255698_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/aar
255698
Låg fart i innlandsfylka
statistikk
2016-09-14T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false
Statistikken viser hastighet og antall bredbåndsabonnement hos private og bedrifter. I 1. kvartal 2016 økte gjennomsnittshastigheten på private bredbånd kraftig.

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låg fart i innlandsfylka

Oppland og Hedmark har lågast medianverdi for nedlastingshastigheita på private breiband. Rogaland ligg på toppen, nær tre gongar så rask.

Faste breibandsabonnement
2. kvartal 20161. kvartal 20162. kvartal 20152. kvartal 2015 - 2. kvartal 2016
EndringEndring i prosent
Faste breiband i alt2 061 4082 047 0222 002 45258 9562,9
Private breiband
Talet på private breiband1 928 8251 914 4311 867 49561 3303,3
Private breiband per 100 hushald83,282,679,43,84,8
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)43,040,231,511,536,5
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)26,325,622,83,515,4
Bedriftsbreiband
Talet på bedriftsbreiband132 583132 591134 957-2 374-1,8
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)24,522,919,15,428,3
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)13,012,09,53,536,8

Medianverdien for nedlastingshastigheita ligg på 15,3 Mbit/s i Oppland og 15,5 Mbit/s i Hedmark. Finnmark og Sogn og Fjordane ligg også lågt med høvesvis 17,4 Mbit/s og 18,7 Mbit/s. I Rogaland er medianhastigheita på heile 42,8 Mbit/s.

Følgjande eksempel kan illustrere kva hastigheit har å seie: For å strøyme ei HD-sending over Internett krev fleire strøymetenester ei minste hastigheit på 5 Mbit/s. Det betyr at medan eit typisk privat abonnement i Oppland så vidt ville klart tre HD-sendingar samtidig, ville eit typisk abonnement i Rogaland klare åtte HD-sendingar samtidig og framleis ha kapasitet til overs.

Gjennomsnittshastigheita stig vidare

Gjennomsnittshastigheita for private breiband aukar frå 40,2 Mbit/s til 43,0 Mbit/s i andre kvartal for landet sett under eitt. Det siste året har gjennomsnittshastigheita stige med 36,5 prosent. Medianverdien for nedlastingshastigheita ligg på 26,3 Mbit/s. Denne har stige med 15,4 prosent det siste året – mindre enn gjennomsnittshastigheita.

Den store auken i gjennomsnittshastigheita det siste året skuldast i stor grad at talet på private breiband i den raskaste kategorien – frå 128 Mbit/s og raskare – har skote i veret. På landsbasis er det no 108 000 private breiband som er raskare enn 128 Mbit/s, mot omtrent 12 000 i andre kvartal i 2015. Auken i dei svært raske breibanda gir mindre utslag på medianhastigheita enn det gir på gjennomsnittshastigheita.

Rogaland med størst del «raske breiband»

Rogalendingane har den klart største delen med breiband på 32 Mbit/s eller raskare. Heile 63 prosent av breibanda i Rogaland er så raske, mot 40 prosent på landsbasis. På andreplass blant fylka ligg Nord-Trøndelag, der 48 prosent av dei private breibanda er raskare enn 32 Mbit/s.

På fastlandet har Finnmark berre 20 prosent av dei private breibanda over 32 Mbit/s.

Bedriftsbreibanda med stor hastigheitsauke

Hastigheita på bedriftsbreiband har òg stige, både i forhold til førre kvartal og 2. kvartal i 2015. Her er gjennomsnittshastigheita no på 24,5 Mbit/s, og medianverdien for hastigheita er på 13,0 Mbit/s.

Andelen med raske bedriftsbreiband over 32 Mbit/s varierer mellom 28 prosent i Oslo og 7 prosent i Nord-Trøndelag.

Auken i utbreiinga av private breiband held fram

Det var i 2. kvartal 2016 omtrent 1 929 000 private breibandabonnement i Noreg, inkludert Svalbard. Frå 1. kvartal i 2016 har det vore ein auke på omtrent 14 000 abonnement. Talet på bedriftsbreiband held seg på omtrent 133 000.

Medrekna bedriftsbreibanda er det samla talet på faste breiband 2 061 000 i 2. kvartal.

På landsbasis hadde 83 prosent av hushalda breiband i 2. kvartal 2016, mot 79 prosent i 2. kvartal i 2015. Ein del av denne oppgangen skuldast at vi i 1. kvartal endra til oppdaterte hushaldstal, som er rekna ut på ein ny måte og gir litt færre hushald.

Utbreiinga av breiband er framleis størst på Svalbard og i Oslo, med 91 prosent av hushalda. Finnmark ligg lågast med 72 prosent av hushalda.

Endra rutine for danning av hushaldÅpne og lesLukk

Mellom publisering av 4. kvartal 2015 og 1. kvartal 2016, publiserte SSB nye hushaldstal. Frå og med 1. kvartal 2016 vert talet på hushald rekna ut i frå tal per 1.1.2015. Nye rutinar for å rekne ut talet på hushald, gjer at talet på hushald blir litt lågare enn tala som blei brukt 4. kvartal 2015 og tidlegare. Andelen private abonnement per 100 hushald vil derfor få ein større auke enn den elles ville ha fått.

Meir informasjon om endringane på statistikksidene til Familier og husholdninger.