Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Over to millionar faste breiband
Summen av faste private breiband og bedriftsbreiband var i 2. kvartal 2015 for første gang over 2 millionar. Auken i kvaliteten på faste breiband held fram i same kvartal.
2. kvartal 2015 | 1. kvartal 2015 | 2. kvartal 2014 | 2. kvartal 2014 - 2. kvartal 2015 | ||
---|---|---|---|---|---|
Endring | Endring i prosent | ||||
Faste breiband i alt | 2 002 452 | 1 985 877 | 1 942 473 | 59 979 | 3,1 |
Private breiband | |||||
Talet på private breiband | 1 867 495 | 1 853 041 | 1 809 190 | 58 305 | 3,2 |
Private breiband per 100 hushald | 79,4 | 78,8 | 80,1 | -0,7 | -0,9 |
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s) | 31,5 | 29,9 | 23,1 | 8,4 | 36,4 |
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s) | 22,8 | 21,0 | 17,8 | 5,0 | 28,1 |
Bedriftsbreiband | |||||
Talet på bedriftsbreiband | 134 957 | 132 836 | 133 283 | 1 674 | 1,3 |
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s) | 19,1 | 18,2 | 15,1 | 4,0 | 26,5 |
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s) | 9,5 | 8,6 | 6,6 | 2,9 | 43,9 |
Det var 1 867 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Noreg, inkludert Svalbard, ved utgangen av 2. kvartal 2015. Samanlikna med 2. kvartal året før, er det ein vekst på 58 000. Medrekna 135 000 bedriftsbreiband når det samla talet på faste breiband 2 002 000 i 2. kvartal.
Auken i hastigheita for faste breiband held fram
I 2. kvartal 2015 gjekk den gjennomsnittlege hastigheita på private breiband opp frå 29,9 til 31,5 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for hastigheita til private breiband stige frå 21,0 Mbit/s i 1. kvartal til 22,8 Mbit/s. I 2. kvartal 2014 var medianverdien 17,8 og den gjennomsnittlege hastigheita 23,1 Mbit/s.
I 2. kvartal 2015 hadde 34 prosent av dei private breibandsabonnementa ein hastigheit på over 32 Mbit/s. Tilsvarande del for bedriftsmarknaden var 13 prosent.
Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har sidan 1. kvartal 2015 stige frå 18,2 Mbit/s til 19,1 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband gått opp frå 8,6 til 9,5 Mbit/s.
Flest raske private breiband i Rogaland
I Fastlands-Noreg er det hushalda i Rogaland som har flest breiband med kapasitet over 32 Mbit/s. 60 prosent av alle private abonnement i fylket har ein så høg hastigheit. Den minste delen med private breiband på over 32 Mbit/s har Finnmark med 7 prosent. Gjennomsnittshastigheita for private breiband er høgast i Rogaland, med 42,1 Mbit/s, medan Sogn og Fjordane ligg lågast på lista med eit gjennomsnittstal på 16,9 Mbit/s.
Skilnadene mellom fylka er mykje mindre for bedriftsbreibanda. Delen med raske breiband over 32 Mbit/s varierer mellom 5 prosent i Nord-Trøndelag og 20 prosent i Oslo. Gjennomsnittshastigheita for bedriftsbreiband er høgast i Oslo med 26,3 Mbit/s og lågast i Nord-Trøndelag med 13,3 Mbit/s.
Svak auke i utbreiing av breiband
På landsbasis hadde 79,4 prosent av hushalda breiband i 2. kvartal 2015. Det er ein auke på 0,6 prosentpoeng frå kvartalet før. Samanlikna med 2. kvartal 2014 er det ein nedgang på 0,9 prosentpoeng. Det heng saman med omlegginga av hushaldstatistikken som fekk verknad på desse tala frå og med 4. kvartalet 2014.
Oslo er det fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, på 86 prosent. På Svalbard er delen 99 prosent. Finnmark har stadig lågast privat utbreiing av breiband, med 69 prosent.
Ny definisjon av hushaldÅpne og lesLukk
Frå og med 4. kvartal 2014 reknast talet på hushald ut i frå tal per 1.1.2014. Dermed aukar talet på hushald totalt med folkeauken. For mange mindre distriktskommunar fører nedgang i folketalet til ein nedgang i talet på hushald.
I tillegg fører nye definisjonar av hushald til store endringar i einskilde kommunar. Ugifte studentar reknast no som busette på studiestaden. Om lag halvparten av auken i talet på hushald frå 2013 til 2014 skuldast denne omlegginga. Dermed vil kommunar som er typiske studiestader få ein markert auke i talet på hushald og ein tilsvarande nedgang i talet på private breiband per 100 hushald.
Studentar og breibandÅpne og lesLukk
Tal for kommunar med relativt mange studieplassar tyder på at mange studentar ikkje teiknar eigne abonnement på privat breiband, men får gratis tilgang til dette via studiestaden sitt nettverk, trådlaust eller via kabel. Desse kommunane vil derfor etter omlegginga av definisjonen av hushald, komme dårlegare ut enn kommunar med same nivå på utbygging av breiband, sidan studentane utgjer ein rekkje hushald utan eigne breibands-abonnement.
Ei endring i rapportering av breiband for studentar i Nesna kommune gjer at denne kommunen har ein ekstra stor reduksjon i talet på private abonnement i 4. kvartal 2014.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42