219388_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/aar
219388
Svakaste eitårsvekst for faste breiband
statistikk
2015-06-12T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false
Statistikken viser hastighet og antall bredbåndsabonnement hos private og bedrifter. I 1. kvartal 2015 var det 42 000 flere private bredbåndsabonnement enn ett år før.

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svakaste eitårsvekst for faste breiband

Både når det gjeld talet på faste private breiband og det samla talet på faste breiband, er auken frå 1. kvartal 2014 til 1. kvartal 2015 den svakaste som nokon gong er registrert i løpet av eitt år. Auken i kvaliteten på faste breiband held derimot fram også i 1. kvartal.

Faste breibandsabonnement
1. kvartal 20154. kvartal 20141. kvartal 20141. kvartal 2014 - 1. kvartal 2015
EndringEndring i prosent
Faste breiband i alt1 985 8771 978 7571 944 58341 2942,1
Private breiband
Talet på private breiband1 853 0411 845 1451 810 75242 2892,3
Private breiband per 100 hushald78,878,580,1-1,3-1,6
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)29,928,319,210,755,7
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)21,020,411,19,989,2
Bedriftsbreiband
Talet på bedriftsbreiband132 836133 612133 831-995-0,7
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)18,216,814,33,927,3
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)8,67,76,12,541,0

Det var 1 853 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Noreg, inkludert Svalbard, ved utgangen av 1. kvartal 2015. Samanlikna med 1. kvartal året før er det ein vekst på 42 000. Medrekna talet på bedriftsbreibanda, som går ned med 1000, er samla auke på 41 000 det siste året. Dette er den svakaste veksten som er registrert i løpet av fire kvartal, etter at målinga tok til 2002.

Auken i hastigheita for faste breiband held fram

I 1. kvartal 2015 gjekk den gjennomsnittlege hastigheita på private breiband opp frå 28,3 til 29,9 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for hastigheita til private breiband stige frå 20,4 Mbit/s i 4. kvartal til 21,0 Mbit/s kvartalet etter. I 1. kvartal 2014 var medianverdien 11,1 og den gjennomsnittlege hastigheita 19,2 Mbit/s.

I 1. kvartal 2015 hadde 33 prosent av dei private breibandsabonnementa ein hastigheit på over 32 Mbit/s. Tilsvarande del for bedriftsmarknaden var 12 prosent.

Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har sidan 4. kvartal 2014 stige frå 16,8 Mbit/s til 18,2 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband gått opp frå 7,7 til 8,6 Mbit/s.

Flest raske private breiband i Rogaland

I Fastlands-Noreg er det framleis hushalda i Rogaland som har flest breiband med kapasitet over 32 Mbit/s. 59 prosent av alle private abonnement i fylket har ein så høg hastigheit. Den minste delen med private breiband på over 32 Mbit/s har Finnmark med 7 prosent. Gjennomsnittshastigheita for private breiband er høgast i Rogaland, med 40,8 Mbit/s, medan Finnmark ligg lågast også på denne lista med eit gjennomsnittstal på 15,9 Mbit/s.

Skilnadene mellom fylka er mykje mindre for bedriftsbreibanda. Delen med raske breiband over 32 Mbit/s varierer mellom 7 prosent i fleire fylke og 19 prosent i Oslo. Gjennomsnittshastigheita for bedriftsbreiband er høgast i Oslo med 25,2 Mbit/s og lågast i Oppland med 12,9 Mbit/s.

Svak auke i utbreiing av breiband

På landsbasis hadde 78,8 prosent av hushalda breiband i 1. kvartal 2015. Det er ein liten auke på 0,3 prosentpoeng frå kvartalet før. Samanlikna med 1. kvartal 2014 er det derimot ein nedgang på 1,3 prosentpoeng. Denne nedgangen heng saman med omlegginga av hushaldstatistikken som fikk verknad på desse tala i siste kvartal 2014.

Oslo er det fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda: 86 prosent. På Svalbard er delen 96 prosent. Finnmark har stadig lågast privat utbreiing av breiband: 68 prosent.

Ny definisjon av hushald påverkar talaÅpne og lesLukk

Frå og med 4. kvartal 2014 blir talet på hushald rekna ut ifrå tal per 1.1.2014. Dermed aukar talet på hushald totalt i takt med folkeauken. For mange mindre distriktskommunar fører nedgang i folketalet tilsvarande til ein nedgang i talet på hushald.

I tillegg fører nye definisjonar av hushald til store endringar i einskilde kommunar. Ugifte studentar blir no rekna som busette på studiestaden. Om lag halvparten av auken i talet på hushald frå 2013 til 2014 kjem på grunn av denne omlegginga. Dermed vil kommunar som er typiske studiestader, få ein markert auke i talet på hushald og ein tilsvarande nedgang i talet på private breiband per 100 hushald.

Få studentar har eige breibandÅpne og lesLukk

Tal for kommunar med relativt mange studieplassar tyder på at mange studentar ikkje teiknar eigne abonnement på privat breiband, men får gratis tilgang til dette via nettverket på studiestaden, anten dette er trådlaust eller via kabel. Desse kommunane vil derfor, etter omlegginga av definisjonen av hushald, komme dårlegare ut enn kommunar med same nivå på utbygging av breiband, sidan studentane utgjer ein rekkje hushald utan eigne breibands¬abonnement.

Ei endring i rapportering av breiband for studentar i Nesna kommune gjer til dømes at denne kommunen har ein ekstra stor reduksjon i talet på private abonnement i 4. kvartal 2014.