245543_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/aar
245543
Rogaland framleis raskast i landet
statistikk
2016-02-22T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false
Statistikken viser hastighet og antall bredbåndsabonnement hos private og bedrifter. I 4. kvartal 2014 sank private bredbånd per 100 husholdninger kraftig i mange kommuner etter nye husholdningstall.

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rogaland framleis raskast i landet

Halvparten av alle private breibandabonnement i Rogaland er raskare enn 40,5 Mbit/s. Fylket har også størst del av private breiband med kapasitet på 32 Mbit/s eller høgare, med 62 prosent av alle abonnement.

Faste breibandsabonnement
4. kvartal 20153. kvartal 20154. kvartal 20144. kvartal 2014 - 4. kvartal 2015
EndringEndring i prosent
Faste breiband i alt2 038 9862 017 0731 978 75760 2293,0
Private breiband
Talet på private breiband1 905 1201 882 5741 845 14559 9753,3
Private breiband per 100 hushald81,180,178,52,63,3
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)34,633,328,36,322,3
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)24,924,420,44,522,1
Bedriftsbreiband
Talet på bedriftsbreiband133 866134 499133 6122540,2
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)21,620,416,84,828,6
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)11,210,47,73,545,5

Auken i kvaliteten på faste breiband held fram i 4. kvartal i 2015. På landsbasis gjekk den gjennomsnittlege hastigheita på private breiband opp frå 33,3 Mbit/s i 3. kvartal til 34,6 Mbit/s i 4. kvartal. Medianverdien for nedlastinghastigheita gjekk opp frå 24,4 Mbit/s til 24,9 Mbit/s i same perioden. 38 prosent av abonnementa er no raskare enn 32 Mbit/s, mot 31 prosent i 4. kvartal 2014.

Finnmark på botn

I Finnmark er 15 prosent av dei private breibanda raskare enn 32 Mbit/s. I ingen andre fylke er det så få abonnement med hastigheit over 32 Mbit/s. Deretter følgjer Svalbard med 16 prosent og Sogn og Fjordane med 24 prosent. På andreplass etter Rogaland, ligg Vestfold og Nord-Trøndelag, der 45 prosent av dei private breibanda er raskare enn 32 Mbit/s.

Også gjennomsnittshastigheita for private breiband er lågast i Finnmark med 21,1 Mbit/s og høgast i Rogaland med 45,5 Mbit/s. Medianverdien til nedlastinghastigheita er lågast i Oppland og Hedmark, med omtrent 14 Mbit/s.

Bedriftsbreibanda med stor hastigheitsauke

Hastigheita på bedriftsbreiband har òg stige, både i forhold til førre kvartal og 4. kvartal i 2014. Her er gjennomsnittshastigheita no på 21,6 Mbit/s, og medianverdien for hastigheita er på 11,2 Mbit/s. Gjennomsnittshastigheita har auka med nesten 30 prosent sidan 4. kvartal 2014, medan medianhastigheita er opp heile 46 prosent.

Skilnadene mellom fylka er mykje mindre for bedriftsbreiband enn for private breiband. Delen med raske breiband over 32 Mbit/s varierer mellom 23 prosent i Oslo og 6 prosent i Nord-Trøndelag.

Auke i utbreiinga av private breiband

Det var i 4. kvartal 2015 for første gang over 1,9 millionar private breibandabonnement i Noreg, inkludert Svalbard. Sidan 3. kvartal i fjor, har det vore ein auke på litt over 20 000 abonnement. Medrekna omtrent 134 000 bedriftsbreiband er det samla talet på faste breiband 2 039 000 i 4. kvartal.

På landsbasis hadde no 81,1 prosent av hushalda breiband i 4. kvartal 2015, mot 80,1 prosent kvartalet før og 78,5 prosent i 4. kvartal i 2014.

Utbreiinga av breiband er framleis størst på Svalbard og i Oslo, med høvesvis 96 og 87 prosent av hushalda. Finnmark ligg lågast med 70 prosent av hushalda. Hordaland hadde størst auke, målt i prosentpoeng, i utbreiing av breiband sidan 4. kvartal i 2014. 84,8 prosent av hushalda hadde breiband i 4. kvartal 2015, mot 79,9 prosent i året før.

Studentar og breibandÅpne og lesLukk

Tal for kommunar med relativt mange studieplassar tyder på at mange studentar ikkje teiknar eigne abonnement på privat breiband, men får gratis tilgang til dette via studiestaden sitt nettverk, trådlaust eller via kabel. Desse kommunane vil derfor etter omlegginga av definisjonen av hushald, komme dårlegare ut enn kommunar med same nivå på utbygging av breiband, sidan studentane utgjer ein rekkje hushald utan eigne breibands-abonnement.

Ei endring i rapportering av breiband for studentar i Nesna kommune gjer at denne kommunen har ein ekstra stor reduksjon i talet på private abonnement i 4. kvartal 2014.

Ny definisjon av hushaldÅpne og lesLukk

Frå og med 4. kvartal 2014 reknast talet på hushald ut i frå tal per 1.1.2014. Dermed aukar talet på hushald totalt med folkeauken. For mange mindre distriktskommunar fører nedgang i folketalet til ein nedgang i talet på hushald.

I tillegg fører nye definisjonar av hushald til store endringar i einskilde kommunar. Ugifte studentar reknast no som busette på studiestaden. Om lag halvparten av auken i talet på hushald frå 2013 til 2014 skuldast denne omlegginga. Dermed vil kommunar som er typiske studiestader få ein markert auke i talet på hushald og ein tilsvarande nedgang i talet på private breiband per 100 hushald.