den tilsvarande delen heile 99 prosent. Den minste delen med private breiband på over 8 Mbit/s har Sogn og Fjordane, med 52 prosent. Gjennomsnittshastigheita for private breiband er høgast i Rogaland, med 35,7 Mbit/s, medan Finnmark ligg lågast på lista med eit gjennomsnittstal på 13,4 Mbit/s.

Skilnadene mellom fylka er mykje mindre for bedriftsbreibanda. Delen med raske breiband over 8 Mbit/s varierer mellom 38 prosent i Nord-Trøndelag og 53 prosent i Oslo. Gjennomsnittshastigheita for bedriftsbreiband er høgast i Oslo med 21,5 Mbit/s og lågast i Oppland med 11,2 Mbit/s.

Meir enn åtte av ti hushald har faste breiband

På landsbasis hadde 81 prosent av hushalda breiband i 3. kvartal 2014. Det er ein auke på 1 prosentpoeng frå kvartalet før. Auken frå 3. kvartal 2013 er på 3 prosentpoeng. Oslo er det fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda: 90 prosent. På Svalbard er delen 92 prosent. Finnmark har stadig lågast privat utbreiing av breiband, med 69 prosent.

Ikkje alle leverandørar med i statistikkenÅpne og lesLukk

Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har dei siste åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 160. Det kan framleis mangle nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som òg leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar kan førekome. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar.